Tidsfikserne og vikingene av Frode Eie Larsen & Jenny Lindqvist

Sigurd, Anne og Konstanse reiser attende til år 793 og starten på vikingtida for å forsøke å stanse tidstyven frå å øydelegge verdshistoria. Dette er ei spennende og lærerik bok for barn (og vaksne).

  • Norsk tittel: Tidsfikserne og vikingene
  • Forfattar: Frode Eie Larsen & Jenny Lindqvist
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 76
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Zeppelin Forlag

Frode Eie Larsen (Født 1973) er utdanna diplommarkedsfører frå NMH. Han debuterte med krimboka «Hemmeligheten» i 2011. Etter dette har det fylgt på med ei rekkje utgivelsar. Serien om politietterforskar Eddi Stubb har hausta gode kritikker. I 2019 debuterte han, sammen med programleder og tidlegare toppsyklist Dag Otto Lauritzen, som barnebokforfatter med boka «Tåkedis». Også her har det blitt fleire utgivelsar. Denne serien er kalla «Mot og mysterier» og er fyrst og fremst berekna for barn og unge i aldersgruppa 8-13 år. I 2021 gav han ut fyrste bok i ein ny serie for born, nemleg «Tidsfikserne og grunnloven». I 2022 gav han ut «Tidsfikserne og månelandingen» og «Tidsfikserne og vikingene».
Jenny Lindqvist (Født 1989) er ein svensk illustratør, kan sykle på enhjuling, og har illustrert serien om Tidsfikserne.

Om de ikke får ryddet opp i rotet til tidstyven, endres historien…
8. juni i år 793 ble klosteret på øya Lindisfarne plyndret, og det blir regnet som starten på det vi kaller vikingtiden. Hva om plyndringen aldri fant sted? Hvordan ville vikingtiden sett ut da?
Sigurd finner også ut at han er i slekt med den norrøne oppdageren Leiv Eiriksson, og befinner seg plutselig i en situasjon der hele hans eksistens står på spill.
Tidsfikserne Sigurd og Anne må finne en måte å stoppe Tidstyven på, ellers vil kanskje Sigurd aldri bli født!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tidsfikserne og vikingene».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 3 om Tidsfikserne. Serien har frittståande bøker og passar best for målgruppa som er 9-12 år, men her kan alle lære ein og anna ting, uansett alder.

Me møter igjen Sigurd, Anna og Ilderen Konstanse. Denne gongen må dei reise heilt tilbake til år 793, og det som var starten på vikingtiden. Her får dei nok ein gong eit nært møte med både vikinger og tidstyven, men klarer dei å fange han denne gongen? Det vert ein spennande og dramatisk tidsreise der dei vert nødt til å bruka panikknappen på tidsfikserklokka for fyrste gong.

Dette er ei bok og ein serie som innehar ei spennende historie, men som også er lærerik og full av fakta og kunnskap om temaet. Denne gongen er det vikingene som er temaet, og me lærer blant anna litt om hus på den tida, klesdrakt og væremåte. Det er få jenter eller kvinner med i denne historia, men til gjengjeld så er dei ytterst viktige for handlinga dei få som er med. Dermed vert balansegangen på mange måter gjenopprettet, sjølv om temaet handler om barske menn som kriget.

På skjermen ser vi vikingene gå til angrep og tømme klosteret for sølv og verdisaker. Etterpå setter de fyr på klosteret, og så marsjerer de tilbake til skipene sine.
-Så brutale de er, sier Anne.
-De var faktisk ikke verre enn andre krigere, sier jeg.
-Men de satte jo fyr på klosteret, protesterer hun.
-Det er for å unngå at onde ånder kommer for å hevne seg på dem, forklarer jeg. -Vikingene var overtroiske, og mente at ild beskyttet mot det meste.

Forfatter og illustratør bruker samme suksessoppskrift som frå dei to tidlegare bøkene i serien, og det fungerer heilt utmerket også i denne boka. Det er ei rask lita innføring i hovedpersoner før historien starter, slik at borna skal få gjere seg kjent med dei tre karakterene handlinga kretser rundt. I slutten av boka er det nok ein gong 10 quiz-spørsmål om faktainformasjon som ein har lest gjennom boka, og som alltid er like interessant å sjå om ein har fått med seg all den gode kunnskapen som ligg i teksten.

Sjølve historia synes eg var hakket meir spennande i denne boka. Samtidig er det lagt inn nokre småhumoristiske hendingar og særs gode illustrasjonar som gjenspeiler innhaldet i teksten. Illustrasjonene varierer i størrelse, nokre er små og dekker berre litt av sida, medan andre dekker heile sida. Å variere slikt er alltid eit godt verkemiddel i barnebøker. Det samme kan sies om bruken av sterke farger. Det lyser i mot deg og blir eit blikkfang. Det er også lettere for barn å fange opp øyeblikka medan ein les eller blir lest til. Så her har Jenny Lindqvist gjort ein fantastisk jobb.

Det er korte kapitler og mange illustrasjoner, som gjer til at barna kan føle på ein mestringsfølelse av å lese frå ei bok. Samtidig er det også ei bok som er veldig fin til høgtlesing. Det er rom for diskusjoner rundt handling og tema. Forfatter skriv på ein måte som gjer at språket vert rettet direkte mot leser, og dermed vert ein dratt inn i handlinga. Boka er skrevet for målgruppa og inneheld forklarende og utfyllende informasjon viss det er litt vanskelege ord eller begrep.

En av vikingene dunker løs på en stein, og former noen rare tegn. De kalles runer, og ble brukt som skrifttegn, før de latinske alfabetet vi bruker i dag tok over.

Frode Eie Larsen har klart å få med det viktigste rundt vikingene på kort tid. Her kan ein lese om Odin, Tor, Hugin og Munin, Valhall og Ragnarok for å nevne noko av innhaldet. Han har også med oppdaginga av Vinlandet foretatt av Leiv Eiriksson. Når alt dette er pakket inn i ei spennende og fengende historie, vil barna huske mange av desse faktaopplysningene samtidig som dei har hatt ei fin lesestund. Dette er inget mindre enn eit imponerende stykke arbeid frå forfatteren.

«Tidsfikserne og vikingene» er nok ei strålende bok om Tidsfikserne. Den er både spennende og lærerik, og serien bør inngå i alle skulebibliotek rundt om i landet. Så bra er den.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s