Ei sterk diktsamling om å føle seg utenfor og annerledes.
- Norsk tittel: Årringer
- Forfatter: Eva Barck
- Sjanger: Poesi
- Antall sider: 62
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Lyrikkforlaget
Eva Barck (Født 1980) jobber til dagleg med ulike kultur og filmprosjekter. Ho debuterte som forfattar med diktboka «Årringer» i 2022.

Årringer tar deg med på en til tider heseblesende ordreise gjennom et neurodivergent sinn. Hvor tankene smeller mellom veggene og lyden av en myk konsonant kan sende deg på ville veier. Hva skjer den dagen da en pille stiller stormen? Blir alt bedre da?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Årringer».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei diktbok med neurodivergent sinn som hovedtema, og inneheld 42 dikt.
Neurodivergent er eit samlebegrep innenfor forskjellige tilstander der hjernen fungerer annerledes, som f.eks ved autisme, ADHD og dysleksi. (Dette ifølge mine søk på google, med forbehold om at desse artiklene er korrekte).
Diktene varierer stort i lengde og innhald. Nokre går over fleire sider, medan andre kan vere på nokre få ord. Kvart dikt har overskrift og er skrevet i fri-dikt format.
Det handler om å vere annerledes, om å føle seg oversett og misforstått, og at ein agerer ut frå den tilbakemeldingen ein får servert. Dette gjer til at ein fort kjem inn i ein ond sirkel, og ender med at det er denne personen som må tilpasse seg omgivnadene, og «mister» seg sjølv ved å måtte vere ein person ein ikkje er.
jeg føler jeg har tilpasset meg
Utdrag frå diktet «Kameleon».
livet
så mye at jeg ikke vet hvem jeg er lenger
vet ikke hva mine sterke sider er
hva som er meg
eller hva som er egenskaper andre har ønsket av meg
Det er forskjellige typer dikt, både i oppsett og utførelse. Nokre er bastante, medan andre kan vere tankevekkende og meir svevende. Utover i boka skifter dikta meir karakter. Her skiv forfatter om kjærleik for eit barn som er kommet til verden, og det å vere eit fast holdepunkt og eit anker i stormen.
Det er lite bruk av tegnsetting, og Barck har bevisst skrevet sine dikt med kun små bokstaver. Når ho ein sjeldan gong her og der bruker store bokstaver, så lyser orda opp og ein skjønar enkelt kva ho vil poengtere. Dette er eit godt verkemiddel for å fremheve bodskap også meir visuelt.
det er så trist
Utdrag frå diktet «Noen».
forkastelig
at du med alle dine talenter
ressurser
ikke får brukt deg
at ikke noen gir deg sjansen
SÅ BRUK MEG DA!
GI MEG EN SJANSE!
Forfatter gjemmer seg ikkje bak store ord og ekstravagante vendinger. Det er ektefølt og nakent, og ein får følelsen av at det er ein liten person mot resten av verda.
Eva Barck har ei god «fortellerstemme», og er flink til å formidle. Det er lett å lese både i dikta og mellom linjene at det er sterke følelser i sving. Ho skildrer ein kvardag som er både vond og tøff, og ho har skrevet dikta på ein slik måte at ein fylgjer ein oppvekst og til ein er vaksen. Forandrer ting seg med årene? Blir ein sett annerledes på som ung i forhold til når ein er vaksen? Og som det står så fint bak på omslaget; «Hva skjer den dagen da en pille stiller stormen? Blir alt bedre da?»
de reiste seg
Frå diktet «Jeg orker ikke».
og gikk
da jeg kom
Mange vil nok kjenne seg att i dikta. Det vil treffe såre punkt med full styrke og fremprovosere følelser. Dette er fort ei diktbok der du leser alle dikta i eit jafs, for så å lese den på nytt og på nytt igjen.
Forfatter skildrer på mange måter det å skrike i motvind. Ingen høyrer det ein forsøker å formidle. Eg må seie at dei siste diktene i boka satte seg ekstra godt i hjerterota. Det er både trist og godt på ein gong, og definitivt ei diktbok til ettertanke, enten ein føler seg annerledes eller ikkje.
«Årringer» handler om å føle seg annerledes og utenfor. Ord vert slengt mot deg og treff deg midt i hjarterota. Det er sterke følelser i sving frå forfatter si side, og det kjem synleg fram i dikta. Dette er ei tankevekkende diktbok som fortjener å bli lest.
TERNINGKAST: 5