Lille Linerle av Myriam H. Bjerkli

Sju år gamle Mari forsvinn frå stranda ved huset der ho bur. Tilbake ligg ei raud lue. Politiet konkluderar med at Mari drukna. Men Mari lever. Ho lever og bur under grufulle forhold.
Dette er ein røff og sterk krimroman, og er den fyrste boka i Kodal-trilogien.

  • Norsk tittel: Lille Linerle
  • Forfattar: Myriam H. Bjerkli
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 400
  • Utgivelsesår: 2017
  • Utgiver: Capitana

Myriam H. Bjerkli (Født 1963) er blant anna frilansjournalist, oversetjar og er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold. Ho debuterte med ei dikt og novellesamling i 2006 i samarbeid med to andre, før ho i 2007 gav ut si fyrste ungdomsbok. Den heiter «Cyprianus» som også vart til dansk. Etter ei rekkje med diverse utgivelsar, kom ho med si fyrste krimbok, «Lille Linerle» i 2017. Så fylgde «Stella Polaris» i 2019 og «Djevelens Yngel» i 2020. Desse tre bøkene utgjer Kodal-trilogien

Sommeren er over, og folk har forlatt hyttene sine. Sju år gamle Mari har ingen å leika med på stranda utanfor huset der ho bur, saman med mor si. Petter er den nye kjærasten til til mora. Mari liker ikkje Petter, ho vil heller ha tilbake far sin som ho ikkje har sett på over to år. Plutseleg forsvinn Mari fra stranda. Berre den raude lua ligg igjen eit stykke uti sjøen. Politiet konkluderar kjapt med at ho har drukna. Men Mari lever, riktignok under fryktelege forhold. Vil ho bli oppdaga i tide?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lille Linerle».

Sissel Sørensen, mor til Mari, har fått seg ny kjæreste. «Dumme-Petter» som Mari kallar han. Han vil ikkje leika med ho, og er berre opptatt av mora. Mari lengtar etter far sin, Abdul, som ho ikkje har sett på over to år. Ein oktoberdag i 2005 ligg Petter og Sissel og koser seg på soverommet i strandhytta. Mari kjedar seg og ser på TV. Ho ser da kjem ein roande innover mot stranda. Ho roper «pappa, pappa», og løper ut av strandhytta og mot det ho trur er faren. Når Sissel våknar skjønner ho at noko er galt. «Lille linerla mi» er borte. Ho ring politiet, og det blir raskt satt i gong eit omfattande søk, men ingen Mari er å finna. For førstebetjent Håkon Haakonsen blir denne saka ekstra spesiell, sidan han var ungdomskjæraste med Sissel.

«Sissel nikket, men husket det røde skjerfet og så igjen for seg datteren liggende på havbunnen med mobiltelefonen ved siden av seg. Synet var like virkelig nå som det hadde vært ute på svaberget, men nå så hun Mari åpne munnen, som om hun ropte på henne, ropte på moren som aldri kom. Sissel sank tilbake på puten og lukket øynene, men det hjalp ikke. Datteren ropte fremdeles.»

Forfattaren har ikkje spart på noko som helst i denne krimromanen. Dette er ei mørk og dyster bok. Men den fanga meg frå fyrste stund, og gav meg ikkje fred før boka var ferdiglest. Eller eg fekk ikkje fred då heller, for eg sat og tenkte på innholdet, på grusomheitane som faktisk skjer, på slutten og på den lidelsen som ligg som ei tjukk hinne over nesten kvar einaste side i boka. Det må ha vert tøft for Myriam H. Bjerkli å skrive ei slik bok.

Boka er ikkje feilfri. No kan Mari sjølvsagt vera veslevoksen av natur, men eg følte til tider at ho var eldre enn ho eigentlig er. Tankar og ord var enkelte gongar litt for djupe til å vera ei lita jente i mine auge. Politietterforskinga var også litt merkverdig, utan at eg skal gå så masse innpå dette for ikkje å øydeleggja innholdet.

Det er ikkje politietterforskinga som er i fokus i «Lille Linerle». Det handlar mest om grufull ondskap, manipulering, svik og eit sårt sakn etter eit barn som vert borte. Forfattar har verkeleg klart å få saknet til å skinne gjennom og få viderebrakt følelsane inn i kroppen på meg som lesar. Dette er ei spennande krimbok, den er velskrevet og eg hadde store problem med å legge den frå meg. Den vart fort lest ut for å seia det slik. Viktige temaer, men akk så grufulle, blir tatt opp i boka og vidareformidla på ein meisterleg måte av Myriam H. Bjerkli. Kan varmt anbefalast viss du tåler røft innhold, og eg gler meg allereie til å lesa dei neste bøkene hennes i Kodal-trilogien.

Terningkast: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s