Liten jente forsvunnet av Erling Greftegreff

Vesle Susanne vert kidnappa medan ho leikar i barnehagen. Kort tid etter vert ei ukjent kvinne funnen drept i eit lite kollektiv i eit belasta miljø. Wilhelm Gran og hans team finn ei kobling mellom desse to sakene.
Dette er ei heilstøpt krimbok.

  • Norsk tittel: Liten jente forsvunnet
  • Forfattar: Erling Greftegreff
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 494
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Liv Forlag

Erling Greftegreff (Født i 1969) er politioverbetjent. Han har vert i mange års operativ tjeneste med varierte politi og etterforskarbakgrunn. Han debuterte med krimromanen «Trekkfuglene» i 2016. Her vart me kjent med Wilhelm Gran og schæfaren hans, Satan. « Liten jente forsvunnet» kom ut i 2018, og her treff me igjen Wilhelm og hunden.

Susanne er i barnehagen. Ho leikar på baksida, saman med to andre barn. Plutseleg kjem det ein mannsperson bort til gjerdet, kastar godteri til dei to andre barna, løftar Susanne over gjerdet, og forsvinn inn i skogen med ho. Dei to barna var så ivrige med godteriet at dei hverken la merke til korleis mannen såg ut, eller at Susanne vart borte. Saken endar til slutt hos Hønefoss politistasjon med Wilhelm Gran som hovedetterforskar. Ei ukjent kvinne vert funnen død i eit lite kollektiv i Nansenveien. Dette er ei belasta adresse. Wilhelm og hans team må jobba parallelt med desse to sakene. Og det visar seg at det er ein kobling mellom sakene. Klarar dei å løyse saken før det går fleire liv tapt?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Liten jente forsvunnet».

Boka startar med eit forrykande uvér på Bjørkøy i Nordland ein sein novemberdag i 1994. Frådande hav slår inn mot land. På land står far og ektemann Arthur Tyssvær, og skuer utover sjøen, på jakt etter sin kone og to døtre. Dei er borte vekk. I stranda ligg det ei jakke etter ein av døtrene. Vinden stoppar eit lite augneblink, og då kan forsamlinga som har samla seg, høyre eit umenneskeleg ul frå faren.
Så hoppar me fram til 2016, og forsvinninga av barnehageungen Susanne, og eit drap på ei ukjent kvinne i eit belasta kollektiv. Wilhelm og hans team får verkeleg kjørt seg når dei prøvar å nøste opp i sakene dei har fått på bordet. Dette er opptakten til ein dramatisk og intens krimroman frå Erling Greftegreff.

«Wilhelm gikk noen skritt nærmere, prøvde å fastslå om personen i sengen sov eller var bevisstløs. Skulle han gjette, hadde han gjettet død. De lukkede øynene og den gustenbleke huden, han hadde sett lik som så sunnere og friskere ut enn denne fyren.»

Ingen som helst tvil om at forfattar har nytta eigen kunnskap frå si tid i politiet til denne boka. Me får eit verkeleghetsnært bilete av etterforskinga. Greftegreff tek seg også tid til eit lite spark oppover i forhold til den nye politireforma.

Boka startar dramatisk. Og den held seg veldig bra til siste side. Litt hopping fram og tilbake i tid er det, men ikkje så masse at det vart plagsomt. Forfattaren skal ha stor ros for å holda tunga rett i munnen når denne boka vart skrevet, for her er det eit intrikat plott som innbefattar mange navn på personar. Eg gjekk i surr fleire gongar, men Greftegreff losa meg trygt i havn med stor forteljarkunst. Boka består av nesten 500 sider. For dei som vegrer seg å byrja på ei slik tjukk bok, kan eg seia at det er 114 kapitlar, og at dei flaug avgårde for min del.

Eg synes slutten kanskje vart litt langdryg. Her kunne det nok vert kutta ned litt. Men eg vart positivt overraska av denne boka. Rett og slett ei heilstøpt krimbok.

TERNINGKAST: 5

En kommentar om “Liten jente forsvunnet av Erling Greftegreff

  1. astridterese 26/06/2020 kl. 09:22

    Dette hørtes interessant ut. Jeg har ikke lest noe av denne forfatteren, men det fikk jeg lyst til nå 🙂
    Takk for tips!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s