Sensommer av Anders de la Motte

Ein seinsommerkveld i 1983 forsvinn fem år gamle Billy sporlaust frå ein gård i Skåne. Alt som er igjen er ein barnesko i ein høg maisåker. Kva skjedde med Billy?
Dette er den fyrste enkeltståande romanen i ein serie på fire.

  • Norsk tittel: Sensommer
  • Original tittel: Slutet på sommaren
  • Forfattar: Anders de la Motte
  • Sjanger: Krim
  • Antall Sider: 398
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Aschehoug

Anders de la Motte (Født 1971) er ein svensk krimforfattar. Han har arbeida som politi og sikkerhetssjef. De la Motte slo gjennom i 2010 med boka «Geim», starten på ein trilogi med Henrik «HP» Pettersson. Han gav ut to kritikerroste thrillere, MemoRandom og UltiMatum (kom ut på norsk i 2016 og 2017). Han har verkeleg blitt kjent i Noreg gjennom de fire enkeltståande romanene i «årstidskvartetten»; «Sensommer», Høstdåd», «Vinterild» og «Våroffer».

Ein seinsommerkveld i 1983 forsvinn 5 år gamle Billy sporlaust frå ein avsidesliggjande gård i Skåne. Da einaste politiet fann var ein sko som tilhøyrte Billy ute på maisåkeren. Politisjef Krister Månsson set inn alt av mannskap for å finna den fem år gamle guten.

20 år seinare er Billys storesyster, Veronica, utdanna samtaleterapeut med sorgarbeid som sitt spesialfelt i Stockholm. Ho leder ei gruppeterapisamtale, der plutseleg ein ung mann kjem inn og sett seg ned og byrjar å fortelja om sin besteven som forsvann uforklarleg for mange år sidan. Veronica kjenn igjen denne beskrivelsen med ein gong, og ho må dermed prøva å komme til bunns i denne opprivande forsvinninga. Saman med sin bror, som er politimann, byrjar ho å leite etter svar på alle dei spørsmåla dei sit igjen med etter seinsommarkvelden i 1983.

Dette er ei saktegåande krimbok med eit lett dryss av spenning. I så måte er dette ikkje boka for deg som er glad i mange mord og action heile vegen.
I starten av boka veksles det mellom fortid og nåtid. Me blir kjent med den pliktoppfyllande politisjefen Krister Månsson som etterkvart innser at denne saken går hardt inn på han. Han kjempar ein kamp mot klokka den seinsommaren i 1983.
I nåtid er det Billys syster som er hovedpersonen. Ei kvinne som slit med si eiga fortid, tilværelse og jobbsituasjon. Ho har skifta navn og prøvd å starta på nytt i Stockholm, men grunna denne unge mannen som kjem inn i sorggruppa som ho ledar, blir ho kasta ut i ei ny tilværelse. Veronica må venda tilbake til heimen der alt skjedde, der far hennar fortsatt bur. Det er 5 år sidan sist ho besøkte plassen. Følelsane som ho har prøvd å legga lokk på, blussar opp igjen med full styrke.

«Da den gråhårede er ferdig, tar hun brillene av og tørker dem med et av de billige papirlommetørklærne. Bretter det langsomt sammen og legger det i håndvesken, forsiktig, som om tårene er av glass og hun vil ta dem med seg hjem, legge dem i et vitrineskap som små, blanke perler av sorg.

Eg synes forfattaren har gjort ein strålande jobb med persongalleriet sitt. Me får eit veldig godt innblikk i liva til hovedpersonane, Veronica og politisjef Månsson. Anders de la Motte beskriv Veronica på ein spennande og annleis måte. Dette gjer at sjølv i litt kjedelege partiar i boka, blir lesaren drevet vidare av svara på kvifor Veronica er som ho er.

Boka handlar om å leita etter det tapte. Det handlar om maktbalanse i politiet, om familieforhold og feider. Og ikkje minst om kven du kan stola på og ikkje.

Eg likte veldig godt byrjinga på boka. Det var «cliffhangere» ved kvart kapittel, og det var eit godt driv i boka. Men i midtpartiet stoppa da litt opp for min del. Spesielt eit parti verker nesten som om det er skrevet inn i ettertid for å få opp spenningsnivået i boka. Sluttpartiet i boka er imidlertid meget bra, og gjer at eg kjem til å lesa resten av denne årskvartetten.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s