Enkepalasset av Anne Nyheim

Enkepalasset er ein morosam forteljing om annerledeshet og utenforskap i livet til nokre personar i ein bygård ein stad i Noreg. Dette er ein sjarmerande roman om folk som skjener litt sidelengs gjennom livet.

  • Norsk tittel: Enkepalasset
  • Forfattar: Anne Nyheim
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 337
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Poppeltårn Forlag

Anne Nyheim er forfattar, journalist og fotojournalist. «Enkepalasset» er hennes debutroman. Denne kom ut i januar 2020. Boka er innkjøpt av Kulturrådet.

Enkepalasset er ein bygård eit sted i Noreg. Vera Kaspersen kjøper ein leilighet i denne bygården når livet hennes tar ei uventet og brutal vending. Her vert ho kjent med ei rekkje merkverdige personer. Den unge Bokhandleren, som går i sikksakk for at ingen onde ånder skal fylgja etter han, og dørskilt har han sjølvsagt ikkje. Han vil jo ikkje at åndene skal finna ut kvar han bur. Leopold, som er redd for å få ei kanonkule i hovudet, fru Andersen som ikkje husker om ho har ete mat eller ikkje, og Elise som har overtatt dødsboet etter sin mors bortgang. Ho går berre ut for å vera usynleg på kyrkjegården. Dei tilfeldige møtene mellom desse personane byr på konflikter, tragedier, varmt vennskap og morosame forviklingar. Velkommen til Enkepalasset.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Enkepalasset».

Når eg byrja å lesa denne boka hadde eg ingen kjennskap til verken bok eller forfattar, anna at eg visste det var ein roman. Etter 3-4 sider var eg imidlertid solgt. Dette er ei bok med ei salig blanding av morosame og flotte karakterar.

Romanen inneheld god og varm humor, ispedd det brutale mange mennesker opplever i livet. For dette er ei bok som handlar om folk som har kommet litt skeivt ut i livet og som har ein tung bagasje å dra på. Dei er kanskje ikkje nokre A4-mennesker, og godt er det. Slike personar tilfører samfunnet meir positivt enn dei sjølv trur.

«-Takk, jeg har allerede spist. Eller har jeg ikke? Jeg vet ikke om jeg har spist. Jeg husker ikke, sier fru Andersen og skjuler øynene bak hånda. -Men er du sulten? -Jeg vet ikke? Har jeg spist, er jeg vel ikke det?«

Boka byrjar veldig bra. Mange morosamme episodar og dialogar. Eg var litt spent på om forfattar ville klara å holda dette nivået gjennom heile romanen. Her vil eg svara nei. Eg følar at progresjonen i historia stoppar litt opp halvvegs, og ein endar opp med å lesa om enkeltepisodar frå personane sitt liv, og hopping att og fram. Eg sakna ein raud tråd og eit mål for forteljinga.

Når dette er sagt, må eg seie at dette er ei veldig sjarmerande roman. Eg synes Anne Nyheim skriv lett og ledig med mange artige observasjonar i eit kvardagsliv. Det er ei lettlest bok om da å vera litt annleis. Å våga å vera seg sjølv, utan å tenke på kva andre meiner. Det oppstår mange artige situasjonar, der både englar, ånder, og spøkelser er nokre av ingrediensane. Og sanneleg er det ein elektrikar som trur han møter Jesus oppe i eit tre også.

«Enkepalasset» er gjennomsyra av herlege karakterar, som ein berre må bli glad i medan boka skrider fram. Alle har sitt å stri med. Mange sit einsame i si eiga leilighet, utan å veta at dei er meir like enn dei sjølv trur. Dette er personar som vil vera for seg sjølv, fordi dei er redde for å bry andre. Likevel passar dei på kvarandre, om enn på ein merkverdig måte, så har dei omsorg for dei som bur i bygården.

«Enkepalasset» er delt inn i ni delar, med mange små «kapitlar» med overskrift. Dette med overskrift synes eg passar denne boka veldig godt. Eine overskrifta er f.eks «Hælnaken». Årsaka til denne overskrifta er ein kvardagsleg observasjon som ein berre må smile godt av. Og smiler gjer ein ofte i denne boka. Nokre gongar er det morosamt fordi ein kan kjenna seg sjølv att, andre gongar fordi det er så usannsynleg og dumt at det blir morosamt.

Boka er som nevnt ikkje feilfri, men den vinner masse på sjarme. Eg håpar verkeleg at forfattar kjem ut med ein oppfylgjar til denne boka. Eg vil veldig gjerne lesa meir om dei fantastiske menneska i Enkepalasset! Denne romanen er perfekt som avkopling i ein stressa kvardag. Eg håpar mange vil lesa denne boka.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar