De Store Små – Regnbue av Silje Eckermann & Anja Storvand

Dei fire superheltane er tilbake, og denne gang er det mobbing og det å vere seg sjølv som er tema.

  • Norsk tittel: De Store Små – Regnbue
  • Forfattar: Silje Eckermann & Anja Storvand
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 73
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Little Big Publisher

Silje Eckermann (Født 1984) er utdanna nyfødtsjukepleier, og har jobba på Nyfødtintensiv i 15 år. Ho debuterte som forfattar med barneboka «De store små» i 2021. I 2022 gav ho ut «De Store Små – Regnbue».
Anja Storvand (Født 1971) er illustratør og animatør, og har laga ei rekke dataspel for born. Ho jobber per idag hovedsaklig som illustratør.

Matheo elsker havfruer, enhjørninger og prinsesser, dessuten liker han å kle seg i alle regnbuens farger. Men det er noen som tror at det finnes jentefarger og guttefarger, og De Store Små må løse et nytt superheltoppdrag. Samtidig oppdager superheltbarna nye sider ved kreftene sine, og de skjønner at den som klarer å være seg selv er en helt ekte superhelt! «Regnbue» er den andre boken i serien om De Store Små.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Little Big Publisher. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «De Store Små – Regnbue».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 2 i serien om De Store Små. Boka kan fint leses frittstående, men karakterene utvikler seg, så sjekk gjerne ut den fyrste boka fyrst. Serien passer nok best for born mellom 6-10 år.

De Store Små består av borna Charlotte, Nikolai, Ane og Ellie. Dei har forskjellige superkrefter, og saman hjelper dei andre born som har problem ved hjelp av desse kreftene.

Denne gongen er temaet mobbing og det å kunne vere seg sjølv og samtidig vise det. Matheo er ein gut som skiller seg litt ut frå dei andre gutane på skulen ved at han liker å leke med «jente»-ting, og kle seg i «jente»-farger. For dette vert han mobba av Ole som ler av han og håner han. Det er her våre fire superhelter kjem inn i biletet.

I den lille mellomgangen utenfor do, hører hun noen snufse. Matheo sitter med ansiktet i hendene helt innerst i hjørnet. Kroppen rister svakt, han tørker snørr og tårer med håndbaken.
-Går det bra? hvisker hun.

Eg liker tematikken, og er glad for at det skrives bøker for born om dette. Når Charlotte ikkje bruker superkreftene sine, forsøker ho å løyse problemet med å bruke vold. Dette skammer ho seg over, og det vert tatt avstand for denne type løysing av andre personer i boka. Heldigvis. Så det løyste forfatter på ein fin måte. Men mitt ankepunkt er om det er nødvendig å ha superkrefter for å løyse eit slikt dilemma som mobbing er? Ja, det engasjerer nok borna på ein anna måte, men det er ikkje noko konfliktløysing i seg sjølv.

Tegningene er av det barnlige slaget, og passar målgruppa utmerket. Eg skulle gjerne sett at det var fleire teikningar fordelt på fleire sider. Nokre sider er det dobbeltsider med kun tekst på, noko som kan virke demotiverende for born som ikkje er så lesekyndige.

Forfatter bruker litt tid på personen som mobber. Kvifor gjer han det? Eg følte det kanskje vart ei litt diffus forklaring som kan gå over hovudet på dei minste. Samtidig er dette ei bok som passar veldig fint til høgtlesing, og dermed kan det danne grunnlag for gode samtaler og ein kan komme med innspel der barnet ditt eventuelt mister tråden.

Superheltene oppdagar nye superkrefter og etterkvart utvider sitt repertoar. Dei vert dermed ikkje statiske, og er ein flott utvikling av karakterene. Personene er i utgangspunktet heilt vanlige born som alle kan assosiere seg med. Og eg vil tru at alle born på eit eller anna tidspunkt har drøymt om å ha superkrefter. Så det er ein god idé forfattar har kommet opp med, og som vil engasjere mange born til å lese denne serien.

Det er kjekt å sjå at Eckermann bruker samhald og det å stå opp for kvarandre som eit grunnleggende fundament i bokserien. Også dette med at ein våger å seie ifrå om det er noko som plager ein, er eit viktig bodskap forfattar har med i denne boka.

I denne boka er det Charlotte som står frem som hovedpersonen i fortellinga. Dei andre kjem litt i bakre rekker, sjølv om dei samarbeider om å løyse problemet. Men eg likte at det var ein fremtredende person som tok ansvar og at dei andre hjalp til på kvar sin måte.

Sluttpartiet i boka er virkelig bra, og fremhever heile historien på ein fantastisk måte. Dei siste setningene i boka er eit skoleeksempel på korleis ein skal avrunde denne type bøker. Strålende utført.

Det viser at alle har rett til å være seg selv. Enten de vil være prinser eller prinsesser. Og uansett om du er jente eller gutt, kan du kle deg i alle regnbuens farger, og du kan være den du er. For den som klarer å være seg selv, er en helt ekte superhelt.

Bakerst i boka er det laget plass der ein kan teikna seg sjølv som superhelt. Dette er eit artig påfunn og eg trur mange born vil bli inspirert av superheltene som dei nettopp har høyrt og lest om i boka.

Historia er engasjerende, og språket er bra. Tematikken er dagsaktuell og teikningane er forklarende og gode. Det er også nokre morosamme hendingar trass alvoret, og gjer til at boka aldri føles som eit påtvunget lesestoff frå ein vaksen si side. Her kan borna sjølv finne glede og latter.

«De Store Små – Regnbue» innehar ein viktig tematikk og ein fengende historie. Superkrefter og helter er noko alle born liker å lese om, så dette er garantert ei bok borna vil like. Eg håper det kjem fleire bøker i denne serien, for dette er engasjerende og tar med borna inn i viktige temaer, der ein kan diskutere med dei medan ein les.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s