Ei poesibok som er i brytningspunktet mellom prosa og lyrikk.
- Norsk tittel: Mjuk som pannacotta
- Forfatter: Benedicte Rydland Hareide
- Sjanger: Poesi, Lyrikk
- Antall sider: 55
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Lyrikkforlaget
Benedicte Rydland Hareide (Født 1963) er bosatt i Alta, og har tidlegare jobba som lærer ved videregående skule. I 2022 gav ho ut poesiboka «Mjuk som pannacotta».

Om vemod og savn, om en gjenklang av det som en gang var mellom to mennesker, om lysglimt og håp. Naturen danner bakgrunn for mange av diktene, som er i grenseland mellom prosa og lyrikk.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mjuk som pannacotta».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei poesibok på nynorsk som innehar 31 forskjellige innslag. Boka varierer mellom dikt og meir prosaaktig innhald.
Forfatter bruker overskrifter og har ellers eit oversiktlig, enkelt og stilreint oppsett. Det er ingen bilete/illustrasjoner i boka. Overskriftene reflekterer innhaldet, om enn noko vagt her og ser. Dette pirrer nysgjerrigheten til leser, der ein gjerne må reflektere litt for å skjønne. Men det er ein tanke bak alle.
Alle dikta er skrevet i fri-dikt format. Nokre er også skrevet i meir forteljande former, for som det står skrevet bak på omslaget så er det i grenseland mellom prosa og lyrikk. Og det kan eg bekrefte.
Gitarmannen mister alt han elskar, gitarmannen går frå alt som var,
Utdrag frå «Sound».
gitarmannens barndomsheim blir riven, gitarmannenes andlet blir gøymd bak mørke drag,
men sounden han klimprar fram når fyllikane slåst i sagmuggen og kvinnene ikkje er kvinner meir, sounden er lengta etter sounden, lengta etter trappetrinnet nærast den støvete jorda.
Naturen er flittig brukt og gir stadige gode assosiasjoner for leser. For natur er noko me alle har eit eller anna forhold til, og metaforbruken vil derfor være ein sikker kjelde til inntrykk og forståelse. Hareide bruker den storslåtte vestlandske naturen med høge fjell og djupe daler som grobunn for fleire av sine lyriske innslag.
Det er god lengde på diktene, og dei aller fleste er skrevet i forklarende setninger. Likevel er det rom for tolkning og refleksjoner. Hareide imponerer med sitt språk og ein ser med ein gong den poetiske og vare klangen i forteljarstemmen.
Så fint å sjå at du er deg sjølv att, sa du, frå hagestolen din, og eg
Utdrag frå «Inkje er nytt».
skjenkte raudgyllen saft til oss båe og fekk til eit smil, og du veit ikkje at smilet enno er stramme musklar,
at kroppen er mørbanka,
sinnet er sløvt,
og sjela i ferd med å vakne.
Forfatter er innom fleire temaer, der frykt, holde ein ytre fasade, religion, krig, relasjoner, sakn og vemod er nokre av dei. Ho skildrer eit levd liv. Eit liv som reflekterer saknet etter det som var, og søken etter det uoppnåelige. Det er ein vemodig tone over orda, men samtidig så er det eit håp der om betre tider, om å heve blikket og sjå framover.
Eg sakna ein raud tråd som bandt det heile meir saman. Sjølv om innhaldet forsåvidt til ein viss grad kan knyttes saman, så skulle eg gjerne sett at det var ein heilhet i boka.
Hareide skriv fyrst og fremst om relasjoner, om tida som var, om det å ha grodd fast på ein stad og ikkje komme vidare. Draumen lever, men den vert ikkje oppfylt. Så forsvinn makkeren ut av livet, og draumane vert bytta ut med saknet, sorga og vemodet om å være åleine. Forfatter bruker poetiske vendinger som viser mangfaldet i språket hennar. Ho leikar med ord, men samtidig gir det dybde til innhaldet. Dette kjem tydeleg fram og fremhever bodskapet på ein strålende måte.
Du kjem og du held meg tett inntil deg
Utdrag frå «Mjukt som pannacotta».
Eg stryk deg til du vert varm
Og natta er kald, men eg kviler i deg
Mjuk som pannacotta
Eg høyrer den knitrande kulda vil inn
Eg tullar meg inn i mi dyne
I draumen så ligg vi kinn imot kinn
Mjukt som pannacotta
Denne boka ville vert heilt perfekt som lydbok. Eg formelig høyrde stemma til Frode Grytten medan eg las, for det er ein klang i det Hareide skriv som gir ein balansert rytme og tempo. Det er avslappende å lese når dette fell på plass.
«Mjuk som pannacotta» er ein brytning mellom poesi og prosa. Med sine poetiske vendinger og vare ord er dette ei bok som gjer til at ein senker skuldrene, sjølv om innhaldet kan være vemodig. Hareide viser med denne boka at ho bør nåes ut til eit større publikum. Anbefales.
TERNINGKAST: 5-