Mia Myhr og barna som forsvant av Sara Hjardar

Ein teikneserie for barn med klare skrekk og grøsserelement.

  • Norsk tittel: Mia Myhr og barna som forsvant
  • Forfatter: Sara Hjardar
  • Sjanger: Teikneserie, Born og ungdom
  • Antall sider: 165
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Egmont Kids Media Nordic AS

Sara Hjardar (Født 1998) har ein bachelor i grafisk design og illustrasjon frå kunsthøyskolen i Oslo. I 2021 vann ho Egmonts store tegneseriekonkurranse, og det ferdigutviklede resultatet vart «Mia Myhr og barna som forsvant» som kom ut i 2022.

Mia Myhr flytter med foreldrene og søsteren Hanna til bestemorens hus i utkanten av en skog. Bestemoren hennes forsvant sporløst for fem år siden. Mia tar med seg tegneblokken sin inn i skogen, der hun oppdager et tjern som aldri har vært der før, og får et glimt av et skremmende, mystisk dyr. Når søsteren og vennene hennes blir borte etter en badetur til tjernet, må Mia prøve å finne ut hva som har skjedd – ved å dykke ned under den mørke overflaten.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Egmont Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mia Myhr og barna som forsvant».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er fyrste bok i ein ny teikneserie i grøssersjangeren, som passar for barn frå 10 år og oppover.

Mia og Hanna er søstre, men Mia holder seg mest for seg sjølv og tar ikkje del i Hanna sitt liv. Hanna på sin side forsøker å inkludere Mia, men møter stort sett ei kald skulder. Dei havner i ein krangel, så når Hanna og nokre andre venner av ho forsvinner etter ein badetur i eit tjern i skogen, byrjar samvitet og følelsene til Mia å spise henne opp innenfra. Ho skjønar at ho må finne att Hanna, men det er noko mystisk med skogen og tjernet…

Allereie i starten av boka får leser ein snikende følelse av at dette er eit sted utenom det vanlege, takket være den fantastiske stemninga i illustrasjonene. Det er mørkeblå farge som preger mange av teikningane, og skaper eit dystert og mørkt inntrykk.

Hjardar har ein særegen teikneteknikk, der ho bruker røffe overflater når ho «zoomer» ut biletet. Då forsvinn ansikter og andre detaljer. Til gjengjeld henter ho det inn att i nærbileta med meget gode ansiktsuttrykk. Snakkeboblene heng saman og skaper ein logisk rekkefølge, som gjer dei enkle å lese. Dette er ofte ein utfordring, men her er det løyst på ein enkel, men effektfull måte.

Historien er er spennende og skummel. Eg leste boka fra a til å, då den var umogleg å legga frå seg. Ein vert dratt rett inn i universet til Hjardar, og ein blir der til siste side er lest… Og gjerne litt lengre også, for ein føler at dette er noko spesielt. Ein har vert med på noko spennende, noko utenom det vanlige.
Alle ingrediensene for å skape stemning og ei god historie er med.

Mia har mange lag i seg som karakter, noko forfattar nok kjem til å spele på utover i serien. Kvifor har ho ingen vener? Kvifor liker ho ikkje nærkontakt? Og kva for mørke krefter bor i denne 13 år gamle jenta? Er det noko ho kan kontrollere sjølv, eller er det noko eller nokon som besetter ho? Samtidig er det noko menneskeleg godhet i ho, og som skaper ein fin motsetning til alt det dystre. Det er mange spørsmål, og langt frå alle vert besvart i denne fyrste boka.

På ein del sider er det ingen tekst. Her har forfatter latt illustrasjonene tale sitt tydelige språk, og det har ho klart med stor suksess. Hjardar har ein strålende vinkling og utførelse av skrekk og grøsser-moment i teikningene. Eg likte særskilt måten ho klarer å skape glimt frå grøsser-verdenen når ho teiknar inn eit vesen som kjem inn i biletet og stiller seg bak Mia. Det er stor kunst!

Borna kjem til å elske denne serien. Den er akkurat passe skummel, og historia treff deg sjølv om det er ei heilt urealistisk handling. Men med dei levende illustrasjonene er du til stades likevel. Du lever deg inn i handlinga, og du gløymer tid og sted. Eineste minuset eg fant med boka, var at eg må vente på fortsettelsen..

Ikke vær så dømmende da. Det er ikke så ille som du tror! Så lenge vi holder oss unna dødsmyrer, julmer, fjesslukere, knokkelknekkere, wranglere eller alle de andre udyrene som kan drepe oss, så skal dette gå kjempefint!

Teikneseriebøker er i vinden som aldri før. Dermed må ein forsøke å skilje seg ut frå mengden, og det har Sara Hjardar virkelig klart med denne boka.

«Mia Myhr og barna som forsvant» er ein einestående god start på ein ny teikneserie. Med sine stemningssettende illustrasjoner og skumle historie vil dette bli ein favoritt blant borna. Sjølv eg som vaksen falt fullstendig for denne fyrste boka. Wow, for ein start.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s