Paradisbyen av Zoë Beck

Ein futurisk thriller frå ein av Tysklands fremste krimforfattere.

  • Norsk tittel: Paradisbyen
  • Original tittel: Paradise City
  • Forfattar: Zoë Beck
  • Sjanger: Thriller
  • Antall sider: 270
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Olivia Forlag

Zoë Beck (Født 1975) er busatt i Berlin, Tyskland. I tillegg til forfattar, jobber ho også som oversetter, forlegger og manusforfatter. Ho har etterkvart blitt ein populær krimforfattar, og har mottatt fleire priser for sine mange bokutgivelser. Ho debuterte med krimromanen «Wenn es dämmert» i 2008, og har sidan den gong gitt ut ein rekke med krim og thriller-romaner. Beck gav ut «Paradisbyen» i 2020, som ho har vunnet fleire priser med.

Tyskland i nær framtid. De store pandemiene har herjet hardt, og kysten mot nord står under vann. Befolkningen har samlet seg i Frankfurt am Main – en ny megaby hvor infrastrukturen fungerer perfekt. Hverdagen styres knirkefritt av algoritmer. En helseapp hjelper alle å ha det bra – så lenge de ikke stiller spørsmål.
Liina Järvinen, gravejournalist fra et av de siste uavhengige nyhetsbyråene i landet, sendes ut for å undersøke en melding om at en kvinne angivelig er drept av sjakaler. Sporet fører Liina til det utenkelige…

Denne boka er eit leseeksemplar frå Olivia Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Paradisbyen».

Dette er ein thriller med sci-fi og krim-element. Sjølv om Zoë Beck er ein populær forfattar i Tyskland og land rundt om i verda, og har vert det i mange år, så er dette den fyrste boka som er oversatt til norsk.

Handlinga i romanen foregår i framtida. Årstallet er ikkje nevnt, men det nevnes ein tilbakelagt pandemi på 2030-talet, så me snakker nok 20-30 år fram i tid. Dermed kjem science-fiction elementa inn i biletet. Det er ikkje snakk om flygende biler, eller ultra-tekniske duppedingser og slikt. Fyrst og fremst skjønner ein at det er futurisk i form av at alle har ein chip installert under huda, der algoritmer styrer, og at ein helseapp fylgjer med på alt som foregår i kroppen. Det er óg eit særs overvåka samfunn, der ein blir spora heile tida.

Starten på boka syntes eg var forvirrende. Ein må verkeleg konsentrere seg for å få med seg kva forfatter skriver, og kva desse nye innretningene eigentleg er. Det er óg ufullstendig informasjon, og ein sit litt som eit spørsmålstegn. Dette endrer seg ganske kjapt, når me får tilbakeblikk og bakgrunnshistorien til hovedkarakteren Liina, innimellom det som skjer i nå-tid. Med denne vekslingen, vert me heldigvis betre kjent med denne karakteren.

Ein får tidleg ein følelse av at det er noko som skurrer, at eit eller anna er under oppseiling, og at det legges lokk på saker og ting. Men kva og kvifor kjem ikkje før mot slutten. Når romanen er ferdiglest, har ein fått svar på alle spørsmåla ein hadde i starten av boka. Så her er det brukt gode verkemiddel, der nysgjerrigheten til leseren drives videre boka gjennom.

På ryggen har hun også skader, blant annet store bloduttredelser, som ikke kan ha noe med bittene å gjøre. Legen vil se nærmere på halsen. Hjelperen renser den for blod og skitt. Ambulansearbeideren oppdager arret samtidig som legen, og går nærmere med kameraet. Det er et eldre arr, på siden av luftrøret. Begge er enige om at det ikke ligner et medisinsk grep.

Beck har skapt fleire sterke kvinnelege karakterer. Me vert fyrst og fremst kjent med gravejournalisten Liina Järvinen, ei kvinne med finske aner. Ho har helseplager, og slit med valg i sitt privatliv. Likevel er ho fast bestemt på å utføre den jobben ho er satt til. Denne karakteren er sta, sterk og målbevisst, men samtidig har ho empatiske evner, og ser personer rundt seg med opne auge, til ein viss grad. Dei andre karakterene er meir overfladiske, sjølv om dei innehar viktige roller i romanen.

Dette er ein roman som du mest sannsynlig enten vil like, eller ikkje like. Er du ein som liker å komme under huda på karakterene, bli kjent med dei, leve historia gjennom deira auge osv.. Då er ikkje dette boka for deg, til det er den for overfladisk. Er du derimot meir opptatt av at framdrift, så er dette ei bok som absolutt er verdt å sjekke ut.

Klimaet har endret seg. Havnivået har steget drastisk, og slukt store landområder. Enkelte innbyggere er litt bekymret for at det skal stige enda meir, og sluke plassen dei bur på, men utover dette er det lite å hente. Her kunne forfatter ha vert enda meir «på», og nyansert betre kva følger klimaet har hatt, bortsett frå at havnivået har steget.

Forfattar har spinnet videre på den retningen samfunnet og miljøet er på vei inn i. Det er eit jag etter perfeksjon, der Tyskland er blitt eit sorteringssamfunn. Dei med fysiske og psykiske plager vert sett på som «svake», og blir dermed meir eller mindre tilsidesatt av algoritmer i helseappen som alle i dette landet bruker. Innbyggerne vert overvåka og spora 24/7. Ein kan sletta informasjon etter seg, men det vil skape mistanke mot personen. For den som ikkje har noko å skjule, har heller ingen grunn til å slette noko….

Eg føler den sitrende spenninga mangler, men samtidig er det ein meget interessant og fengende historie. Det er ganske få personer involvert i boka, men likevel klarer forfattar å skape overraskelsesmoment og gode vendinger, samtidig som ho held på spenninga til siste side. Det er imponerende.

Språket er fremragende, dialogene føles naturlege og flytende, og det er ei drivende god fremdrift. Sjølv med ein del futuriske innretninger, vert det aldri overanalysert eller skildra til det kjedsommelige. Ein får vite det mest nødvendige ved bruken av det. Her har Zoë Beck gjort ein veldig god jobb med å skape eit dystopisk univers som er heilt unikt, men likevel fremstår, om ikkje eit heilt realistisk scenario, så hvertfall truverdig for sin tid.

«Paradisbyen» er ein annleis thriller enn det ein kanskje les til vanleg, men den er bunnsolid. Med sine sterke kvinnelige karakterer, det gode språket og eit interessant plott, vart dette eit strålende fyrste møte med denne forfatteren. Ein kan skjønne at lesarar i mange land har Zoë Beck som sin favorittforfatter. Anbefales.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar