Blikkets betydning av Elisabeth Naustdal Stormark

Kva har blikkets betydning i eit menneskeliv? Mange gode betrakninger rundt dette i denne diktsamlinga.

  • Norsk tittel: Blikkets betydning
  • Forfattar: Elisabeth Naustdal Stormark
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 57
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Elisabeth Naustdal Stormark

Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med bøkene «Sjelebilde», « Poesi fra sjelen» og «Poesi om havet» i 2020. Ho gav óg ut «Kunstens virkning på oss», «I lyset av fullmånen», «Fjellets visdom» og «Blikkets betydning» i 2021. Ho har óg gitt ut CD og lydfiler. Stormark har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing. Ho driv Galleri Stormark Everything in Nature.

Utdrag frå forordet: «Ute på tur la jeg merke til et gjerde langs veien av metall. Jeg så når solen skinte på gjerdet, at det hadde vakre mønstre. Jeg tok noen bilder og undres over hva dette betydde. Jeg ble og fascinert av selve blikket vårt.

I tillegg til mønstrene i et gjerde av blikk, bruker jeg og ender til å illustrere med.øø Her passet det så godt synes jeg, for de gir meg følelsesmessig ro. Da ble det lettere for meg å uttrykke følelsene mine. Det kostet mye for meg å dele dette med deg.

Jeg viser min sårbarhet. Det ærlige og genuine. Den ekte meg.»

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Blikkets betydning».

Dette er ei diktsamling med hovedfokus på blikkets betydning. Her finn ein óg bilete av mønstre, og ender i sjø/vatn.

Som med «Fjellets visdom», er også denne gitt ut i A4-format og på eige forlag. Sidene er luftige, og set er relativt store bilete, som framhever litt av bodskapet i poesien.

Det er overskrifter til dikta. Nokre dikt går over fleire sider, men sidene er ikkje tettpakka med skrift av den grunn. Her er kunstnerisk frihet brukt, og sjølv om det gir fleire sider, fremstår boka langt meir luftig og oversikteleg. Så eit godt verkemiddel er tatt i bruk her.

Nokre enderim er det, men hovedtyngda er på fri-vers. Blikket er tema i denne boka. Ein ser ikkje berre med augene, dei kan óg fortelja kva du føler. Ein klarar ikkje å skjula eit tomt blikk. Dette kjem godt fram i poesien til Stormark. Ho gjentar viktigheten med blikkontakt, og aldri undervurder dette.

Meir enn nokon gong før, går ho tilbake til sin eiga oppvekst. Ho skriv direkte til foreldra sine, og då særskilt til moren. Mangel på kjærlige blikkontakt vart eit stort hinder for forfattar seinare i livet, og ho skildrer kor viktig energier og healing har vert på vegen tilbake til å bli eit heilt menneske att.

Blikket ditt signaliserte det
Kulde og avvisning kjente jeg på.
Jeg hadde problemer med å forstå
Hvorfor du ikke følte glede når jeg var til stede

Jeg takker for barndommen som jeg fikk.
På tross av ditt avvisende blikk.
Det fikk meg til å forstå at jeg selv er ansvarlig for å forme fremtiden nå.

Ho skildrer også saknet etter faren, som stod henne nært. Det vert med andre ord eit personleg drag over denne boka, men samtidig kan den vere til hjelp for andre. Og ikkje minst ei bok til ettertanke.

Innimellom poesien skriv ho litt om korleis ho tenker og jobber. Stormark skildrer viktigheta av å omgåes med positive mennesker, og mennesker som møter blikket ditt med forståelse og kjærleik. Det treng nødvendigvis ikkje vere så mange ord som vert sagt. Det som teller er å verte sett av andre mennesker, og danner grunnlaget for kor viktig det er å heve blikket i møte med andre mennesker.

Ovenfra og ned betrakter du meg.
Jeg var ikke god nok for deg.
Følte meg liten i nærheten av deg.
Blikkene våre møttes ikke i en samstemt harmoni.
Ditt var uten innhold og kjærlighet i.

Forfattar skriv om anda, og finn fellestrekk mellom den og oss menneske. Det er ein god del bilete av ender på sjøen/vatnet, frå forskjellige vinklar. Bileta er brukt slik at dei passar med bodskapet i dikta.

«Blikkets betydning» er ei oppmoding om meir blikkontakt, og ei poesibok til ettertanke. Nok ein gong gir Stormark av seg sjølv for å hjelpe andre. Ei fin diktsamling med eit godt og undervurdert bodskap.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s