Døden skal du lide av Hanne Gellein

Ein skremmende god psykologisk krim med patolog Silje Andersen i hovedrollen.

  • Norsk tittel: Døden skal du lide
  • Forfatter: Hanne Gellein
  • Sjanger: Krim, Psykologisk
  • Antall sider: 284
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Cappelen Damm

Hanne Gellein (Født 1978) er utdanna sjukepleier. Ho debuterte som forfattar i 2020 med krimromanen «Alle fugler små». I 2022 gav ho ut «Døden skal du lide», som er bok nr. 2 om patolog Silje Andersen.

På Moveien sykehjem virker beboerne forskremte, redde og forvirrede. I det siste har det vært usedvanlig mange dødsfall med en uvanlig hard influensasesong, og samtidig er det lite penger til vedlikehold. Stakkars demente Alma Lien, hun kom seg ut gjennom de stengte dørene og ble funnet frosset i hjel. Rekken av dødsfall gir patologen Silje Andersen en dårlig følelse, og hun mistenker at noe kan være fryktelig galt. Men hvordan kan hun klare å bevise det? Det er jo naturlig at de gamle dør.

Denne boka er henta frå eiga bokhylle.

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein psykologisk krim som er inspirert frå virkeligheten, og er bok nr. 2 om patolog Silje Andersen. Den kan fint leses frittstående, men ein del koplingar til «Alle fugler små» er det.

Dette er mitt fyrste møte med forfatter, og eg har dermed ingen sammenligningsgrunnlag med hennes fyrste bok.

Allereie eit par sider inn i romanen så kjenner ein på følelsen av at historia kryper inn under huda på leseren. Det er psykologisk krim, der ein raskt innser at ting ikkje er som det skal. Gellein er dyktig til å skildre omgivelsene og klarer å mane fram den dystre stemninga i historien.

Silje Andersen er patolog ved St. Olavs Hospital. Overlegen Ottar Thorvaldsen tar ho med på ein obduksjon av ein pasient ved Moveien Sykehjem, og Silje byrjar å verte mistenksom når fleire av pasientene der dør tilsynelatende plutselig. Men ved obduksjon finn dei ingen utpregede årsaker. Pasientene er gamle, og ein hard influensasesong er over dei. Likevel er Silje standhaftig og følger magefølelsen av at noko er galt..

Personregisteret er relativt stort, der forfatter introduserer dei fleste i byrjinga. Her må ein holde tunga rett i munnen, og være konsentrert medan ein les. Nokre fades ut av historien relativt tidleg, medan andre vert nøkkelpersoner. Enkelte personer fylgjer med videre frå den fyrste boka, og her har Gellein valgt å ikkje kjøre ei rask oppsummering av desse. I så måte er det ein fordel å lese «Alle fugler små» fyrst. Forfatter kunne nok ha brukt nokre linjer for å sette nye lesere inn i kjennskap av desse karakterene, for å gjere boka meir frittstående.

Torfinn Morken er leder på Moveien sykehjem, og er ein særs karismatisk karakter. Han er djupt religiøs, men går ikkje i vegen for å kikke på unge ansatte. Med han får ein diverse sitater frå Bibelen, og han gjentar stadig fleire av dei 10 budene. Ein får raskt følelsen av at det er noko spesielt med denne karakteren. Dei ansatte reagerer på oppførselen hans, og stiller spørsmålstegn ved den jobben han gjer ved sykehjemmet. Men Torfinn vil berre det beste for pasienter og dei ansatte.

Dei aller fleste husker sangen Bro bro brille frå barndommen av. Det har heile tida ligget noko uforløst og ein mørk undertone i teksten. Forfatter tar dette videre, og skaper ein guffen stemning med denne sangen som utgangspunkt. Nok eit strålende verkemiddel som Gellein har tatt i bruk.

Bro, bro brille, klokka ringer elleve. Keiseren står på sitt… Silje gikk taktfast opp de siste trappetrinnene. Sangen som var det siste av språk Alma Lien hadde, sangen som smittet over til de andre. Kvinnen på oppholdsrommet hadde rugget taktfast fram og tilbake… Fare, fare krigsmann, døden skal du lide.

Silje sliter med fortida si. Ein eks av ho fylgjer etter ho, og skremmer ho opp. Det er hvertfall det ho tror. Men er dette tilfelle, eller er det noko som foregår i sinnet hennes? Ho høyrer stemmer i hovudet, og her har forfatter gjort ein mesterlig jobb med det psykologiske spelet. Ein kjenner sjølv på forvirringa karakteren opplever, og det er mange episoder der ei nerve ligg og dunker rundt historien.

Det er lite politi involvert, så avansert etterforskning og inngående avhøyr av vitner og mistenkte finn ein ikkje i denne krimromanen. Gellein har valgt å spele på det psykologiske, og det gjer ho med stil.

Det er ein ullen og mørk stemning på sykehjemmet. Pasientene er redde og oppskremte. Dei seier at det er nokon som står og ser på dei i rommet, men dei fleste er demente og tungt medisinerte. Er det fri fantasi, eller er det reelt? Også dei ansatte føler at noko er galt, utan at dei heilt klarer å setje fingen på kva. Er det nokon av dei ansatte som er involvert, eller er det ein utenforstående? Eller er alt berre fri fantasi frå demente pasienter?

Ubehaget ga seg ikke, hun så seg bak. Var det noen som iakttok henne? Det var ingen i korridoren, og til venstre lå kontorene tomme og forlatt. Anette Sjøli tok fram adgangskortet, måtte komme seg raskt inn på medisinrommet. Der var det lyst. Kontorene hadde glassvegg mot korridoren med mørkegrå lameller som hindret innsyn. Hun stoppet brått. I det ene så hun bevegelse. Lamellene svingte forsiktig fram og tilbake.

Som leser får ein eit innblikk frå forskjellige sider og personer. Det er med andre ord parallelle historier, og ein ligg til tider eit hakk foran i forteljinga. På denne måten vert det få overraskelser, men nerven er konstant, og ein sitt med følelsen av at det som ser opplagt ut nødvendigvis ikkje er det. På mange måter så leker Hanne Gellein med sinnet til leseren, og skaper forvirring i topplokket medan ein les.

Forfatter viser korleis det å opprettholde ein ytre fasade kan manipulere personer på ein enkel måte. Ein veit egentlig ikkje kva naboen driver med bak husets fire vegger. Slik er det også i denne romanen. Er ting som det ser ut til, eller er det ein eller anna som skjuler grufulle hemmeligheter?

Ein og anna gjentaking vart det når ho skildrer diverse lukter. Dette er noko ein lett kunne unngått, så det overrasket meg litt. Miljøskildringene ellers er strålende, og ho befester den dystre stemninga boka gjennom. Det ligg og verker som eit åpent gnagsår, og ein vert påverka av språket og karakterene i boka. Dette er strålende gjennomført og er ingen lett oppgåve å mestre, så all mogleg ros til forfatter for dette. Ein legg også merke til dei korte setningene i skildringene hennes. Konkrete og stemningsskapende.

I vannet lå en hvit skikkelse. Kald og urørlig. Munnen gapte og hånda strakte seg som en klo etter noe, hadde stanset i bevegelsen. Frosset i tid. Ansiktet var hovent med et blåskjær som visket ut ansiktstrekkene. Oppsperrede øyne stirret rett mot dem. En matt grå hinne lå over netthinnen og skjulte pupillene. Gjorde ham utenomjordisk. Et hyl spredte seg, resonansen mellom steinveggene skapte flere stemmer som la seg oppå hverandre. Koret fylte hele grotta.

Eg sakna fleire gode cliffhangere. Ofte vart det ein setning for masse som avslørte videre fremdrift før kapittelet tok slutt. Her skulle eg gjerne sett at Gellein holdt litt tilbake, slik at spenninga vart opprettholdt enda lengre.

Drivet i historia er solid sjølv om enkelte føringer er lagt. Ein veit aldri om forfatter legg inn diverse feller, eller om ho bruker fri fantasi og tar eit steg og to vekk frå den opprinnelige historia. På denne måten held ho på spenninga til siste slutt.

«Døden skal du lide» er ein velskrevet psykologisk krim som kryp under huda på leseren. Med sine gode miljøskildringer og dysfunksjonelle karakterer, er dette ei bok du vil hugse i lange tider etter at siste side er lest. Hanne Gellein imponerer med sitt språk og sine betraktninger. Denne kan eg anbefale på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s