Blyantskissen av Tone Skillebæk Moe

Ein spennande historisk roman som fortjener mange lesarar.

  • Norsk tittel: Blyantskissen
  • Forfattar: Tone Skillebæk Moe
  • Sjanger: Roman, Historisk
  • Antall sider: 462
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Epoque Forlag

Tone Skillebæk Moe (Født 1971) er utdanna sivilmarkedsfører. Ho har blant anna bodd i Frankrike i eit og eit halvt år, og har ein forkjærlighet for Paris under La Belle Époque. Ho debuterte som forfattar i 2021 med romanen «Blyantskissen».

Paris 2016. Mari befinner seg i foajeen på Moulin Rouge da et fotografi tiltrekker seg oppmerksomheten hennes. Det ser da virkelig ut som den samme kvinnen som besteforeldrene har bilde av på spisestueveggen? Funnet vekker en gnist i Mari som blusser opp da hun hjemme hos farmor og farfar i Drøbak finner et gammelt skrin. Oppdagelsen skal føre henne tilbake til Paris hvor hun nøster i sin tippoldemors dramatiske skjebne.
Paris, 1894. Seks dager i uken skrubber Jeanine laken på dampfylte vaskeri Colbert i Latinerkvarteret, men det hun drømmer om er å få danse ballett på Opera Garnier. Tilværelsen lysner da hun en dag fanger blikket til en ung kunstmaler, og snart åpner også en uventet mulighet seg. Men finnes lykken der ute, utenfor vaskeriets klamme vegger? Og er kunstmaleren til å stole på?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Epoque Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Blyantskissen».

Dette er ein historisk roman som rommer blant anna tidsepoken La Belle Époque.

Boka veksler mellom to forskjellige tidsperioder. I 2016 er Mari er i Paris og oppdager eit bilete i foajeen på Moulin Rouge av hennes eiga tippoldemor. Dette vert starten på å finne ut kven tippoldemoren eigentleg var og kva liv ho levde.
I 1894 (og nokre år framover) fylgjer me tippoldemoren, Jeanine Ravillaud, sitt liv og virke i Paris. Det vert ein dramatisk historie me får servert, med familiehemmeligheter, mord og masse kjærleik og kabaretscener.

I starten er det 1894 og tippoldemoren som er hovedfokuset. Eg synes tidsperioden er skildra på ein fremragende måte. Klasseskillet var stort, og kvinnene vart sett på som objekter, så sant dei ikkje var gift med ein rik og innflytelsesfull mann. Jeanine er ein karakter som ein fort får stor sympati for. Ho jobber hardt for den dårlege lønna si i eit vaskeri. Ho drøymer om å bli ein danser, men er i ferd med å gi opp draumen. Samtidig møter ho kunstmaleren Jaques, og ho faller pladask for han. Me fylgjer hennes kjærleiksliv på godt og vondt, den tøffe kvardagen i Paris, og hennes draumer og jaget etter å komme seg vekk fra vaskeriet.
Mari er hovedkarakteren me fylgjer i 2016. Ho har kjærleikssorg, og søker trøst hos hennes to bestevenner. Jakten på kven hennes tippoldemor eigentleg var, blir eit pusterom i tankene om hennes store kjærleik, Vegard. Også Mari er ein sympatisk person, som ein håper alt går godt med. Eg likte veldig godt samspelet og dynamikken mellom Mari og hennes farfar, som byrjar å bli glemsk.
Det skjer dramatiske hendingar på kvar sin måte i kvar sin tidsperiode, som gjer at eg som leser trekker paralleller mellom Jeanine og Mari sine liv. Dette er eit veldig godt verkemiddel. For sjølv om det er mange år mellom to levde liv, så er følelsene hos dei to like sterke, uavhengig av tidsepoker.

Det er ein god del franske ord og uttrykk i teksten, samt stedsnavn. Orda er greit og naturleg oversatt til norsk i dialoger, så etterkvart føles det naturleg med franske gloser her og der.

Språket er lett og skildrande, og språkvasken er upåklagelig. Eg er mektig imponert over forfatters skildringer frå tidsepoken La Bella Époque. Her har Skillebæk Moe virkelig gjort ein kjempejobb med sin research. Det er fascinerende å lese om fiktive personer som møter på historiske personer, og som er skildret på ein så naturleg måte at ein ikkje tenker over det før i ettertid.

Historien er både spennende og veldig interessant, med eit godt driv. Vekslinga mellom 1894 og 2016 fungerer utmerket, og fortid og nåtid utfyller kvarandre på ein naturleg og god måte. Dermed vert alle kapitla viktige, og innhaldsrike. Men det som gjer boka ekstra interessant, er at viss ein går litt dypere ned i materien, så ser ein at ein god del av det som Jeanine er med på, og som skjer i hennes liv, er historisk korrekt informasjon.

Jeanine får vere med på verdens fyrste filmfremvisning, der historien stemmer med fakta. Det er f.eks også nevnt ei togulykke i boka. Ei dramatisk hending i romanen, men også i virkeligheten, der forfatter har fletta inn hendinga i historien på ein flott måte. Navnet på vedkommende som omkom i togulykka er nevnt med sitt rette navn i romanen. Dette er små detaljer som gjer til at ein får eit litt anna perspektiv på boka. Ein sit å undrar seg over kva som faktisk er fakta og ikkje, og ein må berre la seg rive med av det enorme arbeidet som ligg bak denne strålende romanen.

Hun stormet inn på plassen, men stanset momentant. Et uvirkelig syn møtte henne. Ut av det høyre, buede glassvinduet i andre etasje på stasjon Gare de l’Ouest stakk et tog. Kullvogna hang dinglende ned langs med stasjonsbygningen og selve lokomotivet sto på skrå ned mot plassen nedenfor. De kraftige vindussprinklene på stasjonsbygningen var bøyd til side, og biter av vindusglasset lå spredd utover fasaden. Place de Rennes var full av mennesker som løp fortvilet rundt og lette etter sine kjære.

Til tider synes eg at enkelte deler vart litt langdrygt. Forfatter kunne nok kanskje ha kortet ned litt her og der, utan at det hadde gått ut over innhaldet i historien. Eit og anna ord vert også gjentatt såpass mange ganger, at ein legg merke til det, særskilt i starten.

Innhaldet varierer frå fattigdom, utroskap, kjærleik, alkohol, dans og kunstmaling, med historiske korrekte opplysninger, til mord og seinare detektivarbeid utført av Mari og vennene hennes i nåtid.

Det er mange skjebner i boka, og den vil treffe leseren sine følelser på fleire plan. Drivet i historien er som tidlegare nevnt veldig bra. Boka var vanskeleg å legga frå seg, og det vart ei overraskende kjekk lesestund.

«Blyantskissen» er ein historisk roman som eg håpar får mange lesarar, for det fortjener den verkeleg. Dette er ein strålende forfattardebut frå Tone Skillebæk Moe. Ei bok eg varmt kan anbefale videre.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s