Presidenten er savnet av Bill Clinton & James Patterson

Ein actionfylt thriller som skildrar dei tøffe etiske og moralske valga ein president må ta. Dette er historia om den amerikanske presidenten Jonathan Lincoln Duncan sine tre mest dramatiske og intense dagar som president. Med ein stadig forverra sjukdom, må han kjempa ein intern maktkamp for å unngå krigsrett, samtidig som terroristar vil tilintetgjera USA.

  • Norsk tittel: Presidenten er savnet
  • Original tittel: The President is Missing
  • Forfatter: Bill Clinton og James Patterson
  • Sjanger: Spenning
  • Antall Sider: 539
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Gyldendal

James Patterson (født i 1947) er ein anerkjent amerikansk forfattar. Han har gitt ut mange bøker i forskjellige sjangrar, og er ein av verdas bestselgande forfattara på verdsbasis, med over 375 millioner solgte bøker. Han har også motteke ei rekkje prisar for sine bøker, og han er krona i Guiness Rekordbok for å ha flest fyrsteplassar på bestselgerlista til The New York Times.

Bill Clinton (født i 1946) var president i USA i perioden 1992 til 2001. Han har skrevet fleire sakprosabøker, og er mest kjent for biografien sin «Mitt liv». Dette er hans første roman.

Presidenten i USA, Jonathan Lincoln Duncan, står i fare for å bli stilt for riksrett, det er internasjonale krisar, og hans helsetilstand er redusert, men dette er hans minste bekymring for tida. Han har fått informasjon om eit cyber-angrep som er på trappene mot USA. Eit angrep som vil setja landet så langt tilbake at det vil ta mange tiår før det igjen vil vera oppe på dagens nivå. I tillegg er det ein kamp i kulissane når presidenten trur at ein person i hans stab er muldvarp for terroristane. Kodeordet for denne operasjonen er «Mørketid». Og det er nettopp det som vil skje, viss ikkje presidenten og hans folk klarar å stogga dette angrepet.

I denne boka får me eit innsyn bak veggane i Det Kvite Hus, som me nok ikkje ville fått ellers. Her formelig lyser det kunnskap og innsikt frå ein tidlegare president sitt liv. Presidenten i boka blir satt på tøffe prøvar, og har mange etiske og moralske avgjerslar å ta. Som t.d. å bombe eit hus der det befinn seg to etterlyste terroristar, men der det også oppheld seg ein del barn. Skal han spare liva til barna, og la terroristane sleppe unna, eller skal han ofre barna? Han har ein stab til å rådføra seg med, men til sjuande og sist er det presidenten som må ta den endelege avgjersla. Bill Clinton drar nok inn mange av sine eigne erfaringar i boka.

«Men denne avgjørelsen tar jeg alene. Det er en grunn til at grunnleggerne av dette landet valgte å sette en sivilist som leder for militæret. Det handler nemlig ikke bare om den militære effektiviteten. Det handler også om holdninger, verdier, hva vi står for som nasjon.»

Sjølv om ein tidlegare president er medforfattar, og i så måte gjer boka kredibilitet, så blir det heile litt urealistisk for min del. Der politikken heilt sikkert er særs realistisk, så blir dei voldsame actionscenene på den andre sida av skalaen. Når eg i tillegg følte at hovedpersonane i boka blir platte og kjedelige, så falt eg litt av.

Det er 128 kapitler pluss ein epilog. Med andre ord korte kapitler, og sjølve historia og drivet i boka er i typisk James Patterson ånd. Det er langt frå ei dårleg bok, men for min del blir det ei bok eg har lest, og som eg mest sannsynleg har gløymt innan nokre få dagar.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s