Ein storslått og verdig avslutning på serien.
- Norsk tittel: Ragnarok – Valhall
- Forfatter: Odin Helgheim
- Sjanger: Teikneserie, Born og unge
- Antall sider: 139
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Odin Helgheim (Født 1996) er forfatter og illustratør. Han debuterte med «Ragnarok – Fenrisulven» i 2020, som er ein teikneserieroman, og fyrste bok i ein serie. I 2025 kom bok nr. 6 og dermed siste bok i serien ut, nemlig «Ragnarok – Valhall». Serien er oversatt til seks språk, og har hausta gode kritikker.

Finalen i Ragnarok-serien er her! Ubbe står overfor flere hindre: Han må knuse runesteinen som forhekser Idunn, helbrede broren sin og beseire den slue guden Loke. Men hvordan overvinner man en udødelig gud?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ragnarok – Valhall».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein teikneserie i manga-stil, og er bok nr. 6, og siste bok i serien Ragnarok. Målgruppa er fyrst og fremst 9-12 år, men denne passar alle aldrar som har interesse for det norrøne. Bøkene bør leses kronologisk.
Ringen er sluttet. No skal me få veta korleis det heile ender i Ragnarok-serien. Ubbe, Idunn og Loke står overfor ein heftig avslutning i velkjent Helgheim-stil.
Det som kjenneteikner serien er dei fargerike illustrasjonene og storslåtte actionscenene. Forfatter bruker lite tekst, og lar heller teikningane stå for framdrift. I denne boka er det kanskje litt meir tekst enn i de forrige bøkene, men det er fyrst og fremst for å få fram svar på fleire spørsmål ein kanskje har lurt på, og få ein verdig og god avslutning på serien.
Det er mykje som skjer på sidene, og det fører til ein fargeeksplosjon som er eit blikkfang for auga. Helgheim har ein særegen måte å formidle på, og det fungerer heilt utmerket. Det er mykje slåssescener og magi som nyttes, og dermed taler ofte illustrasjonene sitt eiga språk.
Når det skjer mykje på ei side, så kan ein fort verta litt overvelda. Men Helgheim har ein eiga evne til å skilja ting gjennom farger og det visuelle. Dermed har både han og lesar full kontroll på kva som skjer til ein kvar tid.
For dei som har spelt RPG-spel, så får ein definitivt assosiasjoner til dette gjennom hans bøker. Det er levende, dynamisk og foregår på fleire nivåer. Ein møter på hindringer, «bosser» og står overfor den ultimate utfordringa på slutten. Den einaste forskjellen her er at Ubbe kun har eit forsøk på å nedkjempe Loke…
Boka i seg sjølv er rask å skumme gjennom. Men den må nytes, for det fortjener den. Studer illustrasjonene, les mellom «linjene» og forstå det usagte. Og ikkje minst; lev deg inn i dette strålende universet.
Me får servert ein lang og oppklarende epilog etter den ultimate duellen mellom Ubbe og Loke. Eg liker at Helgheim tar seg tid til å oppsummere og ikkje minst gi svar på spørsmål ein har sittet inne med. Det heile virker gjennomtenkt, og det er med andre ord ingen forhastet avslutning.
Serien er engasjerande og perfekt for born og unge som ikkje er så glad i å lesa i utgangspunktet. Bøkene har lite tekst, samtidig som det er enkelt å få med seg det som skjer gjennom oppslukende og actionfylte illustrasjoner.
Etter 6 bøker og ca 700 teikneserie-sider over 5 år, er det altså slutt. Odin Helgheim har levert på eit høgt og stabilt nivå, og vert trufast til sin særegne måte å formidle på gjennom tekst og illustrasjoner. Det er ein verdig avslutning på ein suksessrik serie. Det er trist å måtte lukke boka etter at siste side er lest, og innsjå at no er det over. Men me får trøysta oss med at Helgheim har nye prosjekter på gong, så me høyrer nok meir frå ham om ikkje så lenge.
«Ragnarok – Valhall» er ein storslått og verdig avslutning på ein kritikerrost serie for born og unge. Det er berre å glede seg til å lese denne boka, og få svar på spørsmåla ein har lurt på. Takk, Odin Helgheim. Takk for alle bøkene me har kunnet trå inn i ditt magiske univers. No gleder me oss til å få ta del i ditt neste prosjekt.
TERNINGKAST: 5