Forfattaren skriv om sin eiga farfar som var NS-medlem under den 2.verdskrig. Me fylgjer Tone B. Bergflødt sin jakt på sanninga om kvifor han tok desse valga, og kva han vart dømt for. Men også ei jakt på å få livet sitt tilbake som etterkommar av eit NS-medlem.
- Norsk tittel: Farfars skrin
- Forfattar: Tone B. Bergflødt
- Sjanger: Dokumentar
- Antall sider: 208
- Utgivelsesår: 2018
- Utgiver: Forlaget Prego Mobile AS
Tone B. Bergflødt (Født 1962) er psykodramaterapeut, forfattar, lokalpolitikar og gårdseigar. Ho har skrevet to tekstar i ein antologi, og er å finna i kronikkar og innlegg i aviser. I 2018 gav ho ut «Farfars skrin», etter seks års skriving på boka.

Forfattaren er NS-etterkommar og har slete med skam mesteparten av livet. Eit skrin etter sin eigen farfar dukker opp, og ho prøver å avdekka familiehemmeligheita som har blitt lagt lokk på i alle år. Me får fylgja ho på reisa fram til sanninga kjem for ein dag i Riksarkivets lesesal. Med denne boka set ho søkjelyset på å leva som etterkommar av eit NS-medlem.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Farfars skrin».
Når forfattar var 10 år gamal og hadde hatt om krigen og NS på skulen, kom ho springande heim og fortalte kva ho hadde lært. Ho fekk knapt opna munnen før mor hennar fortalte at i bygda var det mange som var NS-sympatisørar, deriblant forfattarens farfar. I voksen alder besøkjer Tone B. Bergflødt ein healer som fornemmer ein sterk tilstedeværelse av ein bestefar på farssida. Dette var ein avgjerande faktor for at ho byrja på denne reisa for å finna ut meir om sin farfar og hans valg. Når ho overtok familiegården, overtok ho óg eit skrin etter sin farfar. Eit skrin som inneheld informasjon som skal forandra livet til Tone B. Bergflødt.
Dette er ei dønn ærlig bok om forfattaren sine familiehemmeligheitar. Ho fortel om eit tøft liv, sjølv om ho vart født lenge etter at krigen var slutt. Etter ein fysisk og psykisk kollaps, og gått i terapi over ein lengre periode bestem Tone seg for å ta tak i historia om sin eiga farfar. Dette har vert, og er nok fortsatt, eit tabu å snakke om. Landssvikoppgjeret etter krigen fekk ein tilbakevirkande kraft, der mange i utgangspunktet meinte dei ikkje hadde gjort noko som helst gale, og likevel vart dei straffa for dette.
«-Det meste av det som skjedde før, under og etter 1940 lå jo utenfor vår kontroll. Det var ikke slik at vi tok et bevist veivalg. Vi ble med på det fordi andre fortalte oss at vi burde bli med.»
For mange var redselen for at bolsjevikane skulle få overtaket her i Noreg stor. Spesielt bønder frykta at dei ville verta driven frå gård og grunn. Trusselen frå aust var ein réel trussel i deira auge. Dette var utslagsgjevande for å velja å kjempa med tyskarane under 2.verdskrig. Nokre trudde dei ville bli mottatt som heltar når dei returnerte, men i staden fekk dei seg eit sjokk når dei vart stempla som landssvikarar.
Fyrste del av boka handlar mest om familierøtter og gård. Som hobby-slektsforskar veit eg kor masse arbeid som ligg bak all denne informasjonen, og som er gull verdt for dei som er i slekt eller har tilknytning til området og plassen. Men for ein utanforståande vert dette litt upersonleg. Derimot er resten av boka av stor interesse for allmenheita. Me blir dratt inn i valg og avgjerelsa som folk tok under krigsåra på eit spanande og lettfatteleg språk.
I boka er det gjengitt nokre brev frå ein slektning av forfattarens farmor, samt intervju av kona til denne mannen. Han kjempa for tyskarane i Sovjet. Her får ein som lesar eit godt innblikk i at ein oppriktig har valgt side ut fra den informasjonen som forelå på den tida. Dette er spanande lesning, da dei fleste slike brev vart brent etter krigens slutt. Det er også utdrag frå andre bøker og aviser.
Etter å ha lest denne boka vart eg litt overraska over motbøren forfattaren har hatt på sin reise. Som f.eks eit historielag som vil gjøyma all informasjon om NS-medlemmer på ein sikker plass, og nektar å skrive om det. Heldigvis har denne boka bidratt til at dei no samlar inn informasjon om krigsåra for utgjevnad.
Noko hopping fram og tilbake gjorde meg litt forvirra, og fyrste del av boka vart litt «kjedeleg» for meg som er utanforståande, men det er spanande å følgja reisa fram til forfattaren besøkjer Riksarkivet og finn årsaka til at farfaren måtte sona på Ilebu. Anbefalar alle å lesa denne, for dette er ei viktig bok om forståelse og forsoning i norsk krigshistorie. For som det står så fint i boka; «Skammen går videre i generasjoner når det skammelige ikke blir snakket om.»
TERNINGKAST: 4+