Alt jeg ikke har fortalt deg av Sofie Caroline Nilsen

Ein spanande og interessant sjølvbiografi frå ein av Noregs fremste blogger og influencer.

  • Norsk tittel: Alt jeg ikke har fortalt det
  • Forfattar: Sofie Caroline Nilsen
  • Sjanger: Sjølvbiografi
  • Antall sider: 183
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Sofie Caroline Nilsen (Født 1995) har i mange år vert ein av Noregs mest leste bloggere. Ho er óg kjent frå Paradise Hotel og Bloggerne, og driv podkasten Sex og singelliv med Tobias og Sofie. I 2021 debuterte ho som forfattar med sjølvbiografien «Alt jeg ikke har fortalt deg».

En ærlig og rå fortelling fra en av våre største influensere om hvordan du kan komme deg gjennom den svarteste angsten for å nå målene dine. Sofie Caroline Nilsen vokste opp med en alenemor som strevde for å forsørge henne og søsknene. Som fjortenåring mistet hun plutselig faren sin. To år senere var hun på Utøya 22. juli 2011. Årene etter var hver skoledag en kamp mot eget hode. I denne boken beskriver hun valgene og kampene hun har tatt for å nå drømmen sin. Hun forteller om gjennombruddet, om altoppslukende forelskelse og om skam. Om å finne styrken til å stå på egne bein. Ikke minst gir hun en gripende skildring av 22. juli, da hun tror hun skriver den aller siste meldingen til moren sin.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Alt jeg ikke har fortalt deg».

Dette er ein sjølvbiografi frå ein av Noregs fremste blogger og influencer.

Eg må nevne at eg ikkje har høyrt om Sofie Caroline Nilsen før, og dette er mitt aller fyrste møte med denne personen. Derfor er min bokanmeldelse kun basert på det eg har lest, og eg har ingen forutsetninger for å vite om det som står i boken er nytt for folk flest, eller om det har vert omtalt før.

Nilsen skriv i forordet at ho har opna lukkede dører frå si fortid, gravd seg ned i smertefulle opplevingar og opplevd sinne, frustrasjon og grått seg gjennom skriveprosessen. Det er med andre ord ei til tidar følelsesladd historie.
Det fyrste som slår meg, er at dette er ein balansert sjølvbiografi. Det er lite/ingen drittslenging, og få personer er nevnt ved navn, men eg rekner med at nokre likevel er relativt lett identifiserbare for dei som kjenner Nilsen og hennes liv.

Forfattar skildrar ein barndom der faren var ut og inn av livet hennar, ho var både egoistisk og krevende, og eit veldig usikkert barn. Ho skriv om ein kvardag der moren hadde fleire jobbar for å få endene til å møtes. Nilsen skjemtes over alle dei tinga dei ikkje hadde, og dermed aldri inviterte venner med seg heim.
Eg likte dynamikken mellom moren og forfattar. Nilsen skildrer ei mor som alltid har stilt opp, og som har vert ein uvurderlig støttespeler for ho opp gjennom åra. Me fylgjer oppveksten videre, gjennom ungdomsåra, kjærleiken og vegen til å bli ein av Noregs mest populære blogger.

Faren speler ein viktig rolle i livet til Sofie, sjølv om han ikkje alltid hadde vert der for ho i oppveksten. Når ho var 14 år, døde faren, og dette har satt eit djupt spor i Nilsen. Ho skildrar dei gode minna og den djupe sorga på ein veldig var og fin måte. Det er rørende å lese talen ho las i begravelsen til faren, der ho ramser opp ting som ho saknar no når han er borte. Ting som kanskje irriterte ho medan han levde, men som no er gode minner, og viser at ein aldri bør ta ting for gitt. Eg synes forfattar minnes og hedrer faren sin på ein verdig og flott måte.

Du har kanskje forestilt deg hvordan det er å miste en av dine nærmeste? Hvordan det er å aldri skulle se eller snakke med h*n igjen? Hvordan livet ditt vil være uten akkurat denne personen? Bare tanken på det gjør vondt i hele kroppen, men man kan ikke forestille seg hvor vondt det faktisk er, før man har opplevd det. Det er så jævlig at jeg ikke kan beskrive det engang, og den smerten som gikk gjennom kroppen min den dagen, kommer jeg aldri til å glemme.

Det står ein god del om kjærleikslivet til forfattar. Eg vil tru at dette har vert mykje i media, og på sosiale medier. Her går Nilsen grundig til verks, og skriv om korleis ho har møtt sine ekskjærester, kva følelser ho har hatt til dei forskjellige, og kvifor det vart slutt. Så om du er ein som har følgt Nilsen tett, trur eg nok likevel at det kjem fram ein god del informasjon som ikkje tidlegare har vert publisert. Så på mange måter oppklarer ho kjærleiksforholda for sin store følgerskare.

Nilsen var på Utøya 22. Juli 2011, og har skrevet om meldingene ho sendte til mor si, og tankane ho hadde medan ho meir eller mindre venta på å bli skutt og drept. Ein kan knapt forestille seg den situasjonen ho og mange andre stod overfor, men ho klarar å mane fram frykten, redselen og avmakten til meg som leser. Ho skriv om dei hektiske timene etter at dei ankom Sundvollen, og der ho desperat leita etter ein nær venn. Ho skildrer livet etter denne grusomme sommeren, om angsten, panikkanfall, rettssaka, og at folk ikkje forstår at livet ikkje går så enkelt videre for dei som var involvert.

Det er heldigvis ikkje berre alvorlege ting som er tatt med i biografien. Nilsen skriv om ei oppleving om bæsjing i senga etter ein fylletur på byen, som var ein særs artig historie innimellom alt det alvorlege. Nettopp slike brytningspunkt synes eg er viktig å ha med, så all kreditt til forfatter her.

Nilsen skriv om feilvalg og skam, om oppturene, men óg om dei store nedturene. Ein blir kjent med mennesket Sofie. Utad var livet og kjærleikslivet perfekt, medan det stormet innad. Ho tar oss dermed med bak kulissene i sitt korte, men særs innhaldsrike liv. Det eg synes var mest positivt med sjølvbiografien, er at Sofie Caroline Nilsen på ingen måter skaper eit glansbilete av seg sjølv, noko som er viktig med tanke på alle unge som fylgjer ho, og ser opp til ho. Ho har også viet eit kapittel der ho skriv om ein personleg hemmelighet ho ikkje har delt med andre, før no.
Nilsen kjem med mange gode råd, oppmuntring, livsvisdom og erfaringar.

Du vil fort merke om noen vil deg godt eller ikke, og er det noe jeg har lært de siste årene, så er det at du aldri vil være i tvil om et menneske er glad i deg eller bryr seg om deg. Du vet når noen bryr seg, og når noen ikke gjør det. Bruk mer tid på dem som bryr seg, og mindre tid på dem som ikke gjør det.

Besettelsen etter å bli ein kjendis er interessant lesing. Ho går langt for å nå målet sitt. Paradise Hotel var ei inngangsdør til kjendislivet ho ikkje kunne takke nei til. Målene vart nådd eit etter eit. Ho innrømmer at ho skreiv drøye innlegg om sex og privatliv for å få fleire klikk. Nilsen publiserte eit topplaus-bilete på sin blogg, og fekk etterkvart massiv kritikk for dette. Det haglet med nedsettende kommentarer om kor stygg og udugelig ho var, og det gikk så langt at ho bestilte time for fettsuging, (som ho heldigvis avbestilte) i håp om å få færre negative kommentarer. Eg er glad for at ho har tatt med baksiden av medaljen, der ho skildrer sosiale medier på godt og vondt.

Det er ei lettlest bok, som ein kan lese fra perm til perm i løpet av ein ettermiddag og kveld. Alle kapitler har overskrifter, og lengda varierer. Språket er veldig bra, og ho klarar å få sitt liv interessant og spennende, også for meg som ikkje visste kven ho var.

Sofie Caroline Nilsen skal ha all mulig ros for sin åpenhet og ærlege stemme i denne sjølvbiografien. Boka er velskrevet og godt komponert, og innehar eit stort følelsesregister for leseren. Boka er eit friskt pust i sjølvbiografi-sjangeren. Kan varmt anbefales til alle, enten du kjenner til personen eller ikkje.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s