Nattflukt til frihet av Michael Cross

John Brodie er endelig tilbake i denne intense thrillerromanen som holder høg klasse.

  • Norsk tittel: Nattflukt til frihet
  • Forfattar: Michael Cross
  • Sjanger: Thriller
  • Antall sider: 440
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Michael Cross er eit pseudonym for ein norsk forfattar, som er busatt på Sunnmøre. Han debuterte som forfattar med thrilleren «Der sannheten dør» i 2019, og gav ut oppfylgjaren «Nattflukt til frihet» i 2022.

Nattflukt til frihet forteller en ny historie om den tidligere Secret Service-agenten og Navy Seal-soldaten John Brodie. Sammen med kjæresten Julia Harper er han fortsatt på rømmen, på flukt fra militære angrep og dødelige leiemordere, der kun overlevelse har førsteprioritet.
Men det er først da en videofilm med et bisart innhold dukker opp at vendepunktet kommer. Sammen starter de et risikabelt motangrep, en desperat kontring som om den lykkes, kan sette dem fri og samtidig ødelegge den mektige fienden.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nattflukt til frihet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein tidsaktuell thriller, og er oppfylgjeren til «Der sannheten dør». Eg vil anbefale på det sterkeste og lese den fyrst, då denne boka fortsetter der den forrige sluttet.

Nesten allereie frå fyrste side vert eg som leser kastet inn i alvoret, og ein føler thriller-vibben frå fyrste stund. Det vert ein god del actionscener og spanande utvikling i historia.

Brodie kjem over eit hemmelig brorskap. Eit brorskap som ingen veit om at dei eksisterer, men likevel er dei så mektige at dei styrer landet og verden med sin makt og kontakter. Det vert ingen enkel jobb å infiltrere dette brorskapet utan at det får fatale fylgjer for han eller hans nærmeste. Thriller-sekvensene vert dermed mange og storslåtte.

Akkurat idet han skulle vende om for å gå tilbake kjente han en alarmerende iling jage gjennom kroppen, en ubehagelig fornemmelse av noe ondt, noe truende et sted der ute i mørket. Uten at han visste hva som trigget den uhyggelige følelsen løftet han SIG Sauer’en som på impuls, holdt den foran seg som et imaginært skjold på to strake armer mens han forsiktig begynte å rygge tilbake mot inngangen.

Eg sakna litt meir info rundt hovedpersonene i den fyrste boka, og håpte at ein vart nærare kjent med særskilt John Brodie og Julia Harper i denne boka. Det føler eg at eg ikkje har gjort. Ein får nokre små glimt frå eit oppvekstmiljø, men likevel ikkje nok til å komme under huda på personene.

Michael Cross er ein særs dyktig historieforteljar. Måten han skildrer omgivnadene på, er av topp klasse. Ansiktsmimikken og reaksjoner til personer er så ekte skildret at ein ser dei for seg medan ein les.

Enkelte steder vert det kanskje litt vél masse med detaljerte miljøskildringer, og tempoet i romanen stopper opp. Balansegangen der er ikkje alltid like lett å treffe. Det eine går utover det andre, men til gjengjeld så får ein eit særs realistisk miljø og ein formelig tråkker rett inn i universet til Cross. Det er fascinerende lesing, og på denne måten setter forfatter stemningen.

Den korte, magiske timen før solnedgang hadde malt det snøkledde landskapet i en lett blåtonet farge, som omgjorde de steile fjellsidene til dype mørkeblå silhuetter mot den klare kveldshimmelen. Den lave vintersolen som var på vei til å forsvinne, ble nå stillferdig erstattet av kveldsmørket som effektivt visket bort detaljene i de bratte skråningene og gjorde den sparsomme vegetasjonen utover på de åpne slettene vag og utydelig.

Me vert introdusert for ein rekke personer, men heldigvis er dette spredd utover i boka, så ein klarer å halda oversikten. Persongalleriet i seg sjølv er bra, men det er ingen tvil om at forfatter har prioritert sjølve historia framfor å verte kjent med karakterene. Det er egentlig heilt greit, for ein god del av dei er perifere personer som plutselig dukker opp, for så å forsvinne igjen.

Språket er strålende, og er av ypperste klasse. Hadde eg ikkje visst betre kunne dette like godt vert skrevet av ein amerikansk toppforfatter. Cross har stor kunnskap rundt dette med våpen og militært utstyr, og nok ein gong legg han romanen til USA, og dei innerste sirklene i makteliten.

Det er relativt lange kapitler. Kapitlene har overskrifter og ein fylgjer fleire personer parallellt.
Det er til tider ein intens roman der mange ting skjer. John Brodie må nok ein gong i aksjon, og det er spanande å sjå kven det er som trekk i trådene. Som i den fyrste boka, så vert det mange drap og nærkamper. Her skjer det mykje på ein gong, men eg synes forfatter likevel går sakte frem, slik at ein aldri mister tråden eller oversikten i det som skjer.

Det vert tatt i bruk ein del teknologiske hjelpemiddel, og i så måte er det ein tidsaktuell roman. Alt er kanskje ikkje like realistisk, men plottet og historia er likevel strålende.

«Nattflukt til frihet» er ein intens og meget solid thrillerroman. Språket er av ypperste klasse og ein tråkker rett inn i det spektakulære universet til forfatter Michael Cross. Kan varmt anbefales videre.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s