Dette er ein frittståande oppfølgjar etter «Italienske sko», der me vart kjend med Fredrik for fyrste gong. Eg anbefalar å lesa «Italienske sko» fyrst, men denne boka fungerar også utmerket som ei frittståande bok.
- Norsk tittel: Svenske gummistøvler
- Original tittel: Svenska gummistövlar
- Forfatter: Henning Mankell
- Sjanger: Roman
- Antall Sider: 435
- Utgivelsesår: 2016
- Utgiver: Gyldendal
Henning Mankell (1948-2015) var bosatt i Sverige og Mosambik. I Norge er han mest kjent for sin bokserie om førstekriminalbetjent Kurt Wallander. Men han har også utgitt mange ungdomsbøker og romanar. Og har mottatt ei rekkje prisar for sine bøker.

Fredrik Welin er ein pensjonert lege som bur åleina på ei lita øy i den svenske skjærgården. Huset er opprinneleg etter besteforeldra hans. Ei natt våknar han av at huset står i brann. Det einaste han får med seg i farten er to venstrefota støvlar. Huset brenn ned til grunnen. Alt han har igjen er eit båthus, ei campingvogn og altså to venstrefota støvlar.
For Fredrik er dette symbolet på livet sitt. Eit liv med forspilte sjansar og moglegheitar som går mot slutten. Men heldigvis er det då dottera hans, Louise trer til, og ein nysgjerrig journalist med navn Lisa Modin dukker opp i livet hans.
Mankell sine karakterar i denne boka er strålande. Han byggjer de opp på ein slik måte at lesaren enten kjenner seg igjen i, eller kjenner igjen andre i desse karakterane. Ture Jansson er eit godt eksempel på nettopp dette. Ein pensjonert postmann som lever og åndar for rykter og sladder, og er den som er oftast ute på øya til Fredrik. Noko av grunnen til at han ofte er på besøk på øya, er at Ture trur at det alltid feiler han noko. Så Fredrik har satt opp eit improvisert legekontor i båthuset.
« Hans frykt for innbilte sykdommer har vært så monumental at jeg aldri gjennom mine mange år som lege har vært i nærheten av noe lignende. Han har vært postbud og samtidig heltids hypokonder.»
Denne boka inneheld alle ingrediensar ei god bok skal inneholda. Spenning, humor, kjærleik, melankoli og ei bok til ettertanke.
Denne kan eg varmt anbefala til alle, uavhengig av hvilken sjangar ein likar. Dette er eit mesterverk av ord og setningar samla mellom to permer.
Det er av og til, når det virkelig fortjenes, at folk bryter ut i stående applaus. For meg er dette eit passeleg tidspunkt! Takk, Henning Mankell! Takk for ei fantastisk bok!
TERNINGKAST: 6