Å galoppere på stranda av Tuva Tovslid

Dette er ein ungdomsroman med hester, kjærleik, og tørre å gå eigne veger som hovedtema.

  • Norsk tittel: Å galoppere på stranda
  • Forfattar: Tuva Tovslid
  • Sjanger: Roman, Ungdom
  • Antall sider: 309
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Liv Forlag

Tuva Tovslid (Født 1988) har ein mastergrad i psykologi, og driv eit personleg foretak som vever. Ho debuterte som forfattar med romanen «Djevelhogget» i 2018. I 2021 gav ho ut «Å galoppere på stranda».

17-årige Mia er i Irland på ferie med familien, men alt hun vil er å ri hesten Hunter, bli kjent med Cody, jenta som skal arve stallen, og Aran, gutten som jobber der. Men Hunter er ikke lenger en trygg hest å ri. Eieren hans holder på å ødelegge ham, Cody har ikke lyst til å eie en stall, og Aran tror at han aldri kan bli noe mer enn en stallgutt. «Å galoppere på stranda» handler om å finne ut hva du vil, og å tørre å gjøre det, selv om det er skummelt.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min eiga subjektive vurdering av «Å galoppere på stranda».

Dette er ein roman for ungdom, der hest og vanskelige valg er hovedingrediensen.

Me møter 17 år gamle Mia som er på ferie i Irland med foreldra sine, og hennes 5 år gamle vetlebror. Mia har alltid vert ei hestejente, men eit stygt fall stoppa hennes hobby og lidenskap. I Irland fell ho pladask for den flotte hesten «Hunter». Sakte, men sikker byrjar lidenskapen for hest igjen å krible i blodet hennes. Ho byrjar å besøke stallen oftere og oftere, til morens store fortvilelse. For dette skulle vere ein familieferie, kanskje den siste dei hadde i lag før Mia flytter ut. Mia vert dermed dratt mellom familien og sine nye vener i stallen.

Moren til Mia vil ha ferien på sin måte, fordette er noko ho har planlagt og drøymt om i lengre tid. Når Mia heller velger å gå i stallen fremfor utflukter med familien, byrjar diskusjonene. Moren forsøker bevisst eller ubevisst å gje Mia dårleg samvittighet. Her får me ein typisk familiekonflikt innbakt i historia, der ein ungdom går sine eigne vegar, og tilbake sit foreldra, og særskilt moren som ikkje vil slippe taket på den «lille» jenta si. Konfliktene står i kø, og det er interessant å følge utviklinga mellom mor og dotter.

Jeg stirret bestemt på henne. «Jeg kan ikke i morgen.» «Morten hadde gledet seg sånn til å utforske dem sammen med deg, Mia. Han er overbevist om at det finnes pirathuler der.»
Det var dårlig gjort å trekke frem Morten. Vanligvis holdt mamma seg for god til det.

Mia er jeg-personen i boka. Karakteren er samvittighetsfull og har ein stor rettferdighetssans. Ho prøver å bryte inn der ho ser at urett skjer, og ho har eit stort hjerte for hester og familien. Men kva skjer når ho meir eller mindre må velge mellom hest og familie? Den drakampen inni ho får me vere med på, og ein får eit inntrykk at innerst inne så bur det ein liten rebell i ho. Følelsene hennes vert satt på prøve, og ein vert godt kjent med Mia utover i boka. Karakteren er godt bygd opp, og gir eit realistisk bilete på ei jente som er i ferd med å tre inn i dei voksnes rekker. I tillegg er det to andre fremtredende karakterer med, nemleg Cody som skal arve stallen, og den tilbakelente, men likevel arbeidsomme stallgutten Aran.

Boka handlar fyrst og fremst om hester. Her er det masse hest og hesteuttrykk, ispedd ungdommelig mot og overmot, kjærleik og følelser, velge å gå eigne veger, og stå for dei valga ein tar. Forfattar har vert dyktig til å skildre kroppsspråket til hestene. Dermed vert ikkje hestene ein kulisse i boka, men derimot eit levende vesen med eigen personlighet. På denne måten vert boka langt meir interessant å lese, sjølv for ein som ikkje har den store interessa for hest.

Fortvilet begynte jeg å legge press på tøylene. Hunter kastet på hodet. Jeg skjøv hælene ned, la vekt i stigbøylene og satte meg tilbake i salen. Forsøkte å lande i salen et brøkdel av et sekund etter at han landet. Tvinge ham til å bevege seg langsommere. Jeg blunket tårene ut av øynene. Det kunne ikke være bilveien jeg så, ikke allerede.

Språket er godt, og sjølv med hesteuttrykk er den enkel å lese. Dialogene føltes naturlege, og skildringene er levende. Saknar kanskje litt meir rundt dette med at dei er i Irland. Her og der kunne ein føle den irske naturen og det yrende publivet, men på eit generelt grunnlag kunne handlinga like godt ha foregått i Noreg. Synes også at hovedkarakterene blir litt for like til tider, i den forstand at dei har mange like meiningar og ein får dermed ikkje dei store motpolene.

Boka inneheld det ei god ungdomsbok skal inneholde, med eit vidt spekter av følelser, spenning og dramatikk. Den handlar óg om å fylgja draumar, og tørre å leve dei ut, sjølv om ein kanskje tråkker andre på tærne her og der. Eg synes Tovslid har klart å skape eit realistisk og interessant univers. Med sine 39 kapitler er dette ein roman som er overkommelig å lese uansett tidligere erfaringer med bøker.

Forfattar har skrevet ein historie som bygger seg opp mot ein spennende slutt. Det er ein god del tråder som plukkes opp undervegs, men aldri så mange at ein mister oversikten. Tovslid har stålkontroll på forteljinga, og ein kan lene seg tilbake og la seg underholde.

«Å galoppere på stranda» er ein roman som tar for seg ansvar og konsekvenser, følelser og kjærleik, hester og familieliv, varmt venskap, og dette med å tørre å tråkke opp sin eigen sti. Denne boka kan eg anbefale til alle ungdom, og er du i tillegg glad i hester er dette ei bok du absolutt bør sjekke ut.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s