Å bruke 3-4 min på denne bokanmeldelsen, kan vere dei mest innbringende minuttene du har gjort på lang lang tid, fordi denne fagboka er ei gullgruve.
- Norsk tittel: Skriv så du får JA
- Forfattar: Camilla Hager
- Sjanger: Fagbok
- Antall sider: 205
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: HvabeHager
Camilla Persson Hager (Født 1983) er allmennlærer på papiret, men er tekstforfatter av yrke. Ho starta tekstbyrået HvabeHager i 2010. Ho debuterte som forfatter med fagboka «Skriv så du får JA» i 2020.

Har du også en jobb som innebærer skriving? I dag har jo «alle» det.
Fra nettsider, blogg og sosiale medier til e-poster, salgstekster og annonsering – for mange av oss er lista like lang som et 17.mai-tog i storbyen.
Da er det å kunne skrive så du får JA, ikke bare kjekt, men essensielt. Fordi det gir deg et fortrinn – enten du vil klatre på karrierestigen, selge flere produkter, samle inn veldedige kroner eller utvikle virksomheten din.
Denne boka er din praktiske svartebok i hvordan, så du kan gi tekstene dine ekstra piff – og leserne et ekstra puff.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Skriv så du får JA».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei fagbok som viser korleis du kan skrive gode tekster, og samtidig unngå alle fallgruvene.
Det er alltid med ein viss spenning ein blar i slike fagbøker. Er det tettpakka tekst, tungt stoff, og ein litt sånn ovenfra og ned holdning? Eller har forfatter klart å skrive det på ein lett og inkluderende måte, som treff leseren?
Camilla Hager har skrevet ei bok som er flott å sjå til og som overhodet ikkje er ei standard A4-bok. Her er det faktabokser, teikningar, bilete, oppgåver og ikkje minst fargerike og luftige sider skrevet i ein lett og ledig tone. Forfatter har i tillegg streket under viktige setninger i teksten, for å gjere det om mulig enda enklere for meg som leser.
Hovedmålgruppa for boka er nok dei som driv med marknadsføring og/eller kommunikasjon av eit eller anna slag. Sjølvstendig næringsdrivende, nyoppstarta bedrifter og enkeltpersonforetak vil nok ha størst utbytte av denne. Men til gjengjeld er det ei gullgruve. Dette kan fort være den mest innbringende og billigste investeringa ein gjer for bedriften eller formålet.
Boka er delt inn i 4 hoveddeler med underkapitler. Med fargekoder på sidene er det enkelt å finne fram til det kapitlet eg som leser vil lese. Fyrste sida av omslaget kan brukes som bokmerke i tillegg til ei snor, noko som også gjer den praktisk.
Det er mange ting som imponerer i denne boka, men språket imponerte meg aller mest. Forfatter har skrevet på eit nivå som nybyrjarar vil forstå, samtidig som den likevel er like aktuell for den «meir erfarne» språkbrukeren. Dette er ikkje ei lett oppgåve, så her må forfatter og hennes team få eit ekstra klapp på skulderen. Når eg fyrst er inne på språk så må eg nevne språkvasken. Den bør strengt tatt vere god i denne type bøker, men det er ikkje alltid det skjer likevel. Men her er den upåklagelig. Det er lett å sjå at teksten er noko ein har jobbet beinhardt med.
Metaforer hjelper deg med å formidle noe komplektst, men de skaper også livlige bilder hos leseren. Og som en følge øker også sjansen for at han eller hun husker budskapet ditt.
Måten Hager klarer å få frem sitt bodskap på er stor skrivekunst. Med lett humor, levende skildringer, enkle og effektfulle tips, og ikkje minst alle eksemplene på gode og dårlige valg av ord, gjer denne boka til ein sann glede å lese. Den er like interessant for meg sjølv om eg ikkje er i hovedmålgruppa for boka. Likevel er det mange gode tips og råd som treff bredt, noko eg som bokblogger kan og vil ta med meg videre.
Eg likte måten Hager viser med enkle og gode eksempler på korleis f.eks eit ord kan forandre ein heil tekst. Ho viser kor stor makt eit ord kan ha og kor enkelt det kan velte ein god salgsidé, eller få ein kunde til å snu «i døra».
Ein finn mange små men interessante fakta og innspel om ord og billedlige uttrykk undervegs. Og eg må innrømme at eg nikket gjenkjennende til eit av dei eldste salgstriksa i boka. Kva det er? Det, og mange andre eksempler finn du i boka.
Eg satt att med fleire aha-opplevelser undervegs. Forfatter trekk frem enkle men særs effektfulle måter å skrive på. Ein treng ikkje vere Albert Einstein eller Jørn Lier Horst for å lære seg å skrive ein god kommunikasjonstekst etter å ha lest denne boka. Den puffer deg i rett retning og oppmuntrer undervegs, og du vil humre og le av både skrivemåte og eksempler.
Å skrive for å få JA er litt som å være på sjekkemarkedet. Du vil ikke oppsøke et tilfeldig utested og ta med deg den første og beste hjem. Du har en idé om hvilken type du er på jakt etter. Nysgjerrig på hva den andre personen er interessert i, tenker su ut hvilke replikker som har størst sjanse for å gå rett hjem. Klok av skade vet du at det er bedre med én perfekt match i senga enn tre luremus på låven.
Det er tonnevis med informasjon i boka. Å kaste seg over alt på ein gong vil nok skape meir forvirring enn det gjer godt. Derfor har forfattar i sin introduksjon til boka skrevet litt om kvar del og kva ein kan forvente. Med ein detaljert innholdsfortegnelse er dette som eit oppslagsverk å rekne. Hager har nok brukt ein god del tid på layouten og oppbygginga av kapitlene, men det har lønna seg i form av at den er blitt så enkel å lese og lett å finne fram i.
Det er ein del sitater og henvisninger til studier og undersøkelser som gir ekstra fagleg tyngde. Når ein legg dette oppå den kunnskapen Camilla Hager sit inne med, får ein ei gjennomført fagbok frå a til å som skaper truverdighet og fagleg kompetanse.
«Skriv så du får JA» er med sitt lette språk, gode tips, råd og eksempler, ei gullgruve for alle som driv med marknadsføring og kommunikasjon. Den kan fort vere den mest lønnsomme og beste investeringa du har gjort. Den blåser også nytt liv i skrivegleden som til tider kan vere tung og vanskeleg. Rett og slett eit praktverk av ei fagbok.
TERNINGKAST: 6