Anna blir utsett for mobbing og grov vold gjennom heile barndommen. Korleis formar dette ein person? Dette er ein sterk og gripande roman inspirert av faktiske hendingar.
- Norsk tittel: Kameleonjenta
- Forfattar: Ragna Dahl
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 301
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Lyst Forlag
Ragna Dahl (Født 1955) debuterar som romanforfattar med denne boka. Ragna er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning innan administrasjon og ledelse.
Ho har tidlegare skrevet dikt og små noveller. Ho har òg skrevet sanglåtar som har blitt framført på diverse kulturarrangement.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påvirka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kameleonjenta».

Handlinga startar i 1962. Anna skal byrja på skulen i Svartbygda. Saman med mor, far og ein langt eldre bror er ho tilflytta frå byen. Anna blir fort skuffa over at ingenting er som ho hadde sett for seg i fantasien. Den store forventninga med å få nye bestevenniner og vener vert fort bytta ut med mobbing og utfrysing frå fyrste skuledag. Ho vert utsatt for fysisk og psykisk vold som ikkje ser ut til å ha nokon ende. I slutten av tenåra byrjar ho å stå opp for seg sjølv. Men er det for seint?
Dette er ein roman som er inspirert av faktiske hendelsar frå 1962 til 1976.
Ragna Dahl skriv om eit vanskeleg og sårt tema. Nemlig mobbing og vold i nære relasjonar. Her fylgjer me Anna gjennom fjorten år, frå sin fyrste skuledag i 1962, til bokens siste kapittel i 1976.
Anna er litt smånervøs og skremt før skulen byrjar, men får beskjed frå mor si at ho berre må sørgja for å «passa inn med de andre barna» så går dette fint.
Anna er redd for å skuffa foreldra sine, redd for at ho skal bli sett på som ein tapar, og redd for at mor hennar skal forsvinna inn i «det triste rommet» viss ho fortel om mobbinga. Difor held ho alt saman skjult for lærarar og foreldre. Og etterkvart blir ho veldig god til nettopp dette. Men dette vil også forma henne gjennom heile oppveksten.
Ungar kan vera brutale i sin væremåte. Og det får forfattaren godt fram i denne boka. Anna vert utfryst og mobba av sine medelevar. Ho prøver å gjøyma seg vekk, men blir alltid funnen att av mobbarane. Det innebærer også fysiske og psykiske kroppslege reaksjonar som skapar ydmykande situasjonar.
Ein får eit inntrykk av korleis eit hardt plaga mobbeoffer har det og korleis vedkommande tenkjer. Derfor er denne boka tøff å lesa.
«Det har gått 14 dager siden skolestart. I friminuttene og i klasserommet er jeg fullstendig isolert. Kroppen min er stivnet i forsvarsposisjon både ute og inne. Når jeg kommer hjem, later jeg som om alt er i orden. Men om natten rir marerittene meg.»
Denne boka set søkjelyset på kor vanskeleg det kan vera å snakka om mobbing og vold i nære relasjonar. Ragna Dahl set gode ord på kor sjølvdestruktiv tankegong ein person kan få etter slike hendingar. Hovedkarakteren vert utsatt for fysisk og psykisk vold som er uhyggeleg lesning. Som forelder er det vondt å tenkje på at dette er basert på faktiske hendelser, og som dessverre er eit tema som stadig er dagsaktuelt.
Da eg likte spesielt godt med boka er skrivemåten og språket. På ein måte så veks forfattaren gjennom karakteren Anna. Frå ein barnleg skrivemåte i starten av boka, gjennom ungdomsåra der språket minnar om ei ungdomsbok, og fram til starten på voksenlivet der språket er mynta på den voksne garde.
Boka inneheld 50 kapitler og er rett fram i tidsperspektiv, noko som gjer den lettlest. Sjølv om det er nokre småfeil her og der i boka (som eg reknar med vil bli retta opp i ved eit eventuelt opplag nr 2), så kan eg varmt anbefala alle å lesa denne boka, sjølv om den kan vera opprivande og gjera deg sint. Men ikkje minst så er det ei bok til ettertanke.
TERNINGKAST: 5