Tausheten i Sokndal av Egil Midtbø

Ein historisk roman med spennende vinkling om tida før, under og etter andre verdskrig i ei lita bygd i Rogaland.

  • Norsk tittel: Tausheten i Sokndal
  • Forfattar: Egil Midtbø
  • Sjanger: Historisk roman
  • Antall sider: 193
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Egmi Forlag

Egil Midtbø (Født 1963) arbeidar som prest og bur i Stenungsund, like utanfor Gøteborg. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2020, med den historiske romanen «Tausheten i Sokndal».

Egil Midtbøs litterære debut er påvirket av hans liv og oppvekst i Sokndal. Han ble født 18 år etter at freden kom. Da han i voksen alder begynte å fundere over sin fortid oppdaget han at han visste svært lite om det som hadde skjedd i Sokndal under krigen. Han visste lite om det tyske folk og han visste lite om nazismen i Norge og Tyskland. Hele hans oppvekst var påvirket av flere voksne mennesker som hadde opplevd det som skjedde i Norge fra 1940-1945. Likevel var det først i voksen alder han begynte å forstå hvordan historien til bygden han hadde vokst opp i var. Å se tilbake på denne vanskelige tiden var ikke lett. Hva skjedde egentlig under og etter krigen i Sokndal? Tausheten var kompakt og alle ville se fremover. Dette tok han med på en reise tilbake i tid. Denne boken er en fortelling som få har fortalt før. En fortelling om Astrid og hennes liv sammen med Arne.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tausheten i Sokndal».

Dette er ein historisk roman, der hovedhandlinga er lagt til krigsåra 1940-1945, og kva som skjedde under og etter krigen i Sokndal.

Sokndal er den sørligste kommunen i Rogaland. Det som dei fleste forbind Sokndal med under andre verdskrig, er to ting. Nemleg Jøssingfjorden, og hjørnesteinsfabrikken Titania A/S, som henter ut titanmalm. Det var i Jøssingfjorden at den tyske båten «Altmark» forsøkte å komme unna den engelske krysseren «HMS Cossack», utan å lykkes. Fleire tyskere mistet livet, og vart gravlagd i Sokndal. Ein dramatisk hending, som satte sine spor i lokalbefolkninga.

Forfattar møter 101 år gamle Astrid Jensen i 2009. Ho var gift med Arne Jensen, som gikk bort 40 år tidlegare. Dette er hennes historie, og hennes liv saman med Arne som vert fortalt. Det er med andre ord Astrid som er jeg-personen i boka.

Dei fyrste kapitla tar for seg oppveksta til Astrid i Flekkefjord, og møtet med Arne. Ho fortel om fredsnasjonen Noreg, og at krig var ein utopi. Ho forsøker seg på å ta sertifikat på bil, er med i Metodistkirken, og syng i kor. Og det er her i koret ho treff Arne fyrste gong. Dei giftar seg og flyttar til Sokndal. Ho har mange draumar for framtida, men så kjem krigen brått og uventa til Noreg.

Resten av boka handlar om livet like før, under og etter krigen. Her synes eg at vinklinga er veldig god. Ein viser kor stor usikkerhet det var rundt dette med kven som var fiende og kven som ikkje var det. Tyskerne var stort sett hyggelege i starten, og dei betalte godt for seg viss dei trengte å leige lokaler. Fleire kvinner fant desse uniformerte mannfolka sjarmerende, noko som skulle straffe seg i ettertid. Men der og da, var det stor uvitenhet rundt kva som eigentleg skjedde i Europa.

Grensa mellom fakta og fiction er ikkje synleg. Her er med verkelege namn på tyske offiserer og andre viktige personer, hendingar og stadar.

Eg må nevne det innbydende omslaget. Det er eit omslag som gjer deg nysgjerrig. I ettertid las eg at dette omslaget faktisk er eit maleri som far til forfattar i si tid malte. Det passar boka på ein strålende måte.

Me får servert ein særs dramatisk og interessant historie, der Arne etterkvart vert med i motstandsrørsla, og Astrid sit attende med tre små born å forsørga, samtidig som redselen for at noko skal skje med Arne heng over ho døgnet rundt, og kva som eventuelt vil skje med dei alle, om han vert oppdaga og tatt. Samtidig som Arne er mykje vekke, vert Astrid godt kjent med Heinz, ein tysk soldat som leiger lokale i underetasjen…

I denne historiske romanen vert det tatt opp ein del kjente temaer, som nazi-penger, forbudt kjærleik, «tyskertøser», skam og psykiske traumer under og etter krigen. Seinskader mange år etterpå var eit stort problem, som mange sleit med, men ting som hendte under krigen skulle dysses ned, også for kommende generasjonar.

Nå skulle håret bort. De måtte sitte foran alle og bli klippet. Det var lett å se hvordan de kjente det.
De ble røde i ansiktet, og noen gråt. Jeg syntes det var fryktelig å gjøre dette mot dem. De ble utpekt som forrædere og landssvikere i dagene etter frigjøringen. Det var lynsjestemning når dette skjedde, og de fleste som stod der syntes de fortjente dette.

Om «tyskertøsene»

Det er ein del gjentakingar i boka, og dette trekk ned for min del. Ting som har vert nevnt i hendingar som Astrid fortel om, dukk opp att i seinare kapitler. Her kunne nok forfattar ha strukturert romanen litt betre, slik at ein unngikk dette.

Det er utan tvil Arne som har opplevde mest dramatikk og vert gjennom mest traumer under krigen. Alt dette vert fortalt videre av Astrid, så ein mister litt av den spennende informasjonen på den måten, men det er uansett ein dramatisk historie, som er vel verdt å få med seg.

Denne romanen tar også for seg det menneskelige aspektet under krigen. Kva var synd og skam, og kva var det ikkje? Kven hadde rett til å dømma? Det er mange som gikk rundt med ein dobbeltmoral, der dei anklaga andre, medan dei kanskje ikkje var hakket betre sjølv. Hendingar som for mange slutta når krigen var over, kunne påverka eit menneske og ein familie livet ut, til og med i fleire generasjoner. Dette er eit viktig tema, som er like aktuelt idag.

Livet etter krigen er kanskje vél så interessant. Her set forfattar fokus på kva som skjedde når feiringa etter krigens slutt hadde lagt seg. Baksnakking, rykter, anklager om tysting og samarbeid med tyskere, «tyskertøsene» som vart satt til sides av samfunnet, og ikkje minst den påkjenninga som kom i kjøvannet av krigen for mange. Ting som vert gløymt i dei fleste bøker og filmer etter krigen, er heldigvis med her, og skaper rom for ettertanke og refleksjoner.

Jeg så det var behov hos folk til å anklage dem som hadde vært nær okkupasjonsmakten. Siden nesten alle hadde vært nær på et vis var det viktig å markere en forskjell på det en selv hadde gjort, og de som hadde gjort noe enda verre. Dette var en måte å rettferdiggjøre sine egne handlinger. Det ble derfor et vi og dem.

Eg følte at eg sat i samme rommet som Astrid og kunne høyre stemma hennes medan eg las. Eg såg for meg den 101 år gamle dama, som sat der og mintes tilbake til dei tøffe åra. Det er alltid eit godt utgangspunkt for ei bok, at forfattar klarar å dra lesar med seg inn i forteljinga, og det synes eg at Midtbø klarar.

«Tausheten i Sokndal» byr på ei historisk reise, med dramatikk, redsel, uvitenhet, kjærleik, sorg, sakn, skam, sinne, og alt det krigens dagar gav. Denne boka skapar eit meir heilhetlig bilete av krigen i ei lita bygd, på godt og vondt. Ei bok eg kan anbefale varmt videre til alle krigsinteresserte.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s