Fantasy for vaksne, der lettkledde vampyrer speler hovedrolla. Dette er fyrste del i ein serie om vampyrene i Oslo’s gater.
- Norsk tittel: Del 1: Historien om Siv
- Forfattar: Rune Gabrielsen
- Sjanger: Fantasy
- Antall sider: 546
- Utgivelsesår: 2016
- Utgiver: Rune Gabrielsen
Rune Gabrielsen er ein norsk forfattar frå Farsund. Han har vert sjømann i alle år, med utenriksfart på cv’en, og seinere i Kystvakten. Gabrielsen starta skrivinga som ein hobby for omtrent 12 år sidan. Sidan han alltid har vert fascinert av vampyrhistorier, vart det naturleg for han å slå seg inn på fantasy-sjangeren. Han debuterte med «Historien om Siv» i 2016. Pr august 2021 har han gitt ut 5 deler i denne serien, og fleire er på veg.

«DET VI IKKE VET» er en norsk romanserie, hvor det vesentligste av handlingen foregår i Oslo. I del 1 – «Historien om Siv» blir vi kjent med Siv og Mira, og flere av de øvrige rollefigurene i bøkene. Del 1 handler mest om den 27 år gamle kvinnen Siv Meyer, og hennes møte med det ukjente. Tilfeldigheter og en opprivende hendelse driver henne inn i en verden som hun ikke ante kunne eksistere, og alt det som hun trodde på i dette livet skulle forandre seg for alltid. Dramatikken tiltar i omfang da en gammel fiende av George har funnet seg en mektig alliert, og bestemmer seg for å ta hevn for stridigheter som hendte for mer enn 200 år siden… En lettlest blanding av spenning og dramatikk, kjærlighet og personlige intriger, ispedd et muntert snev av sort humor. Det kan være dekkende stikkord for denne boken, men her finner du også frekke fremtoninger, litt erotikk og masse følelser.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Del 1: Historien om Siv».
Dette er ein fantasy-roman med ein erotisk tone, der handlinga foregår i Oslo. Denne boka er den fyrste i ein serie. Bøkene bør definitivt leses kronologisk, så det anbefales å starte med denne.
På omslaget står det «frekke fremtoninger og litt erotikk».. Og det er det såpass masse av, at eg nesten vil gå så langt å seie at vampyrverdenen møter Fifty Shades i denne fyrste delen, der me hovudsakleg vert kjend med Siv og Mira, men óg med dei andre karakterene, som videreføres i dei kommande bøkene.
Hovedkarakterene er meget interessante og unike, og me vert godt kjent med dei. Mira er privatdetektiv, eventyrer, singel og vampyr. Ho har vert vampyr i over 200 år, og har dermed opparbeida seg mange egenskaper og erfaringar. Ho kan blant anna kople seg på tankene til mennesker, hypnotisere dei berre med blikket, heale mennesker med litt av sitt eiga blod, er umenneskeleg sterk, rask som eit lyn, og kan til og med fly. Når ho ein dag får vite at Siv, som er menneske, og som jobber for Mira, vert funnen hardt skadd med hovudskader, startar historia for alvor. Ho må redda Siv frå den sikre død, ved å gjere ho om til ein vampyr. Men det er alltid utfordringar med nyskapte vampyrer, så også med Siv….
Det er masse puppesnakk i romanen. Nesten ingen av kvinnene i boka bruker behå, og nesten alle går veldig lettkledd med store utringinger, der «hengepupper», «struttende pupper» og små og store pupper vert lett synleg for personer rundt, i tillegg til hofter, rumpeformer, og truseløst under korte kjoler. Etterkvart vart det såpass masse, at for min del vart det nesten litt på kanten til parodisk. Her kunne nok forfattar ha kutta ut noko, eller variert litt meir. Karakterene bytter også ofte klede, og dei vert nøye skildra. Også her vert det litt masse for min del etterkvart. Det blir litt for mange gjentakinger, og det stopper opp progresjonen i historia.
Jeg sminket meg litt mer enn jeg pleide for anledningen, og tok på meg den svarte kjolen som jeg hadde tatt med. Den var ikke så kort som mange andre jeg hadde, men var trang over hoftene og rumpa, og hadde en høy splitt som gikk langt oppover låret og framsiden av den ene hoften. Og jeg hadde ikke truse på meg.
Når det er sagt, så skal det seies at det ligg ein velskrevet historie i botn. Norsk fantasy har hatt ein liten oppsving dei siste åra, men mest for ungdom. Gabrielsen har skrevet for vaksne, noko som vises att i språket. Det er røffe skildringar, både i kampscenene og i den erotiske delen. Kampskildringene er strålende skildra. I enkelte scener oppstår det kaotiske slåsskamper, men likevel skriv han på ein så billedlig måte, at ein aldri mister oversikten eller kontrollen over hendingane. Her har forfatter stålkontroll, og det er noko eg håpar han brukar meir av i dei andre bøkene som er kommet ut, og dei som kjem ut.
Gabrielsen viser at han har fantasien i orden. Ein får eit visst forhold til hovedkarakterene allereie i denne fyrste boka, som er meir enn nok til at ein vil vite korleis det går videre. Dermed har forfattar lykkes godt med sitt persongalleri.
Boka er skrevet i jeg-format, der Mira er jeg-personen. Me ser det aller meste gjennom hennes vampyrauge, og fylgjer ho og resten av teamet hennes gjennom fleire saker, og tøffe kamper. Men også i kjærleikslivet, som etterkvart vert både røft og oppheta. Følelsene vert satt i sving, og det vert ein god del sjalusi og drama sidan kjærleiken ikkje har nokon grenser, sjølv ikkje i vampyrverdenen.
Det er masse blod i romanen, der det er inngående skildringer om korleis vampyrer får i seg blod frå uskyldige ofre. Her finn ein óg mange egenskaper som berre ein vampyr kan ha. Det vert storslåtte slåsskamper erfarne vampyrer seg i mellom, og veldig gode klassiske vampyrskildringar. Med andre ord, det er ei vaskekte vampyrbok som eg vil tippe mange som elsker sjangeren har sakna, særskilt sidan den foregår i norske omgivnadar.
Han var i live ennå da hun rev munnen vekk fra strupen hans, men det ville ikke vare lenge. Hun rev opp pulsåren så mye at han ville blø seg tom i løpet av det neste minuttet. Siv var ennå ikke helt fornøyd, og røsket ned buksene hans. Så grep hun tak i hele stellet hans og røsket det brutalt vekk fra kroppen.
Språket er bra. Eg synes at det vert betre og betre utover i boka, noko som alltid er positivt når progresjonen går rett vei. Ein finn óg ein og anna litt sort humoristisk tone, som løyser litt opp på stemninga i boka. Det kan fort bli 20-25 sider mellom kvart kapittel, så her skulle eg ønsket at dei var litt kortere for å få ei meir lesevennlig bok.
Dette er nok ein rimelig unik serie i norsk samanheng. Det er ei salig blanding av erotikk, kjærleik, bloddrikking, slåssing, overnaturlege egenskaper, samhald og vampyrer. Liker du fantasy-sjangeren, så er denne boka og denne serien definitivt verdt å sjekke ut. Her har vaksne lesarar fått eit fullverdig alternativ.
TERNINGKAST: 4