Høyt henger de av Lene Lauritsen Kjølner

Ein Osloadvokat heng frå eit rep på terrassen til Nilsens hytte. For Olivia Henriksen vert dette starten på ei ny og spennande kvardag. Dette er den fyrste boka i serien om privatetterforskar Olivia Henriksen.

  • Norsk tittel: Høyt henger de
  • Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
  • Sjanger: Krimroman
  • Antall sider: 288
  • Utgivelsesår: 2014
  • Utgiver: Schibsted Forlag

Lene Lauritsen Kjølner (Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no sju bøker (2020) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller.

Olivia Henriksen går turer med hunden sin rundt om på Ankerholmen utenfor Tønsberg. Ho er fråskilt og arbeidsledig. Dei to voksne barna hennes har flytta ut, og Olivia bur i eit hus på Ankerholmen i lag med bror sin, Oskar. Ho lever i ein litt fastlåst kvardag. Ein dag ho går tur med hunden sin, Dino, kjem ho over ein dinglande advokat frå Oslo. Fridtjof Prebensen heng frå eit rep på verandaen til Nilsens hytte. Politiet startar etterforskning. Denne advokaten var bopliktmotstandernes stjerneadvokat. For på Ankerholmen er bopliktsaken blitt eit hett tema, der lokalmiljøet er splittet, og det forsuret miljøet. Olivia Henriksen klarar ikkje å la vera å etterforska saka på eige hånd, og ho byrjar å sjekka ut dei mange lause trådane, med god hjelp frå nokre snakkesalige politimenn.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Høyt henger de».

Dette er den fyrste boka i serien om privatetterforskar Olivia Henriksen. Det er så langt kommet ut sju bøker i denne serien.

Lene Lauritsen Kjølner pleier å ha eit tema i bøkene sine. I «Høyt henger de» er det boplikt som er hovedtemaet. Ein ømfinteleg sak, både i bok, men også i samfunnet generelt.

Eg har lest fleire av hennes bøker i denne serien, så eg har byrja i litt feil ende. Men som med dei andre bøkene hennes er dette befriande lesning. Lun humor i vakre og idylliske miljøer, der eg som lesar blir dratt rett inn i Kjølners univers.

Hadde jeg ikke lest et sted at Hollywood-stjernene trodde fullt og fast på at det å smile ga dem rynker før tiden? Det måtte være noe sånt Katrine Prebensen levde etter. Jeg tenkte med skrekk og gru på hvordan de stramme kjevemusklene hennes måtte ha det. Plutselig åpnet hun munnen. Jeg innbilte meg at jeg hørte en knirkelyd.»

Denne boka handlar fyrst og fremst om å bli kjent med persongalleriet på Ankerholmen. Olivia Henriksen og beaglehunden Dino er hovedaktørane, og dei får me inngående kjennskap til. Det er vél så masse historie på det personlege planet, som sjølve etterforskninga i denne romanen. Men likevel er det aldri ei kjedeleg bok, sjølv om kanskje plottet ikkje er av det djupaste og mest innvikla slaget.

Eg syntes det var ein litt treg start på denne romanen. Men den tar seg fort opp. Og når historia er i ferd med å nå eit lite dødpunkt, kjem nye vendingar. Forfattar er dyktig til å heile tida komme med små drypp av avsløringar og spenning boka gjennom. Får ein «Miss Marple» assosiasjon i Olivia Henriksen, der ho snublar over mysterier, for så å gå rundt å snakke med folk og overhøyre sladder og rykter.

Så er det også slik at når det er humor inne i bildet, så kjem ein forfattar unna med det meste. Ikkje alt er kanskje like realistisk, men det gjer overhodet ingenting. For humoren er så lun og så godt beskrevet at ein gløymer realismen i historia fullstendig. Boka er lettlest og språket og skjærgårdsskildringane er strålande.

Eg håpar at mange får opp augene for Lene Lauritsen Kjølners bøker om Olivia Henriksen. Dette er krimbøker der forfattar har gått egne vegar og skriv på sin heilt særegne måte. «Kosekrim» er vel eit dekkande ord på romanene. Eg kan hvertfall varmt anbefale folk å lese «Høyt henger de».

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s