Tannhjulet av Venke Astrid Gangstø

Ein humoristisk roman om det å vere arbeidsledig og vegen tilbake til arbeidslivet.

  • Norsk tittel: Tannhjulet
  • Forfatter: Venke Astrid Gangstø
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 190
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Venke Astrid Gangstø (Født 1967) er utdanna lektor i norsk. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Bed & breakfast» i 2020. «Tannhjulet» er hennes tredje roman og vart utgitt i 2022.

Jan-Roger Hansen mister plutselig jobben, og kort tid etter blir han også forlatt av kona. Han forsøker å skaffe seg en ny jobb, men det viser seg å være vanskeligere enn han trodde. Forholdet til Nav blir ikke det beste, og Jan-Roger får kjenne hvordan det er å falle utenfor samfunnet. I en stadig mer håpløs livssituasjon oppstår et uvanlig vennskap mellom Jan- Roger og selve katalysatoren som fikk ekteskapet til å rakne, edderkoppen Einar.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tannhjulet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Denne romanen tar for seg ein del mørke og dystre temaer med glimt i øyet.

Me møtet Jan-Roger Hansen. Han er ein mann i midten av 40-åra som nylig er blitt arbeidsledig. Med dette fulgte også ein separasjon frå kona. Nå sitter han og søker på jobb etter jobb, samtidig som NAV henger over skuldrene på han. Han føler at naboene skuler på han og følelsen av å være mislykket blir meir og meir fremtredende. Han har få venner, men han finn seg ein litt utradisjonell bestevenn i edderkoppen Einar. Korleis skal han finne vegen tilbake til arbeidslivet?

Tonen er lett, og forfatter har lagt inn små humoristiske tanker og situasjoner, og kjem også med små stikk her og der. Å være arbeidsledig er ein heiltidsjobb. Ein har aldri fri, og det føler Jan-Roger på i denne romanen. Hovedkarakteren er ein person som ein vert godt kjent med, og ein kan ikkje gjere annet enn å smile over hans underfundige betraktninger, og originale søknader når han ser at dei vanlege ikkje når fram.

Etter en viss tid som arbeidssøker, så kjente Jan-Roger seg ikke igjen i noen av disse stillingsbeskrivelsene. Etter tusenvis av søknader brenner en ikke for noe som helst. Man er mer som en slokna flamme. Nei, som iskald aske totalt uten glør i.

Einar er ein anna karakter i historia. Han er ein edderkopp som har tatt bolig i stova til Jan-Roger, og er indirekte årsaken til separasjonen. Men Jan-Roger og Einar vert gode kompiser, sjølv om Jan-Roger byrjer å bli usikker på kva kjønn Einar egentlig er, og han går langt for å finne det ut. Dette viser kva for ein karismatisk karakter denne Jan-Roger er. Det er morosamt og ein kan ikkje gjere annet enn å riste på hovudet og smile over hans påfunn og tankesett.

Når han ikkje skriv søknader, så sitter han ved vinduet og spionerer på naboene. Det går så langt at han fører skjema og registrerer tidspunkter. Men han klarer også å få tid til å setje seg ned for ein TV-maraton og to. Her skildrer Gangstø kva han ser på, og går nærere inn på enkelte serier. Det er artig viss ein kjenner til desse, men føles nok litt unødvendig om ein ikkje aner kva ho skriv om.

Han skrev ned klokkeslettet i skjemaet. Enten hadde hun gjort nummer én, eller så hadde hun kanskje uregelmessig avføring og gjorde nummer to uansett når på døgnet det var. Han hørte at det ble skylt ned enda en gang. Mye papir altså. Da var det heavy shit.

Oppi alt det småartige og bisarre, så finnes det eit alvor. Me får ta del i ein kvardag der ein person har falt utfor fellesskapet, og lukker seg meir og meir. Han vert folkesky, og føler på eit mismot når avslaga kjem i hopetall. Å føle seg mislykket og ikkje god nok, er det nok mange som har følt på. Rekninger som skal betales, og mat som skal handles. NAV som stadig kjem med nye måter å forsøke å få Jan-Roger ut i arbeidslivet att er ein klassiker, og her er det mange som vil kjenne seg att.

Vinklingen forfatter har valgt er at ho har skrevet meir om situasjonen enn om personen. På denne måten får ho satt ting på spissen, og her er det ironi, mørk humor og alvor om ein annen. Samtidig er det eit reelt alvor i biletet, der eit menneske og eit menneskesinn er i ferd med å gå til grunne. Kva gjer offentlige etater i ein slik situasjon? Stiller dei få vennene hans opp? Kva med eks-kona? Eller er det edderkoppen Einar som vert hans største støttespiller?

Handle når tannhjulene var opptatt. Handle i hettegenser med hetta over. Solbriller på tjukkeste vinteren. I helspenn hele turen av frykt for å støte på noen kjente. Ikke møte blikk. Ikke kjenne noen. Ikke bli gjenkjent. Slippe å snakke. Alle skulle så gjerne gi råd.

Gangstø har skrevet ein del faktaopplysninger om blant anna edderkopper, der ho går grundig til verks når Jan-Roger melder seg inn i Norsk entomologisk forening. Så kan ein diskutere kva det har å seie for framdriften og bodskapet i historien, for noko av det føltes overflødig.

Å vere arbeidsledig kan vere ein stor belastning, og ein kan føle på ein stigmatisering av samfunnet. Eg synes forfatter har drodlet veldig bra rundt nettopp dette, og viser forskjellige sider av det å vere arbeidsledig. Det er ingen dans på roser om nokon skulle tru det.

Det er korte kapitler og innehar eit godt og lett språk. Tonen i boka varierer, men smilet er aldri langt vekke sjølv om innhaldet til tider er dystert.

Eg likte måten historien utspant seg på. Karakteren er dynamisk og utvikler seg heile vegen. Her har forfatter gjort ein god jobb. Det er heller ingen selvfølge korleis boka vil ende, så her er det spenning til siste slutt.

«Tannhjulet» er ein roman som handler om å falle utenfor arbeidslivet. Det å ikkje lenger vere eit tannhjul i eit stort drivverk. Med ein lett tone skriv Venke Astrid Gangstø om eit dystert og alvorlig tema. Mange vil nok kunne nikke gjenkjennende i enkelte situasjoner, sjølv om det er mange bisarre scener i romanen. Dette var ei fornøyelig lesestund.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s