Mandagsengel av Heidi Raae

Lykken smiler til Nina når draumemannen er i boks. Men idyllen trues av ekser og bonusbarn. Dette er oppfylgjaren til «Søndagsbitch».

  • Norsk tittel: Mandagsengel
  • Forfattar: Heidi Raae
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 283
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Heidi Raae

Heidi Raae (Født i 1979) er ein norsk forfattar som bur i Ski. Ho debuterte med «Søndagsbitch» i 2017. Sidan har ho gitt ut samme bok i revidert utgave i 2020, og ho har også skrevet oppfølgjaren «Mandagsengel», som også vart gjeven ut i 2020.

Endeleg har lykken snudd for Nina. Det som ho har gått rundt og håpet på så lenge, har blitt ein realitet. Nina har funnet drømmemannen, og nå er det bryllup og barn ho fantaserer om. Samtidig har Nina funnet tilbake til gamle vennskap, så livet smiler verkeleg til ho om dagen. Men så var det dette med bonusbarn og ekser da. Kor lenge varer idyllen når desse byrjar å blande seg inn i forholdet? Og kor vert det av desse såkalte vennene hennes når ting byrjer å verta litt tøft, og ho treng dei meir enn nokon gong før? Dette er oppfylgjaren til «Søndagsbitch», der me vart kjent med Nina.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mandagsengel».

«Mandagsengel» fortsett der «Søndagsbitch» slutta, så eg anbefal på da sterkaste å lesa den fyrst.

Forfattar Heidi Raae fortset i samme spor som forrige bok, der Nina fortsatt til tidar er ei dramaqueen med masse følelsar, og rotar seg stadig opp i morosamme situasjonar. Vennene hennar er egentlig ikkje stort betre, og komplikasjonar og misforståelsar må sjølvsagt oppstå.

Eg må berre få seie med ein gong at denne boka er eit hakk opp i forhold til den forrige. Her føler eg at forfattar har ein meir målretta historie frå start til slutt. Den er bunnsolid, og det er ikkje så masse «kliss og tårer» som i den forrige boka. Ikkje at det er noko galt i det, men det kan verta for mykje av det til tider. Eg meiner at progresjonen til forfattaren er godt synleg, noko eg alltid finn stor glede i.

Språket er lekent og lett, der humor ligg til grunn for heile forteljinga. Men det er på ingen måte overdrevet. Det er like masse såre følelsar, med sakn og svik, og balansegongen mellom desse kjenslene kjem verkeleg til sin rett i denne romanen.

«Jeg satt mellom pest og kolera fra Tokyo til København. På den ene siden satt det en gammel mann som var lam i beina, stinket tåfis og strødde flasset fra håret sitt rundt som kaneldryss. På den andre siden satt det en ung forretningsmann, men han var en grinebiter som bjeffet bare jeg pustet.»

Der eg visste at «Søndagsbitch» var ei bok mynta på kvinner, så føler eg at «Mandagsengel» har tatt eit lite steg i retning nøytral lesarskare. Visst vil denne boka bli lest av flest kvinner, men dette er ei bok også mannfolk kan finne meget underholdande og leserverdig.

Ved å fylgje Nina gjennom denne boka så fekk eg sympati for dama i da eine øyeblikket, og rista oppgitt på hovudet i det neste. Heidi Raae har verkeleg klart å skapa ein hovedkarakter som engasjerar lesaren på godt og vondt.

Denne romanen var rett og slett vanskeleg å leggja frå seg. Den vart lest på ein dag, og var ei oppslukande bok. Det skjer noko heile tida, og kunne eigentleg vert eit manus på ein romantisk komedie.

Eg håpar at folk får opp augene for Heidi Raae og desse to bøkene om Nina Lunde og hennes vennekrets i jakten på draumemannen og det perfekte liv. Treng du å slappa av med ei god og morosam bok? Då anbefaler eg at du kikker på denne serien.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s