Mental helse er i fokus i denne ungdomsromanen på nynorsk.
- Norsk tittel: Perfekt
- Forfattar: Ingunn Røyset
- Sjanger: Ungdom
- Antall sider: 239
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Vigmostad&Bjørke
Ingunn Røyset (Født 1965) er utdanna sosionom, make-up artist og landbruksavløyser, og har bakgrunn som journalist. ho debuterte med barneboka «Prins Storm» i 2012. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barne og ungdomsbøker. I 2022 gav ho ut ungdomsromanen «Perfekt».

Pia kan aldri bli ein av dei kule på ungdomsskulen. Det veit ho. Ikkje med det dritkorte håret, tannregulering både oppe og nede og kallenamnet Peanøtt. Men når besteveninna Nathalie bestemmer seg for bli kåra til skulens dronning, må Pia bli med på ei reise ho ikkje heilt hadde planar om. Eller må ho det? For Pia har ein hemmelegheit ingen veit om. Nokre dagar, nokre netter, har ho nok med berre å leve. Det er det ingen som forstår – ikkje Nathalie, ikkje mamma og ikkje pappa. Finst det nokon i heile verda som veit korleis ho har det?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Perfekt».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein ungdomsroman på nynorsk med fokus på mental helse.
Me møter Pia, som er 12, snart 13 år gamal. Ho bur heime med faren. Moren jobber for ein minister, og sidan det er 600 km vekke, er ho sjeldan heime. Pia er ei jente som ikkje er ein av dei kule på skulen. Ho får stadig små stikk sendt i sin retning, og slit meir og meir med tanker som kjem skyllende over ho i tide og utide. Korleis skal ho kunne kontrollere desse følelsene?
Bestevennina Nathalie bestemmer seg for å bli kåret til skulen dronning på juleballet. Pia kaster seg på, men det blir ikkje heilt som ho hadde sett for seg.
Boka starter med at Pia skriv i eit dagboknotat om angsten og redselen som skyller over ho for fyrste gong. Ho fortel da ikkje til nokon, for det er så vanskeleg å forklare og ingen vil forstå ho uansett. Innimellom kjem det fleire dagboknotater, der hovedkarakteren skriv ned sine indre tanker og følelser. Her synes eg at forfatter skildrer følelsene veldig bra. Det er ord som treff deg med full kraft.
Plutseleg skylde det over meg. Eg veit ikkje kva anna ord eg skal bruke. Frykta fossa gjennom kroppen. Eg kjende det i nakken og nedover ryggen, heilt ut i fingertuppane. Det var som å bli tatt av ei bølge. Det var som å bli kasta utfor stupet. Det var som å falle og falle og ikkje nå botnen.
Språket er litt barnslig, så denne boka passer nok best for dei yngste ungdommene. Men til gjengjeld så er det ei bok som er skrevet med ein slik innlevelse og har ein tematikk som veldig mange kan assosiere seg med. Enten som den «kule» i klassen, eller den som sitter meir tilbakehalden og er usynleg.
Historia er skrevet i «eg-format».
Røyset skildrer eit klassehieraki på godt og vondt. Det er provoserende og fint på ein gang. Eg kunne leve meg inn i historia og følte at dialogene stort sett var flytende. Ein og anna plass stussa eg litt over at enkelte ikkje reagerte annleis, men dette er godt mogleg at ungdommen ikkje heng seg opp i.
I eit av dagboknotatene til Pia er det ingen kommateikn eller punktum. Det viser at tankene raser i hovudet på ho, utan stans. Dette er eit godt verkemiddel Røyset tar i bruk, og som ein ikkje ser ofte.
Temaene i boka er fleire, men det som går igjen er mental helse, føle seg unormal og annerledes, kroppskomplekser og mobbing. Det handler heile tida om å sammenlikne seg med andre, både i oppførsel og i klesstil. Korleis kan ein bli kul når dei populære jentene er slanke og har langt fint hår, medan ein sjølv er rund, har tannregulering og kort hår? Her sakna eg meir skildringer rundt dette med at ein er like verdifull og fin som person uavhengig av utseende. Ein MÅ ikkje forandre seg for å bli likt, men dette drukner litt i andre temaer.
Det er mange fine småhistorier i boka. Blant anna samspelet mellom ung og gammel. Begge finn det hyggelig og avslappende i kvarandre sitt selskap, og dei kan senke skuldrene utan at dei vil innrømme det overfor kvarandre.
Forfatter har truffet blink når det kjem til det følelsesmessige aspektet i boka med ei obsternasig, temperamentsfull og frustrert ungdom, ein forvirra far som er i villrede over kva han skal seie og gjere, og ei mor som nesten ikkje er til stede, men som likevel vil bestemme og ta dei viktige avgjørelsene. Dynamikken mellom desse er strålande og bærer boka på sine skuldre.
Ein kuling av kjensler driv gjennom meg. Stormen bygger seg opp innvendig. Eit svart raseri, mot rektor, mot Selina, mot mamma, og mot fiskeriministeren. Eg drit i dei alle. Og eg drit i om nokon høyrer meg. Eg opnar munnen og kjenner at kroppen vrenger orda ut av meg. Eg vil at alle skal høyre. -DU KAN IKKJE TVINGE MEG DI… DI… JÆKLA FLAGGERMUS!
Mental helse er fortsatt tabu i samfunnet. Angst og redsel for ting er noko som skal feies under teppet og dysses ned. Samtidig er det fleire og fleire som slit. Derfor er bøker som dette så viktige. Boka viser at ein ikkje er unormal sjølv om ein slit psykisk, og at det hjelper å snakke om det. Det er fleire som forstår kva ein går gjennom enn det ein kanskje trur på førehand.
Det er mange spørsmål undervegs som ein lurer på, og Røyset har skrevet ei historie som bygger seg opp mot ein spennende slutt. Forfatter har fått med seg det meste sett frå ein ungdoms ståsted, med kjærleik, misunnelse, lengsel, angst og redsel, sinne, frustrasjon og ikkje minst vennskap. Frå å glede seg til å snakke og tulle seg gjennom eit storfriminutt, til å sjå sekundviseren tikke langsomt avgårde når ein står der einsam… Forskjellen på å ha nokon å vere med, kontra det å ikkje ha nokon er enorm. Kontrastene er store og det har Røyset fått fram på ein flott måte.
«Perfekt» er ein ungdomsroman som skildrer det kaoset ungdommer går gjennom, på godt og vondt. Med eit viktig bodskap, gjenkjennende skildringer og ein spennende historie, er dette ei bok eg vil anbefale videre til dei yngste ungdommene.
TERNINGKAST: 5-