Pappa i fengsel av Charlotte Munthe

Barnebøker som setter fokus på det å ha ein forelder i fengsel. Me fylgjer fem år gamle Martin gjennom heile prosessen.

  • Norsk tittel: Pappa i fengsel
  • Forfatter: Charlotte Munthe
  • Illustratør: Kim Andreas Kristensen
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 34, 28, 29 og 40
  • Utgivelsesår: 2022 og 2023
  • Utgiver: Charlotte Munthe

Charlotte Munthe jobber som fengselsbetjent. Ho debuterte som forfatter med serien på fire bøker om «Pappa i fengsel», som er barnebøker.

Denne historien handler om Martin. Martin er fem år gammel, og han er veldig glad i mammaen og pappaen sin. Det er bare det at pappaen til Martin sitter i fengsel. Hvordan er det egentlig å ha en mamma eller pappa som ikke får lov til å være sammen med resten av familien sin?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Pappa i fengsel».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er rikt illustrerte barnebøker som passer i alderen 4-8 år. Serien består av 4 bøker; Savnet, Hemmeligheten, Besøket og Hjemkomsten.

Me møter Martin. Han er 5 år, og går i barnehage. Han er enebarn og veldig glad i foreldra sine. Det virker som det er ein lykkelig og sammensveisa liten familie. Men ein dag pappaen skal hente Martin i barnehagen med motorsykkelen sin, så dukker han ikkje opp. Til slutt må ein barnehageansatt ringe til moren, som etterkvart dukker opp for å hente Martin. Ho fortel at pappaen måtte dra på ei reise. Men Martin ser at moren er lei seg, og skjønner at noko er gale…

«Hvorfor kom ikke pappa?» spør Martin når de sitter i bilen på vei hjem.
«Pappa måtte dra på en reise», sier mamma.
Martin synes mamma ser trist ut.

Eg liker ideen bak denne serien. Det er mange barn som har foreldre som sitter i fengsel. Mange har kanskje høyrt og sett på fjernsyn og i andre medier om kor skumle fengsler er, og at det berre er veldig slemme folk som sitter der. Munthe fjerner dei aller fleste mytene om fengsel, og skaper ei historie som kan gje trygge rammer for eit barn når vedkommende kanskje skal besøke ein forelder eller ein anna nær slektning for fyrste gong.

Bokserien er rikt illustrert, og har mange flotte barnlige teikningar. Eg likte enkeltheten i illustrasjonene, men samtidig inneheld dei gode detaljer viss ein berre kikker litt ekstra etter. Som f.eks ein tyggis under skoen, bamsen til Martin som får eit sorgfullt uttrykk når Martin er lei seg, og andre små bakgrunnsdetaljer. Bamsen er forøvrig med på nesten kvar einaste illustrasjon der Martin er involvert. Det skaper ein tilhørighet og er ein liten raud tråd i teikningane. Så all honnør til Kim Andreas Kristiansen som står bak illustrasjonene.

Når Martin legg seg den fyrste kvelden, så har han ein vond klump i magen. Han saknar faren, og born skjønner meir enn dei gjer uttrykk for. Dette er gode betraktninger av forfatter, og viser at det hjelper å snakke om det, fremfor å stenge følelsene inni seg. Moren vert også litt frustrert av alle spørsmåla Martin kjem med, og hennes frustrasjon går utover Martin. Også her treff forfatter og illustratør meget godt med sine skildringer og illustrasjoner.

Etter kvart som moren fortel at faren er i fengsel, så synes fyrst Martin at det er skummelt og trist. Men når han får snakke med faren på telefon, så er guten meget opplagt og veldig glad. Ein føler verkeleg med Martin og moren, og det er på ein finurlig måte litt rørende å sjå illustrasjonene av ein liten gut som lyser opp, og nesten sprudler av å få høyre stemma til pappaen, og få lov til å fortelja alt som har skjedd i barnehagen.

Martin skjemmes over at faren sitter i fengsel, og tør ikkje å fortelja dei andre i barnehagen kvar pappaen er. I stedet går han i forsvarsposisjon, og byrjer å gråte. Litt fordi han ikkje heilt veit korleis han skal oppføre seg, eller kva han skal seie, og masse fordi han saknar pappaen sin. Igjen så løyser forfatter dette på ein forbilledlig måte ved å vise kor enkelt ting kan løyses for at barnet skal få ein enklere kvardag.

Bøkene fortsetter der den forrige slutta, så her er det naturleg å lese dei kronologisk. Det er korte tekster på kvar side, og passer heilt perfekt til høgtlesing i sofakroken eller ved sengekanten. Språket er enkelt og illustrasjonene fortel kva teksten handler om på ein meget god måte.

Munthe er innom dei viktigste problemstillingene ved å ha ein forelder i fengsel. Men ho viser også at det går ut over den andre forelderen som sit att med alt ansvaret. Moren jobber og sliter, og får logisk nok mindre tid til Martin. Dette går ut over alle parter, og forfatter skildrer ei vanskeleg tid utan å komme med skremsel.

For mange born er nok fengsel eit sted for tyver og drapsmenn. Derfor er det ekstra fint at Munthe ufarliggjer dette ved å male eit varmt og positivt bilete av faren. På samme måte forklarer ho kva som møter ein når ein kjem på besøk i fengselet. Dette er viktig for borna, og for vaksne for den saks skyld. Ved å forberede seg på eit besøk gjennom å lese desse bøkene, så vil det være lang mindre skummelt for borna å gå inn porten til eit fengsel.

Det er mange små og store detaljer eg kunne nevnt her, men eg vil spesielt nevne ein. Det er at Martin ser den skumle høge muren rundt fengselet. Den fremstår som skremmende. Men etter besøket har denne muren fått ein ny betydning for den 5 år gamle guten. Å bruke eit slikt språk, og trekke frem det skumle og få det til å bli til noko positivt i staden for.. Det er nettopp det som gjer denne boka ekstra spesiell og ekstra fin.

Så er besøkstiden over. Mamma og Martin går ut mot bilen. På veien snur Martin seg og ser på muren. Den er ikke like skummel lenger. Nå tenker Martin at muren passer på pappa.

Ein undrer seg litt over kvifor faren eigentleg sitter i fengsel. Forfatter går ikkje inn på dette, men omtaler det derimot som at pappaen har gjort noko som ikkje er lov. Som vaksen leser vert ein sjølvsagt litt nysgjerrig på kva han har gjort, men eg trur ikkje borna vil henge seg opp i det samme spørsmålet.

Me fylgjer heile prosessen frå faren havner i fengsel, stigmaet rundt dette, telefonsamtalen, kva som venter når ein kjem på besøk og kva forventninger ein kan ha rundt dette. Forfatter skildrer også dette med hjemmesoning, og dei positive og negative sidene ved dette. Alt er skrevet på eit språk som borna klarer å fylgje med på, noko som er imponerende.

Martin går til sengs. Han holder godt rundt bamsen sin og kjenner at den blir våt av tårer. Det var jo ikke sånn det skulle være å få pappa hjem!

I kvar bok er det kontaktinformasjon og kort forklaring på kva For Fangers Pårørende (FFP) er og kva det står for. Det står også om kva rolle ein barneansvarlig har oppi det heile. Dette er nyttig informasjon, og viser at ein ikkje står åleine sjølv om ein ektefelle/partner sit i fengsel.

Munthe kjem med gode forklaringer og har eit riktig fokus på det ho synes er viktig å skildre. Ho ufarliggjør, men samtidig viser realiteten. Dette er ingen lett oppgåve, så her må eg verkeleg berømme forfatter. Det er ein viktig tematikk som ikkje er særleg belyst av frå før.

«Pappa i fengsel» – serien er ein strålende ide, og særs godt utført. Charlotte Munthe viser kva som venter borna ved besøk i fengselet, og ho skildrer alt rundt dette med å ha ein forelder i fengsel på ein strålende måte. Denne serien burde nesten vert obligatorisk for alle barn før fyrste fengselsbesøk. Ein fantastisk serie som eg kan varmt anbefale videre.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s