Langsom ild av Paula Hawkins

Ein altoppslukende og særs god psykologisk thriller, frå forfatteren bak den internasjonale suksessboka «Piken på toget».

  • Norsk tittel: Langsom ild
  • Original tittel: A Slow Fire Burning
  • Forfattar: Paula Hawkins
  • Sjanger: Thriller, Spenning
  • Antall sider: 347
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Cappelen Damm

Paula Hawkins har jobba som journalist, før ho vart forfattar på heiltid. Ho er opprinnelig frå Zimbabwe, men flytta til London i 1989. Ho har gjort stor suksess verda over med thrilleren «Piken på toget» som kom ut i 2015. Også hennes andre thriller «Ut i vannet» (2017) vart ein internasjonal suksess. I 2021 gav ho ut nok ein thriller, «Langsom ild».

Da en ung mann blir funnet drept på en husbåt i London, utløser det en rekke spørsmål rundt tre kvinner.
Laura er den ustabile unge jenta som har hatt et forhold til offeret, som sist ble sett vaklende ut fra husbåten.
Carla, tanten til gutten, som har mistet et annet nært familiemedlem og sørger over den trøblete nevøen. Og den innesluttede Miriam, som bor i husbåten ved siden av.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Cappelen Damm. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Langsom ild».

«Langsom ild» er ein psykologisk thriller i kjent Paula Hawkins stil.

I byrjinga av boka er det eit tegna kart over stedene som nevnes flittigst i boka. Det er ikkje ofte ein ser dette i denne type bøker, men det skaper eit meir oversiktlig bilete for leseren, og er eit godt hjelpemiddel i så måte.

Me fylgjer fyrst og fremst tre personer i boka, Laura, Miriam og Carla. Men det er óg andre personer som vert meir framtredende etterkvart. Felles for desse er at dei har ei mildt sagt broken fortid. Det er øydelagte sjeler på kvar sin måte, der deres veger møtes før eller seinare. Dette er mennesker som egentlig har alle odds mot seg til å klare å leve eit normalt liv i eit samfunn, som ser ned på personer som er litt annleis. Det er med andre ord ei mørk historie med mange skjebner Hawkins serverer oss.

Nesten frå fyrste setning av, så oser det ustabilitet over hovedkarakterene. Og nettopp karakterene i denne historia, er det som er bokas klare styrke. Karakteroppbygging og sammensetting av desse, er av ypperste merke. Hawkins klarar å lage eit sympatisk bilete på ein mildt sagt ustabil person som Laura er, som langt ifrå er guds beste barn. Likevel så føler ein med vedkommende, og håper at ting skal ordne seg. Rett og slett fascinerende. Dei andre karakterene slit også med sitt, og ein skjønar etterkvart kvifor dei er som dei er.

Hun reiste seg. «Jeg vet», snerret hun og satte blikket i sidekvinnen, «at jeg stinker. Jeg vet det. Jeg har vert på politistasjonen i et helt døgn, og før det var jeg på butikken og handlet, og før det igjen hadde jeg en åtte timers vakt på jobb, så jeg har ikke tatt en dusj på kanskje to døgn. Det er ikke min skyld. Men vet du hva? Om en halv time kommer jeg til å dufte som roser, og du kommer fortsatt til å være en dum og feit hurpe.»

Boka vert ganske fort altoppslukende. Den drar deg inn i eit spindelvev av hemmeligheter, løgn, svik, brennende hat og hevngjerrighet, og spytter deg ikkje ut igjen før siste side er ferdiglest.
Det ligg heile tida ein uforløst setning over historia. Den eine setningen som kunne gitt svaret på alt…Den har forfattar gjemt godt unna, og lar leseren sitte der i sitrende spenning.

Forfattar gir ut akkurat nok informasjon om gangen til både å bevare spenninga, men også til at eg som leser les kapittel etter kapittel.
I utgangspunktet handler det om kven som drepte den unge mannen på ein husbåt, men etterkvart handler det meir om fortida til desse tre kvinnene. Kvifor er dei som dei er? Kva skjuler seg bak ansikta? Dette er vél så spennende som mordgåta.

Likevel, eg synes at forfattar tar fokus vekk frå drapet litt vél lenge om gangen. Her kunne ho nok ha holdt dette sporet varmere. Til tider kan ein gløyme at det faktisk handler om eit drap, noko som faktisk er grunnlaget for heile historia.

Dialogene føles naturlege, omgivnadane er godt skildra, og karakterene er som nevnt fantastiske. Kapitla er passeleg lange, og det er heile tida eit veldig godt driv i boka. Det er óg ei historie om ei bok som er skrevet av ein av karakterene, og denne får me eit utdrag frå her og der. Det vert med andre ord lest i ei bok i boka, og på eit eller anna underfundig vis klarar forfattar å flette dette naturleg inn i forteljinga, noko som er imponerende.

Denne boka vert fort med deg i tankene, sjølv etter at den er lagt bort for dagen. Det er eit solid stykke arbeid av forfattar Paula Hawkins. Språket er utsøkt, og den krypende følelesen av at noko er galt, men du veit ikkje heilt kva… Den er der konstant, og det er både spennende og litt skummelt.

Miriam ville blitt forferdelig skamfull hvis hun hadde vært i stand til å føle skam, hvis hun hadde vært i stand til å føle noe annet enn forvirring og skrekk. Nå lå hun på ryggen med blikket rettet mot trespilene i taket og prøvde å konsentrere seg om å puste, inn og ut, prøvde å konsentrere seg om her og nå. Men det greide hun ikke, ikke når han var der.

«Langsom ild» inneheld alt ein verkeleg god psykologisk thriller skal inneholde, og den kan fort bli ein ny bestselger frå Paula Hawkins. Dette er eit fyrverkeri av ei bok, som eg kan anbefale på det varmeste.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s