Krigen på 200 sider – Norge under annen verdenskrig av Frank Aarebrot

Ei bok som gjev ei lærerik og rask innføring av det store politiske og militære bilete sett frå norsk ståsted, samt kvardagslivet under krigen.

  • Norsk tittel: Krigen på 200 sider
  • Forfattar: Frank Aarebrot
  • Sjanger: Dokumentar
  • Antall sider: 200
  • Utgivelsesår: 2015
  • Utgiver: Kagge Forlag

Frank Aarebrot (1947-2017) var norsk statsvitar og professor i samanliknande politikk ved Universitet i Bergen. Han var kanskje best kjent som politisk kommentator og valforskar på TV. Han var ein framifrå foredragsholdar, og hadde direktesendte forelesingar på TV på 200 minuttar om det norske samfunnet 1814-2014, om krigen i Noreg 1940-45 og om amerikansk historie. Desse er også utgitt som bøker på 200 sider.

I denne boka dannar forfattar Frank Aarebrot eit bilete av dagleglivet i Noreg under krigsåra. Me får ei innføring av krigens viktigaste augneblink sett frå norsk side. Han trekk òg linjer mellom fyrste og andre verdskrig, men held seg stort sett til tittelen på boka. Me får morosame anekdoter og småforteljingar frå hans familehistorie spedd innimellom de alvorlege linjene. Boka er rikt illustrert med mange av de mest kjende bileta som er tatt på norsk jord mellom 1940 og 1945.

Eg kunne formeleg høyra stemma hans medan eg las. Dette kjem nok av at eg har sett serien hans med 200-minutters foredrag på tv. Det var ein lett gjenkjenneleg stil i språket hans. Mannen var utvilsomt særs kunnskapsrik og ein formidabel foredragsholdar, som kunne gjere eit kvart tema interessant med sin innlevelse og engasjement. Dette vidareførar han til denne boka.
Eg finn likevel ein del faktafeil i boka, men ikkje verre enn at ein kan leve med dei.

Dette er ei bok som alle vil læra noko av, enten du er heilt ny innan 2. verdskrig eller du har særs god kunnskap. Aarebrot har lagt opp til ei anna vinkling enn det de aller fleste krigsdokumentarar inneheld. Gjennom boka ser han på enkelte av episodane og valga politikarane måtte ta frå ein prospektiv og retrospektivt synsvinkel.

«I ren etterpåklokskap kunne man saktens spørre om det virkelig var så påkrevd å holde togene i rute, slik at tysk soldater kunne komme raskt til fronten.»

Forfattaran går ikkje djupt inn i temaene han er innom, så han får pressa inn veldig mykje informasjon på 200 sidar. Alt frå Quisling`s statskupp, utdrivelse av jødane, behandlinga av sjøfolk og «tyskertøsene», til det meir trivielle som tobakksdyrking og krigsåras Instagram med Kodak kameraer.

Boka inneheld også nokon morosame anekdotar og forteljingar. Som f.eks frøken Lund si nattpotte som skapte eit vakuum når ho satt på den etter den grusomme eksplosjonen på lasteskipet «Voorbode» som låg til kai ved Bradbenken i Bergen. Eller om mannen som snudde enden til ein tysk soldat og slapp ein høglytt fis og fekk ei bot på 15 kr, evt ei straff på 6 dagar i fengsel viss bota ikkje vart vedkjent.

Aarebrot skriv subjektivt i skarpe ordelag. I så måte er boka kanskje ikkje den mest balanserte, men hovedtrekka av krigen er med, og han dannar eit godt bilete av livet i Noreg under krigen. Sidan boka er lettlest med mange bilete og har ei anna vinkling kan den varmt anbefalast til alle som er interessert i krigslitteratur, så sant du ikkje skal dykka djupt ned i materien.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s