Heim av Aslaug Tidemann

Ei diktsamling som tar for seg gode og varme barndomsminner, der forfattar reflekterer med nye auge frå ei svunnen tid.

  • Norsk tittel: Heim
  • Forfattar: Aslaug Tidemann
  • Sjanger: Poesi, Dikt
  • Antall sider: 87
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Aslaug Tidemann

Aslaug Tidemann bur i Enebakk og er utdanna innan journalistikk og informasjon. «Heim» som ho gav ut i 2021, er hennes andre diktsamling. Ho gav ut «Sang til sørgløse» i 2020.

Minner fra barndommen, refleksjoner gjennom livsløp og møte med barndomslandet gjennom nye øyne, er sentrale tema denne gangen. Enebakkunstneren Agnes Hollund har illustrert samlingen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Heim».

Dette er ei diktsamling på nynorsk som omhandler minner frå barndommen til forfattar. Boka inneheld 51 dikt og enkelte illustrasjonar.

høyre ekkoet
av små føter
som forsvinn
ut i verda og inn
i ny tid

Frå diktet Hauen

Dikta er meir eller mindre blotta for kommateikn og punktum. I utgangspunktet liker eg dette, men av og til kan det vere litt vanskeleg å sjå når neste setning byrja, og ein må kanskje lese både ein og to gongar ekstra for å finne det ut.
Her er det fri-dikt som gjeld, og det er eit minimalistisk oppsett, noko som gjer sidene luftige. På denne måten kjem orda i fokus.

Nokre illustrasjonar er det i form av malerier(?). Dei er virkningsfulle og stilfulle, og dei kler diktsamlinga på ein verdig og fin måte.

Forfattar gjev oss eit tilbakeblikk frå ei svunnen tid. Det er forskjellige temaer og gamle minner som er med, som f.eks familie og røtter, byliv, naturskildringer, og ho mimrer blant anna om forbudte fester der ungdommen dansa seg svett ved elvebredden. Med andre ord skriv Tidemann om varme og gode minner.

Boka er delt inn i tre forskjellige deler. Nokre dikt er korte, andre kan gå over fleire sider. Felles for dei fleste er at forfattar prøver å ta att det tapte, det som ho overså som barn, og ho kjem med mange flotte metaforer og kloke betraktninger.

TIDA

er eit groplaster

når du til slutt
fjernar det
er berre arra att
fulle av
fantomsmerter

Frå diktet Tida.

Eit av dikta er på dialekt. Eg går ut frå at det er skrevet frå den tida ho vaks i Egersund. Eg synes dette var eit fint brytningspunkt, og forøvrig eit veldig godt skrevet dikt.

Nokre dikt måtte lese på nytt og la kvart ord synke inn, før eg forstod meininga bak. Ikkje fordi at diktet var dårleg formulert, det var nok heller det at eg misforstod ved fyrste lesning, for det ligg mange tanker bak dikta, og ein oppdag stadig nye betrakninger og tydingar ved å lese dei på nytt. Det er alltid eit positivt teikn.

«Heim» er ei diktsamling som går bakover i tid, og det vert refleksjoner gjennom nye auge, samt kloke betraktninger frå ei svunnen tid. Det er ingen tvil om at Aslaug Tidemann er ein dikter som er god på å formidle sine bodskap og tanker.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s