Ingemar Modigs Oppvåkning av Mikael Bergstrand

Ingemar Modig lider av tvangstankar og sosial angst. Men ting forandrar seg når han møter den 11 år gamle Dalia frå Syria. Saman prøver dei å komme seg gjennom hindringar. Dette er ei varm og morosam bok om lidelsar, kulturforskjellar og ein litt overivrig journalist.

  • Norsk tittel: Ingemar Modigs oppvåkning
  • Original tittel: Ingemar Modigs uppvaknande
  • Forfattar: Mikael Berstrand
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 320
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Anemone Forlag

Mikael Bergstrand (Født i 1960) har gitt ut ei rekkje bøker. Blant anna krminalromaner. Men det var fyrst i 2011, då han skreiv romanen «Dehlis vakreste hender» at han slo verkeleg gjennom som forfattar. Dette var den fyrste boka i ein triliogi, der handlinga er lagt til India.

62 år gamle Ingemar Modig lider av tvangstankar. Kvar morgon våkner han eit minutt på åtte. Då må han slå av klokkeradioen før alarmen går, viss ikkje vil nokon dø. Tankane har tatt heilt over livet hans, der han sit i sin einsomhet i ein nedslitt leilighet i Borstafors i Sverige. Ein dag ser han ei ung jente spele fotball. Ho heiter Dalia Suleiman og er flyktning frå Syria. Det oppstår eit varmt venskap mellom desse to personane.
Ludvig Nilsson er ein avdanka journalist i lokalavisa. Han har fått forespeilt ein krimreporterjobb i ei større avis. For å vise dei om at han er rett mann, må han legge planer. Ondsinnede planer.

Dette er eit forhåndseksemplar av «Ingemar Modigs oppvåkning» frå Anemone Forlag som etter planen kjem ut i august 2020. Denne vart tilsendt av Strawberry Publishing. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet mine egne subjektive tankar om boka.

Ingemar Modig må gjere ting tre ganger, og alt må kunne delast på tallet tre før han kan fortsetja. Han har faste rutinar og lider i tillegg av sosial angst. Han slår seg tre gangar på låret han blir nervøs, og det blir han ofte, for når Dalia kjem inn i livet hans, vert ingenting som før. Ho er ei 11 år gamal jente som har med seg sin ballast frå Syria, der ho gjennom ein lang og strabasiøs reise til «friheten» og Europa, opplevde grufulle syn som vil følgje ho livet gjennom. Men saman finn dei kvarandre gjennom den store fotballinteressa. For Dalia er ifølge Ingemar Modig; Lynet fra Aleppo. Ho driblar som Messi, og skyt frispark som Beckham. Saman prøver dei å komme seg gjennom hindringar og det livet ellers byr på for ein med sterke tvangstankar og ei med innvandrarbakgrunn.
Det har også kommet mange flyktningar til bygda i det siste. Dette er mange i mot, og spesielt Ricky. Han blir rasande, og kjem fort i konflikt med nokre av flyktningane som har kommet til. Og i bakgrunnen luskar nyheitsjournalisten Ludvig Nilsson. Dette gjer til at det som i utgangspunktet var ei rolig bygd, aldri vert den same igjen.

«Ensomheten.
Den hadde Ingemar hatt som eneste selskap i mange år, og han visste hvor mye vondt den kan gjøre et menneske. Han hadde prøvd å telle seg gjennom ensomheten og utføre rituelle tvangshandlinger for å holde den og minnene i sjakk.»

Denne boka er litt variabel. Eg synes starten var litt treig og rotete. Den kom seg riktignok kjapt, men til tider kan den bli litt for detaljrik. Då falt eg litt ut innimellom.
Eg vil seie det er mange paralleller til Fredrik Backman sine bøker «En mann ved navn Ove» og «Britt-Marie var her». Likte du dei bøkene, vil du nok også like denne.

Forfattaren sjølv lider av tvangslidelser, eller OCD som det kallast. Me kjem dermed tett på korleis ein kvardag kan utspela seg for ein med denne lidelsen. Mikael Bergstrand skriv også om kulturforskjellar og rasehat. Om kor lite som skal til for å piske opp ein stemning mellom to forskjellige grupper. Med desse temaene til tross, er det ei lun og morosam bok. Ingemar Modig er ein mann du blir glad i. Er du på jakt etter ei avslappande og lettlest bok? Les «Ingemar Modigs oppvåkning».

Terningkast: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s