Forfattaren skriv om sin eiga farfar som var NS-medlem under den 2.verdskrig. Me fylgjer Tone B. Bergflødt sin jakt på sanninga om kvifor han tok desse valga, og kva han vart dømt for. Men også ei jakt på å få livet sitt tilbake som etterkommar av eit NS-medlem.
Les videreForfatter: bokbloggeren
Lille Linerle av Myriam H. Bjerkli
Sju år gamle Mari forsvinn frå stranda ved huset der ho bur. Tilbake ligg ei raud lue. Politiet konkluderar med at Mari drukna. Men Mari lever. Ho lever og bur under grufulle forhold.
Dette er ein røff og sterk krimroman, og er den fyrste boka i Kodal-trilogien.
Dronningen av Tove Taalesen
Kongelege frå heile Europa, regjering og kjendisar ankommer Slottet for å delta på ein gallamiddag med slottsball. Dronning Ingeborg skal komme med ei historisk kunngjering. Medier frå mange land sender direkte. Men nokon har onde planar. Eit fullstendig kaos bryt laus, og det blir ein kamp på liv og død.
Ei annleis krimbok frå innsida av det kongelege slott.
Liten jente forsvunnet av Erling Greftegreff
Vesle Susanne vert kidnappa medan ho leikar i barnehagen. Kort tid etter vert ei ukjent kvinne funnen drept i eit lite kollektiv i eit belasta miljø. Wilhelm Gran og hans team finn ei kobling mellom desse to sakene.
Dette er ei heilstøpt krimbok.
Ingemar Modigs Oppvåkning av Mikael Bergstrand
Ingemar Modig lider av tvangstankar og sosial angst. Men ting forandrar seg når han møter den 11 år gamle Dalia frå Syria. Saman prøver dei å komme seg gjennom hindringar. Dette er ei varm og morosam bok om lidelsar, kulturforskjellar og ein litt overivrig journalist.
Les videreAnna-Panna fra Rottereiret av Heidi Mandal
Anna-Panna har ingen vener. Så dukker Tilly opp, og ho er fast bestemt på å gjera Anna til den mest populære på heile skulen. Ei morosam barne og ungdomsbok som inneheld viktige temaer.
Les videreSøndagsbitch av Heidi Raae
29 år gamle Nina Lunde har som mål å finna seg ein kjæraste og framtidig mann innan ho fyller 30 år. Tida er knapp, og ho gjer alt ho kan for å finna han. Ei morosam roman der mange absurde situasjonar oppstår.
Les videreHva velger du? Av Svandis Hanna Gudmundsdottir
Ei tretten år gammal jente forsvinn etter endt skuledag. Dette blir nok ei vanskeleg sak å løysa for FBI-agent Gwen Starke og hennes kollegaer. Dette er oppfylgjaren til «Jakten på Eden».
Les videreBecks siste sommer av Benedict Wells
Musikklærar Robert Beck har lagt sin musikerkarriere bak seg. Så kjem eit musikalsk vidunder inn i livet hans, og han blir ein slags mentor for den 17 år gamle Rauli Kantas. Dette blir starten på ei lang reise, der det meste av tillit og samhørighet vert satt på prøve.
Les videreGå med meg av Sonja Holterman
Ira Torgrimsson kjem over ei død kvinne under eit russearrangement i Kongeparken. Kvinna er i 40-åra og har på seg ein gammal russedress. Dette er opptakten til nyhetsoppslag Ira berre kunne drøyme om. Og denne gongen må ho samarbeida med ein anna journalist. På godt og vondt. Dette er bok nr 3 om krimjournalist Ira Torgrimsson.
Les videre