Rotteblod av Stig Ellingsen & Simen Ingemundsen

Den pålitelige politibetjenten Preben Opppegård møter ikkje opp på jobb, og ingen har høyrt frå han. Er det ein ny drapsmann i bygda? Dette er bok nr. 2 i serien om Berner og Storlien, og er ein rein oppfylgjer til «Spindelvevet».

  • Norsk tittel: Rotteblod
  • Forfattar: Stig Ellingsen & Simen Ingemundsen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 298
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Neglebitt Forlag

Stig Ellingsen har skrevet ei rekkje krimbøker med Bjørn Brenner og Hanne Berntsen som hovedkarakterer. Me treff Bjørn Brenner for fyrste gong i boka «Incubo» som kom ut i 2010.
Simen Ingemundsen er ein kjent bokblogger, som går under navnet BokTimmy. Han er også foredragsholdar, festivalsjef og arrangør for litterære arrangementer. No kan han også føre opp forfattar på CV’en sin.

Bygda Randaberg er enda i ein sjokktilstand etter at Erik Hansen klarte å unnslippa politiet etter fleire kidnappingssaker. No har politiet forsterka troppen med politibetjent, Preben Oppegård, som er ein stor, sterk og pålitelig person. Men førstepolitibetjent Bjørn Berner vert bekymra når Oppegård plutseleg ein dag ikkje kjem på jobb. Ein storstilt aksjon vert satt i sving for å finna han. Bygda vert nok ein gong ramma av frykt for at ein drapsmann går laus i den vesle bygda. Saka utvikler seg på ein måte som ingen i sin villaste fantasi kunne ha forutsett. Dette er bok nr. 2 i serien om Berner og Storlien.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Rotteblod».

Denne boka er ein rein oppfylgjer til «Spindelvevet», og eg vil på da sterkaste anbefala å lesa dei i kronologisk rekkefølge, for å få da beste ut av serien.

Handlinga fortsett rundt 9 mnd etter der forrige bok slutta, så eg likte at vanlege personar som me vart kjent med i forrige roman, også er med i denne boka. Det gjer denne boka også veldig lettlest allereie frå fyrste side.

«Underbevisstheten prøvde å fortelle meg at jeg var innesperret i en likkiste, men jeg nektet i det lengste å innse det. Først da jeg hørte menigheten begynne å synge de siste sangene før jordfestelsen seg den sannheten inn.»

Eg skreiv i min bokanmeldelse av «Spindelvevet» at eg følge til tider at språket minna meg litt om ei ungdomsbok. Dette inntrykket vart ytterligare forsterka i denne boka. Eg merka eg vart fascinert av dette språket forfattarane nyttar. Ungdommeleg, men med eit voksent innhold. Dette gjer boka meget lettlest, og med korte og mange kapitlar flyr sidene unna i ein fei.

Eg skulle gjerne ynskja at forfattarane også innlemma litt meir av det som skjer i det private livet til spesielt Berner og Storlien. Eg vil ha nokre knaggar eg kan henga opp assosiasjoner til desse personane. I denne boka er Truls Storlien berre ein perifer person, noko som overraska meg litt. Men samtidig fekk politibetjent Audun Amundsen ein langt meir framtredande rolle. Eg følte at kanskje ikkje alt som skjedde i boka var like realistisk, men eg trudde på historia, noko som er det viktigste.

Berner & Storlien-serien kan bli ein veldig god og populær bokserie. Begge hovedpersonane er (hvertfall enn så lenge) sympatiske og omtenksomme personar, som ikkje lider av noko alkohol eller sexavhengighet, som me ofte les om i andre bøker. Noko som eg finn befriande.

I «Rotteblod» er det fleire bihistoriar, meir action og eit betre plott enn forrige bok. Det gleder meg å sjå at forfattarane virker langt sikrare og meir erfaren i denne romanen, og tar steg i rett retning.

Språket er veldig bra. Boka er lettlest og har eit godt driv, samtidig som spenninga vert opprettholdt til siste side. Dette er bygdekrim som eg varmt kan anbefala vidare. Eg gleder meg allereie stort til neste bok.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s