Mysteriet i veven av Emma Manin

Ein historisk roman og oppfylgeren til «Barnet i veven».

  • Norsk tittel: Mysteriet i veven
  • Forfattar: Emma Manin
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 270
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Emma Manin (Født 1955) er utdanna sjukepleiar og cand.san. Ho debuterte som forfattar i 2020, med romanen «Barnet i veven», og i 2022 gav ho ut «Mysteriet i veven».

«Mysteriet i veven» fylgjer odelsjenta Ingebjørg frå 1929 og fram til ho er vaksen.
Ho veks opp på Hans-garden hos Gunhild og Hallvard. Foreldra skjuler at Gunhild er barnlaus, og at Astri fødde Ingebjørg.
Kunstnaren Astri finn meining med sine val og offer gjennom kunstneriske uttrykk i vakre biletvevar.
Hallvard og Gunhild taklar å leve med løgna på ulike måtar.
Det store spørsmålet gjennom romanen er korleis vi lever med dei val vi tek.
Kan løgn vere rett?

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mysteriet i veven».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein historisk roman på nynorsk der kvinnene står sterkt, og er ein direkte oppfylgjer til «Barnet i veven». Det anbefales på det sterkeste å lese den boka fyrst.

Boka starter der den forrige slutta. Ingebjørg er født, og me fylgjer blant anna hennes barne og ungdomsår. Handlinga starter på slutten av 1920-talet og ender like etter at andre verdskrig er over.

Det fyrste som slår ein medan ein les er språket. Det er litt gammelmodig og passer tidsperspektivet på ein utmerket måte. Dialogene og tankesettet til karakterene treff meget godt, og det føles naturlig ut frå tidsperioden.

«Ja, du har rett, Gunhild. Tidene skifter som lauv i lund. Det er ei tid for alt, som skrive står i Herrens bok.»
Det var andre gongen på ti år at Gunhild høyrde svigerfaren sitere Guds ord.
Meir blei ikkje sagt om kår-saka før dei to ektepara var på kvar sitt rom om kvelden.

Astri er kunstnar og bruker livet sitt på veving. Forfatter bruker ein god del plass på dette i form av å skildre kjente bilete, fargesammensetninger og kunsten ved å veve. For meg personleg var ikkje dette så interessant, då eg heller ville vete korleis det gjekk med folka på Hans-gården og utviklinga der. I tillegg var det ein periode veldig konsentrert skriving rundt Astri, før Manin fortset å skrive om folka på Hans-gården. Her kunne forfatter ha spreidd dette meir utover i boka, slik at ein ikkje fekk ei «opphopning» med veving og farger, og dermed stoppa opp progresjonen i sjølve forteljinga. Når dette er sagt, så skal forfatter ha all mulig ros for sin kunnskap til veving. Dette er nok noko som står forfatters hjerte nært, og det kjem godt fram i teksten.

Ut av skriket laga det seg eit nytt bilete, omkransa av ein svart kant med mørke border.
Dei gamle mønstera dominerte rundt eit livstre som visna i mørke haustfargar. Sorga og smerta blei ramma inn av akantusblad, flikete, hakkete og mørke som tornar, og ranker som slynga seg oppover stamma som eit ornament på ei gammal stavkyrkje. Inni ein oval, bakanfor livstreet, rann elva, der vassflaumen var det einaste lyset i biletet, det framstod så klart at ho høyrde lyden av brusande vatn frå fossen. Det evige vatnet rann vidare.

Manin har skrevet inn ei lita «oppsummering» inn i teksten tidleg i boka, og gjer at leser raskt kjem inn i handlinga frå forrige bok. Fire personer bærer på ein livslang løgn. Dette er eit tema som forfatter stadig vender attende til. Er det rett å holde det skjult? Vil dei klare å bære på den børa og samvittigheten? Det meste kretser rundt dette og ein føler verkeleg med personene og det dilemmaet dei står overfor. Bygdetrollet var ikkje nådig på den tida, og ein vart raskt uthengt og utstøtt viss dette vart allment kjent.

Dette er på mange måter ein oppvekstroman frå bygde-Noreg på 1930 og 40-talet. Korleis opplevde ei 13 år gamal jente krigen? Alle planer rundt gården forsvant ut vindauga den dagen tyskerne kom og krevde husrom. Kva gjer dette med eit allerede prøvet barnesinn? Og for dei vaksne for den saks skyld. Manin skildrer gardsdrift på ein solid måte, og viser god kunnskap rundt dette.

Gunhild er ein sterk karakter på alle måter. Dette er ei dame med bein i nasa, og er ein av få på gården som våger å ta opp ein diskusjon med svigermor si. Hallvard som er mannen til Gunhild blir fremstilt som ein litt tøffel og nikkedukke. Han har ikkje så masse han skulle ha sagt når moren og kona går saman om noko, for på Hans-gården er det damene som bestem. Karaktermessig er det gode motsetninger sjølv om ein ikkje får dei store konfliktene. Stort sett er alle vél forlikte, men ein og anna gnissing vert det.

Me fylgjer livets harde slit og dets opp og nedturer med fødsler, sjukdom og død. Det var hardt arbeid som gav grobunn for ein velfungerende gård, og det gjekk ofte utover skule og anna. Ingebjørg er odelsjente, men samtidig som ho er ei arbeidsam ung jente, drøymer ho óg om eit liv med ei god utdanning i sekken. Men er dette mogleg?

Motsetninger i følelseslivet til Gunhild og Astri er for min del bokas store styrke. Samvittigheten som gnager på innsida, og redselen på utsida. Måten forfatter klarer å mane fram bilete av to kvinner som slit på kvar sin kant er fantastisk forfatterskap. Det er vart og nært, men samtidig er det brutalt. Manin skildrer dette på fleire måter og viser fram sitt forfatterspråk på ein meget god måte.

Gunhild kjende tårene renne nedover kinna som ein sildrande bekk sommarkvelden.
Astri sat kald og hard og tvinga tårene til å renne innover i sjela, ned til det hjertekammeret som romma offerprisen.

Det er nokre bibelsitater og skildringer av kjente bilete, som f.eks Lots døtre. Gudstrua stod meget sterkt i Noreg på denne tida, og særskilt i bygdene.
Hannah Ryggen var ein kjent norsk vevekunstner i Noreg på 1900-talet, og vert brukt som ei inspirasjonskjelde i boka. Alt er kanskje ikkje like relevant for sjølve innhaldet i historia, men det er uansett gode skildringer. Ho skriv óg ein del om verdssituasjonen og fascismens framgang.

Ein fylgjer også andre personer i boka, der i blant ein familie der mannen vert NS-medlem, og kva for konsekvenser det får for familien. Manin skriv også om rasjonering og korleis kvardagen forløp under krigen med håp, lengsel og redsel etter å miste dei som vart sendt ut i krigen.

«Mysteriet i veven» er ein solid og god roman som nok passar best for kvinner. Miljøskildringer og språk er det høg klasse over, og ein får eit godt innblikk i livet på 1930 og 40-talet. Manin viser nok ein gong at ho har skriveferdighetene i orden.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s