Tidsfikserne og månelandingen av Frode Eie Larsen og Jenny Lindqvist

Sigurd, Anne og Konstanse må opp i verdsrommet for å forsøke å stoppe Tidstyven i denne spennende og lærerike barneboka om månelandingen i 1969.

  • Norsk tittel: Tidsfikserne og månelandingen
  • Forfattar: Frode Eie Larsen & Jenny Lindqvist
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 78
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Zeppelin Forlag

Frode Eie Larsen (Født 1973) er utdanna diplommarkedsfører frå NMH. Han debuterte med krimboka «Hemmeligheten» i 2011. Etter dette har det fylgt på med ei rekkje utgivelsar. Serien om politietterforskar Eddi Stubb har hausta gode kritikker. I 2019 debuterte han, sammen med programleder og tidlegare toppsyklist Dag Otto Lauritzen, som barnebokforfatter med boka «Tåkedis». Også her har det blitt fleire utgivelsar. Denne serien er kalla «Mot og mysterier» og er fyrst og fremst berekna for barn og unge i aldersgruppa 8-13 år. I 2021 gav han ut fyrste bok i ein ny serie for born, nemleg «Tidsfikserne og grunnloven». I 2022 gav han ut «Tidsfikserne og månelandingen».
Jenny Lindqvist er ein svensk illustratør, kan sykle på enhjuling, og har illustrert i serien om Tidsfikserne.

OM DE IKKE FÅR RYDDET OPP I ROTET TIL TIDSTYVEN, ENDRES HISTORIEN … 20. juli 1969 ble Neil Armstrong det første mennesket som satte en fot på månen, men om Tidstyven lykkes med sine skumle planer, vil det ikke bli noen månelanding. Eller kanskje astronautene må bli værende igjen på månen, og aldri noen gang komme tilbake på jorda. Det er opp til Tidsfikserne Sigurd og Anne, å stoppe Tidstyven!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Zepplin Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tidsfikserne og månelandingen».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 2 om Tidsfikserne, og er fyrst og fremst retta mot born i aldersgruppa 6-10 år. Det er ei spanande forteljing som er blanda saman med historiske korrekte fakta. Boka er frittstående.

Me møter att Tidsfikserne Sigurd og Anne, i lag med ilderen Konstanse. Sigurd og Anne er 11 år gamle, og får oppdrag frå Hovedkvarteret når Tidstyven har vert på ferde igjen. Denne gongen er det den berømte månelandingen i 1969 det skal handle om, når våre vener vert kasta ut i sjølveste verdsrommet.

Som ved den forrige boka er det ein veldig flott introduksjon. Me vert kjent med begrepet Tidsfikserne, og me vert kjent med personene før historia startar. Dette er ein enkel, men veldig fin start på boka.

Språket og forteljinga er rettet direkte mot leser. Personene i boka snakker til leser og på denne måten vert det personleg, og barnet vil få ein følelse av å være med i historia. Dette fremheves når karakteren Sigurd seier at dette med Tidsfikserne er veldig hemmelig og at leseren ikkje må seie det til nokon. Nok eit glimrende verkemiddel frå Larsen.

Boka inneheld mange fakta og er like lærerik som den er spennende. Det vert ein del vanskelege begrep undervegs, men forfattar forklarar grundig og på eit nivå som barn forstår. Eg vart ekstra imponert over måten han forklarer plassen Cape Canaveral på, og samtidig gjentar det fleire ganger utover i boka. Dette er pedagogisk læring på eit høgt nivå.

– Det heter visst Cape Karneval, sier jeg. – C-A-N-A-V-E-R-A-L, retter Anne. – Det var jo det jeg sa! sier jeg. I hvert fall nesten. Karneval – Canaveral. Det er jo nesten likt, er du ikke enig?

Illustratøren Jenny Lundqvist har illustrert boka. Teikningane er fantastiske, og gir virkelig liv til boka. Dei er eit blikkfang med sitt fargerike spekter, og vil gjere til at borna ikkje vert utålmodige.

Tidstyven finn på fleire sprell undervegs, og Tidsfikserne får meir enn nok å gjera. Våre venner må bruke hovudet og samarbeide for å forsøke å rydde opp etter han, men det er ikkje like lett når ein er vektlaus i verdsrommet. Og det oppstår nokre pinlege episoder innimellom. Historia er interessant, og blender flott inn historiske fakta. Så kan ein sjølvsagt undre seg over at personer ikkje setter store spørsmålsteikn ved at det er barn med i ein romrakett, men dette er ei barnebok og då er det meste lov. For det er ingen tvil om at dette vil sette i gang fantasien til leseren. Tenk, å vere med ut i verdsrommet, lande på månen og kanskje samtidig hjelpe til undervegs…

– Ikke… hører jeg Anne si bak meg. Men det er for sent. Jeg har allerede tatt et solid tak i nesa til dama og vrir rundt. – AU! roper hun. Jeg kjenner nesebeinet, og skjønner at jeg har tabbet meg ut. Big time!

Bak i boka er det 10 spørsmål frå teksten i historia. Dette er ein fin og lærerik måte å prøve å huske innhaldet på. Det er lærerikt også for vaksne, då det også innehar mindre viktige detaljer, men som likevel kan vere artig å briefe med i sosialt lag. Visste du f.eks nøyaktig kor lenge dei var på månen?

Med korte kapitler og mange illustrasjoner er dette ei bok som barnet fint kan lese på eiga hand, og som virker overkommelig. Men det er også ei bok som er spennende å lese saman med ein vaksen.

Frode Eie Larsen og Jenny Lindqvist ligg ikkje på latsida, og er allereie i gong med bok nr. 3 i denne serien, som er venta utgitt seinere i 2022. Da er det vikingene me skal få lære meir om.

«Tidsfikserne og månelandingen» er ein innhaldsrik og lærerik historie for barn og vaksne. Den er lettfattelig skildra og innehar flotte og fargerike illustrasjoner. Serien om Tidsfikserne bør alle med barn i huset sjekke ut, for dette er pedagogisk læring på høgt nivå.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s