Mantikorens kongerike – Jakten av Hiwar Nheli

Humørfylt fortsettelse av manga-serien.

  • Norsk tittel: Mantikorens kongerike – Jakten
  • Forfatter: Hiwar Nheli
  • Sjanger: Manga, Born og unge
  • Antall sider: 175
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Outland Forlag

Hiwar Nheli er forfattar og illustratør. Han er også blant anna mangalærer på Bjerkely Folkehøyskole. I 2025 debuterte han med mangaserien «Mantikorens kongerike».

Jakten på den beryktede mantikoren har ført Silmon og hundevalpen Tassden til et helt nytt rike, der prinsesse Atarashii hersker. Tyven Ronja har stukket av med alt gullet i prinsessens skattkammer – og hundenappet Tassden! Nå er Silmon og gjengen på sporet av henne, men landveien er full av farer. Ulver og banditter lurer rundt hver sving. Klarer de å finne Ronja før hun forsvinner for godt?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mantikorens kongerike – Jakten».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er tredje bok i ein mangaserie. Den passar for born frå 9 år og oppover.

Silmon, Robert og Persji jakter tyven Ronja. Dei kjem raskt på sporet av ho, men blir stadig hindra frå å ta ho igjen. Det store spørsmålet vert om dei i det heile tatt klarer å finne ho etter at ho får eit forsprang på dei.

Nheli bruker humor som eit stadig tilbakevendende verkemiddel. Det oppstår episoder og kommentarer som gjer til at ein drar litt på smilebåndet. Men oppi det heile så ligg det eit blodig alvor, for det er tross alt liv som står på spel.

Forfattar har eit lite karakterregister foran i bok. Dette er alltid kjærkomment når målgruppa er som den er. Bak i boka er det ein meir grundig gjennomgang av dei viktigste karakterene, noko som også er ein fin måte å la lesar få danne seg eit bilete av karakterene.

Persji og Silmon kjem ikkje alltid like godt overens. I dette oppdraget er det Persji som er kaptein og som styrer det heile, men Silmon høyrer ikkje på ho i det heile tatt. Dette skaper sjølvsagt ein uggen stemning og artige øyeblikk i den lille gruppa. Så kjem det episoder som overskygger uenigheter og uvennskap. Dette gjer til at dei bindes meir saman og lærer stadig nye ting om kvarandre. Er dei egentlig så ulike som det kan sjå ut som? Dette er ein fin bi-historie oppi det heile, og det er ein stadig utvikling i karakteristikken av karakterene.

Det er som nevnt mykje humor og leik med ord. Her finn ein f.eks óg ulvar som snakker dialekt, noko som skaper ein form for tilhørighet på ein merkverdig måte. Det er eit fiffig verkemiddel som Nheli har brukt fleire gonger i serien.

Innimellom er det fortsatt litt vanskeleg å finne rett rekkefylgje i snakkeboblene, og ein kan miste litt oversikt i enkelte nærscener/actionscener. Det er ein god del tekst gjennom dialoger, så eg skjønner at det kan bli trangt om plassen i enkelte ruter og situasjoner. Spørsmålet vert då om illustrasjonene kunne ha illustrert meir for å lette på tekstmengden?

Forfattar blender inn forskjellige kulturer og viser eit mangfald som ein ikkje ser i så mange andre manga-serier. Dette er ein fin måte å vise fram ulike kulturer på, og få frem noko av forfatters eigne røtter.

Eg liker historieutviklinga og at det bygger opp noko som vert vanskeleg å riva ned. For kvar bok som går, så vert det meir familiært og særegent. Det er ein fin progresjon gjennom historia, og nye stader og karakterer inntar universet til Nheli og skaper med dette ein ny dynamikk til det heile.

«Mantikorens kongerike» er ein humørfylt manga-serie med eit alvor i botn. Forfatter blender inn forskjellige kulturer og skaper med dette noko særegent. Dette er ein serie som vil treffe dei unge med sin humor og sitt innhald. Det er berre å glede seg til fortsettelsen.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar