Ein sterk diktsamling om kjærleik, sorg og tap.
- Norsk tittel: Heldig – tross alt
- Forfatter: Ida Haukaas Alkholt
- Sjanger: Dikt, Poesi
- Antall sider: 64
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Lyrikkforlaget
Ida Haukaas Alkholt jobber til vanleg med born og familier. Diktsamlinga «Heldig – tross alt» som vart utgitt i 2024, er hennar forfattardebut.

Dikt om det man har og det man mister, dikt om hvordan kjærlighet, tap og sorg lever sammen i hverdagen. Ida Haukaas Alkholt setter ord på de følelsene som dukker opp når man elsker noen, men også de som slår rot når kroppen ikke får til det hjertet så inderlig ønsker seg. Diktene er personlige, men kan forhåpentligvis bidra til gjenkjennelse, trøst og forståelse også hos andre.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Heldig – tross alt».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei diktsamling som består av 58 dikt om kjærleik, sorg og tap, men også om å favne om det ein faktisk har.
Forfatter har åpent stått fram og snakka om sine gjentatte spontanaborter, og desse vonde stundene og tankene har ført til denne diktsamlinga. Det er likevel viktig å understreke at sjølv om tematikken er mørk og tung, så er det også masse kjærleik og positivitet i diktene.
Kvart dikt har overskrift som gjenspeiler teksten. Dikta er hovedsaklig korte og konsise, men likevel forteljande fri-dikt. Oppsettet er lett og luftig. Det er ingen bilete eller illustrasjoner i boka, så her er det teksten som taler sitt nakne språk. Enkelte visuelle element hadde kanskje ikkje skadet, for å styrke dei allereie sterke inntrykka som ligg i teksten.
Dikta veksler mellom sorg, håp og kjærleik. Dette gir ein fin balanse, og ein vert ikkje overfylt av eit einsidig følelsesmønster. Sjølv om dette er personlege dikt opplevd frå forfatters ståsted, så er det likevel ein så allsidig og allmenn tekst at mange vil kjenne på samme opplevinger og ein samhørighet til det Alkholt skildrer.
Kanskje ikke alle
Diktet «Noe».
trenger å vite
alt
Men kanskje flere
trenger å vite noe
for å slippe
å føle seg
alene
Det er for det meste ein forklarende tekst. Enkelte dikt må ein riktignok lese meir mellom linjene. Formuleringene er veloverveide og det er ein gjennomtenkt tekst og bodskap.
Forfatter skildrer blant anna prosessen frå det å få beskjeden om at det ikkje er liv, det endelige legebesøket og tida etterpå. Ved å lese gjennom linjene så er det mangel på oppfølging frå helsevesen, og ein blir satt på eit «transportbånd» og overlatt til seg sjølv. For ein lækjar så er det rutine, for ein pasient så er det heile livet der og då. Det er sterkt, og sarkasmen kjem verkeleg til sin rett.
Fredag
Diktet «Bra igjen»
fødemottaket
forventningsfulle blikk
og kulerunde mager
overalt
Ultralyd
«dessverre»
Smertestillende
«ligg i ro»
Cytotec
«ikke vær alene»
Sykemelding?
«Du er bra igjen på mandag»
Forfatter er inne på tanken om kvifor dette skjer, og om det er noko ho kunne ha gjort for å forhindra det som har skjedd. Mange er nok inne på nettopp dette tankesettet, og ho klarer å setje ord på det. Det handler også om kjærleik til det ein har, og til dei rundt seg. Men samtidig er det viktigste kjærleiken til seg sjølv. Å ta vare på seg sjølv er fyrste prioritet.
Alkholt kjem med gode «råd» og oppmuntringer. Ho legg likevel ikkje lokk på det ho har vert gjennom. Enkelte dikt kunne vert skrevet i tårer, der ein kan formelig føle på den smerten og sorgen som ligg i kvart eit ord.
Alkholt gjentar dette med å klistre på seg ein ytre «maske» for å skåne omgivelsene. Ho bruker gjerne litt sarkasme og ironi i sine dikt, men samtidig er ho sint og forbanna. Likevel har ho den forståelsen av at det er mange som har det verre. Det er sjølvsagt ei mager trøst, men det viser at ho favner om det ho faktisk har. Og det er eit viktig bodskap ho kjem med; Oppi alt det vonde, så favn om det du har.
Sjølv om bodskap og nokre dikt handler om det samme, så er det lite gjentaking. Dette vitner om eit godt språk og eit stort ordforråd, som er ein viktig ingrediens i ei diktsamling.
«Heldig – tross alt» er ei diktsamling med ein vond og trist tematikk, men samtidig fullt av kjærleik og eit lys i ein mørk tunnel. Dette er ei bok til ettertanke og trøyst for alle som har opplevd spontanaborter.
TERNINGKAST: 5