Fakta og fiksjon om det okkulte går hånd i hånd i denne krimromanen.
- Norsk tittel: Lysets voktere
- Forfatter: Jan Magne Stensrud
- Sjanger: Krim, Spenning
- Antall sider: 232
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Bokhuset Forlag
Jan Magne Stensrud (Født 1963) er kommunedirektør i Gamvik Kommune. Han har tidlegare jobba som blant anna journalist, og har ein doktorgrad i historie. Han debuterte som krimforfatter i 2022 med «Jentene i graven», før han fulgte opp med «Lysets voktere» i 2023.

Journalist Jane Holte får et anonymt tips om å sjekke litt rundt saken der ei ung jente skal ha ramlet ned ei trapp. Det fører Jane og samboeren Morten Bergane til et hemmelig rom under sykeheimen i Drangedal, full av okkulte effekter og rekvisitter. Blant annet fanger ei eldgammel bok Jane og Mortens interesse.
Det viser seg at flere er interessert i den samme boka – og de vil gjøre mye for å bli bokas «rettmessige eier». Jane og Morten får hjelp fra en professor ved UiA i Kristiansand og de havner midt oppi en okkult seanse i Drammens villastrøk. Så skjer det noe!
Denne boka er eit leseeksemplar frå Bokhuset Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lysets voktere».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman, og er bok nr. 2 i serien om journalisten Jane Holte. Boka kan fint leses frittstående.
Hovedkarakteren i boka er Jane Holte. Ho er ein journalist i lokalavisa og er i 50-åra. Saman med sin nesten 20 år yngre samboer, Morten Bergene, begir dei seg ut på ei sak som får uante konsekvenser. Det starter heilt uskyldig med at dei kjem over eit hemmeleg rom under sjukeheimen i Drangedal. Blant gullmynter, kister og okkulte effekter ligg det ei gammel bok på eit bord. Det skal vise seg at dette er alle svartebøkers mor, og som har mange beundrere. Faktisk er den så ettertraktet at enkelte er villige til å drepe….
Handlinga foregår i Drangedal. Eit sted som i boka blir omtalt som okkultismens arnested i Noreg. Dette er eit godt utgangspunkt for den historia me får servert av forfatter Jan Magne Stensrud.
Ein trekk ganske tidleg linjer til bøkene som Dan Brown har skrevet, uten videre sammenligning forøvrig. Men det er historisk fakta blanda med ein god dose fiksjon og action. Stensrud får god bruk for både sine journalistkunnskaper og sin doktorgrad i historie. Og ein ser det att i teksten at dette er noko forfatter brenn for, og har god kjennskap til.
Jane er ein såkalt gravejournalist, og går ikkje i vegen for å få det som ho vil. Om det er å trosse mektige personer eller folk i makthavende posisjoner, ja så får det så være. Her er det jobben som kjem fyrst, og jakten etter det ultimate skupet bidrar til at både ho og samboeren etterkvart vert trekt djupare inn i det okkulte miljøet.
Forfatter kjem gjentatte ganger inn på tematikken rundt Gud og Satan, og henviser til bibelske vers og sitater. Det vert også ein del drodling rundt filosofiske store spørsmål. Ikkje alt er like interessant for sjølve handlinga, men det er likevel gode vinklinger rundt ein del av dialogene og samtalene som foregår i romanen.
Ved fyrste augekast kan omslaget minne meir om ei ungdomsbok enn ei krimroman for vaksne. Men etterkvart som handlinga utspeler seg, så finn ein fort ut at skinnet bedrar.
Forfatter har valgt å bruke overskrifter ved kvart kapittel. Dette fungerer slik det skal, og det vekker ein viss interesse til å fortsette å lese. Språket holder ei godt nivå, sjølv om enkelte dialoger hakker litt her og der. Stensrud er dyktig på karakteristikker og har klart å skape eit bra persongalleri.
Han var stor. Ikke bare høy, men også tung. Den skitne helsetrøya lå som et hullete pølseskinn rundt magen som truet med å sprenge seg ut i det fri. Det lille håret han hadde igjen, var kjemmer bakover og rakk ned til skuldrene. Han var iført en grønn shorts og på beina hadde han sennepsgule crocks. En skikkelig damemagnet, tenkte Jane ironisk og fisket opp notatblokka.
Eg må seie at eg likte meget godt spesielt ein karakter i boka, og det var historieprofessoren Harald Ronde. Han er virkelig ein eksentrisk karakter som går inn i oppgåva si med hud og hår. Han tikker nok alle boksene på det ein vanlig person på gata vil karakterisere ein historiker som. Eg synes likevel at den eksentriske siden forsvinn ganske tidleg, og her skulle eg gjerne sett at forfatter fortsatte å bruke A4-skildringer, slik at ein fekk eit klassisk skille mellom karakterene.
Enkelte steder kunne ein hatt mindre latter og smil når ein tenker på kva presserende situasjoner karakterene stod oppi.
Stensrud har lagt inn historiske korrekte fakta, og er innom grupper, organisasjoner, heksekunst, trolldom, satanisme, religion og det okkulte generelt. Temaer som har engasjert og provosert ein heil verden siden tidens morgon. Forfatter lar det skinne gjennom kva karakterene meiner om det eine og det andre, men sidan det ikkje finnes eit fasitsvar, lever diskusjonen videre i beste velgående.
«Lidelse kommer fra djevelen, men er det likevel Guds vilje som skjer? Dette stiller fenomenet ondskap i er merkelig lys. Kan det onde være ondt når det er Gud som står bak og trekker i trådene?»
Tempoet i krimromanen er som ein berg og dalbane tur. Frå actionfylte scener med høgt adrenalin, så går det veldig fort nedover når filosofiske spørsmål skal besvares, gjerne i lag med sitater frå avdøde store filosofer. På den eine sida vert det større realisme og ein sit med ein følelse av at det kunne ha skjedd. På den andre sida vert det ein del dødpunkter. Her er det ein hårfin balansegang som ikkje alltid er like lett å oppfylle.
«Kadettforening Valkyrien ble grunnlagt i 1898 av Christoffer B. Meyer, og fungerer som et organ for å ivareta kadettens sosiale behov. Mot slutten av 1800-tallet samlet en kvinneforening i Kristiania inn 600 000 kroner til bygging av KNM Valkyrien. Meyer og hans kadetter ærer kvinnenes arbeid og valgte samme navn på foreningen. Deres slagord er Ex unitate vires – styrke gjennom enhet.»
Ein fylgjer stort sett dei samme personene, og det er knapt ein bi-historie å oppdrive. På denne måten vert det eit konsentrert fokus på det forfatter ynskjer å formidle, og den historiske delen kjem meir til sin rett.
Det er ein interessant historie me får servert, der ein ikkje aner kven ein kan stole på og ikkje. Det er mange mørke hemmeligheter som ligg å lurer i kulissene, og det er ein salig blanding av fakta og fiksjon som blandes inn med krim og spenning.
«Lysets voktere» er ein krimroman med ein spenningsdel som drives framover av historiske korrekte fakta og fiksjon. Jan Magne Stensrud har ein god vinkling på det okkulte, og har sydd i saman ein engasjerende og livaktig krim som eg storkoste meg med.
TERNINGKAST: 5-