I denne diktsamlinga finn ein mange gode betraktningar rundt ordet kjærleik. På godt og vondt.
- Norsk tittel: Dikt om kjærlighet
- Forfattar: Anniken Knutsdatter
- Sjanger: Poesi
- Antall sider: 87
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Tekst Forlag
Anniken Knutsdatter har i årevis skrevet dikt på facebook og Instagram, og har ein eiga podcast. I 2020 gav ho ut diktsamlingane «Dikt med mening» og «Dikt om kjærlighet».

Frå omslaget: Dikt om kjærlighet er flotte og vakre dikt om nettopp det vil alle har et forhold til, kjærlighet.
Bli dratt inn i en verden av dype og rørende kjærlighetsdikt.
Gi vekk en bok til noen du er glad i og spre kjærlighet iblant oss. La deg bli fascinert av følelser du kanskje ikke selv klarer helt å sette ord på, la følelsene flyte i dikt om kjærlighet.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dikt om kjærlighet».
Som tittelen seier, så er dette ei diktsamling om kjærleik. Her finn ein 78 dikt om forskjellige typer kjærleik. Alt frå avstandsforelskelse til nær og god kontakt.
Ein god del av dikta er korte, og plassert oppe til venstre på sidene. Så sant det ikkje ligg noke symbolsk bak, er min meining at det ville vert meir stilfullt å hatt dei plassert midt på siden. Sidene vert litt tomme, når dei er plassert heilt oppe.
Selv i min
villeste fantasi
fant jeg deg.
Kjærleiksdikt er noke alle kan assosiere seg med, for alle mennesker har ein eller anna form for tilknytning til kjærleik. Om det så er til ein person, ein gjenstand eller eit fotballag, så har alle vert ramma av dette ordet.
Da er ingen raud tråd i plassering av eit dikt. Så ein går ikkje frå å vera nyforelska til å ha eit knust hjarta. Her er dei meir spredd rundt, og litt vilkårleg plassert i rekkefølgen. Da er i grunn heilt greit i denne type diktsamling.
Forfattar skriv om den store kjærleiken, om dei små øyeblikka, om lengselen etter å vera nær, og om saknet når det er vekke. Da går frå høge tinder, til djupe daler, frå nyforelskelse til knust hjarte. Mange dikt handler om hjartet. Bruken av dette ordet framhever den symbolikken og plassen eit hjarte har i kjærleik.
Nokre dikt går over fleire vers, og fleire av dei har rim i seg. Ellers er det stort sett korte fri-dikt. Men korte dikt kan inneholde like masse bodskap som eit meir utfyllande og langt dikt. Eg synes Knutsdatter klarar å fange både følelsar og bodskap ved hjelp av få ord på ein god måte.
Håper jeg aldri
sier opp abonnementet
mitt på deg.
Ho skriv óg om mangfald. At eit menneske må få kunne elske den man vil, uavhengig av kjønn. Nokre av dikta er metaforiske, andre er draumande og billedlige. Ein finn mange flotte betraktningar i dikta, og dei aller fleste er positive dikt.
Eg registrerte at nokre dikt var skrevet i fortid, medan andre er i nåtid. Kanskje ho skriv om svunnen kjærleik? Kanskje den store kjærleiken har erstatta den svunne? Er det sjølvopplevd? Spørsmåla er mange, men uansett så er tematikken, utførelsen og språket veldig bra.
Kjærleik kan vera så mangt, noke Anniken Knutsdatter klarar å få fram i denne diktsamlinga. Bli berørt av flotte dikt med eit stort og vakkert innhald.
TERNINGKAST: 4+