Hønsehuset i Toscana av Mona Helene Eidem

Ein roleg og hjertevarm oppfylgjer til romanen «Farvel til krumkakene».

  • Norsk tittel: Hønsehuset i Toscana
  • Forfatter: Mona Helene Eidem
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 249
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Eidem Forlag

Mona Helene Eidem (Født 1964) bor i Mo i Rana. Tidlegare jobba som pedagog, men driv no sitt eige firma, Eidem Kommunikasjon, og sitt eiga forlag, Eidem Forlag. Ho debuterte med novellesamlinga «Løvhytta» i 2015, før ho kom ut med krimnovellesamlinga «Alt det vi ikke ser» i 2018. «Farvel til krumkakene» er hennes fyrste roman. I 2022 kom ho ut med «Hønsehuset i Toscana», som er oppfylgjaren.

Den lengste reisen Johanna har tatt, er med bussen inn til byen. I snart syttifem år har Johanna alltid gjort det som har vært forventet av henne. Nå nærmer det seg feiring av hennes syttifem års dag, og femti års bryllupsdag sammen med sin Eilert. Problemet er bare at Johanna nekter å feire det på tradisjonelt vis. Hun reiser på jentetur til Toscana. Der blir hun trukket med i et absurd drama. Eilert finner et brev som Johanna har lagt igjen til han. Dermed beveger Eilerts liv seg mot en katastrofe.
Skal de ikke gå mot skumringen sammen?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Hønsehuset i Toscana».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein frittstående oppfylgjer til romanen «Farvel til krumkakene» som kom ut i 2020. Sjølv om den er frittstående så vil eg anbefale å lese bøkene kronologisk.

Me møter att Johanna, Eilert, Anna, Ludvig, Silje og Monika, som me vart kjend med i den fyrste romanen. Forfatter kjem ikkje med noko resymé av noko slag, men henviser kort til enkelte episoder. Så for å forstå dynamikken mellom karakterene bør ein ha lest den fyrste romanen.
Eg sakna enda meir dybde i personlighetene, sidan forfatter berre skraper på overflata.

Johanna og jentegjengen sin har bestemt seg for å reise på jentetur til Toscana. For Johanna, som har vert fastgrodd på bygda i alle år, vert dette ein stor omveltning. Det samme må kunne sies om ektemannen Eilert som finn eit brev ein dag han kjem heim. Han trur at ho har gått i frå han, og går inn i ein depressiv periode. Vél så viktig er det kva folk på bygda vil kviskre bak ryggen hans no når kona hans gjennom femti år, plutseleg har reist.

For Johanna sin del vert dette eit øyeblikk der ho lausriv seg frå Eilert, og det dei har stampa oppi i alle år. No er ho fri frå det trauste livet, men er graset alltid grønnere på den andre sida? Ho kjemper ein innbitt kamp med seg sjølv, og rives mellom dårlig samvittighet overfor Eilert, og den gode følelsen av å komme seg ut i verda. Med god hjelp frå venninnegjengen sin, får ho etterkvart smaken på det enkle livet i Toscana.

Venninnegjengen er det stor aldersforskjell på. Men dei supplerer kvarandre godt. Dei eldre kjem med livsvisdom, og dei unge kjem med pågangsmot. Saman roter dei seg oppi ein absurd situasjon, som innebærer politijakt og internasjonal presse.

Starten kan være litt forvirrende, og det tar litt tid før ein kjem inn i historia. I starten veksler kapitlene mellom Eilert som sit heime, og Johanna med sin gjeng som er i Toscana. Her skulle eg gjerne sett at ein vekslet enda meir på kapitlene, slik at enkelte cliffhangere ikkje vart avslørt på neste side.

Boka er hjertevarm og sakte oppbygget. Det er detaljstyrte skildringer som ofte fører til såkalt «kosesnakk». Det er mange miljøskildringer som gjer til at ein vert som ei flue på veggen. Feel-good roman med ein god undertone og ein småartig historie får du med deg på vegen.

Så fløt det toner ut i rommet. En opera sunget på italiensk som ingen forsto, som alle forsto. Det var som om hele denne reisen, denne opplevelsen, ble beskrevet i sangen, som om den handlet om dem. Det var så sørgmodig vakkert, nesten som fra en annen verden da sangeren nådde de høye tonene. Det sved i hjertet.

Motsetningene til Johanna og Eilert kunne ikkje vert større. Der Johanna blomstrer, klapper Eilert desto hardere saman. Men med gode og omtenksomme vener, så går det meste på eit vis. Det er likevel mange spørsmål som skal besvares undervegs, og slutten er til dels oppklarende sjølv om det heng igjen nokre spørsmålsteikn. Eg synes Eidem har klart å skrive ein god historie, som er forankret i samhold og kjærleik.

Eidem speler på relasjoner, og at ein kan fort ta kvarandre for gitt. Det er ei til tider følelsesladet bok, der grunnmuren i eit liv brått vert revet vekk. For min del vart det ein del langdryge skildringer, som gjorde til at framdrifta stoppet opp. Men det er garantert mange lesere som vil trykke denne type bok til sitt bryst.

Etter å ha vært innom en matbutikk og fått med seg det viktigste, rullet de sakte hjemover. Det var blitt ettermiddag, sola var på tur ned og gav landskapet et anstrøk av varme. En slik varme hun aldri hadde opplevd noe annet sted. Hvis et landskap kan kalles romantisk, så må det være dette, tenkte hun. De bølgende åsene med sypresser og vinranker, de vakre olivenlundene. Alt dette, i tillegg til de tre glassene med vin som hun hadde drukket, gjorde at hun kjente seg rolig. Og denne roen bestemte hun seg for å utnytte.

Kulturforskjeller kjem godt fram i romanen. Italienere uttrykker meir følelser både i daglegtale og kroppsspråk. Dette vert ein heilt ny verd for Johanna, som etterkvart lengter heim til den trygge bygda si. Men fyrst har dei eit oppdrag dei må utføre…

«Hønsehuset i Toscana» er ei sakte oppbyggende roman som innehar eit bunnsolid språk. Den er morosam, romantisk og vemodig med eit underliggende bodskap. Liker du gode miljøskildringer og detaljerte forklaringer, så er dette ei bok du bør sjekke ut.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s