Ein lærerik teiknserie om nordlyset og Kristian Birkeland.
- Norsk tittel: Guliver & Bo – Nordlysets hemmelighet
- Forfatter: Leah Laahne
- Sjanger: Teikneserie, Born
- Antall sider: 61
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Liv Forlag
Leah Laahne (Født 1984) er animatør som er busatt i Los Angeles. Ho debuterte som forfattar med teikneserieboka «Guliver & Bo – Nordlysets hemmelighet» i 2023.

Mormor forsvinner på mystisk vis mens Guliver og Bo baker brød på Revøy. Så får de en telefon fra Kautokeino om at akkurat det samme er skjedd med Fetter Petter ute på Finnmarksvidda. I troen på at det er en sammenheng, reiser Guliver og Bo i Fetter Petters fotspor til nordlysets sentrum, Sameland, etter svar. Hva i all verden er skjedd med Mormor og Fetter Petter? Hvorfor? Og hva har forsvinningsnumrene med den fortidige nordlysforskeren Kristian Birkeland å gjøre?
Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Guliver & Bo – Nordlysets hemmelighet».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er fyrste bok i ein teikneserie som passar for born på mellomtrinnet.
Boka starter med eit oversiktskart over Noreg, og særskilt områda rundt Kautokeino og Karasjok. I tillegg er det ein lett og fin introduksjon av våre to hovedkarakterer. Eg liker når forfattere introduserer sine karakterer før historia starter. På denne måten får borna eit kjennskap og ein forventning til det som skal komme.
Laahne har skapt to flotte karakterer med kvar sine unike egenskaper. Guliver er ein intellektuell utenomjordisk skapning og kan f.eks fly. Då er det jo litt artig at han har høydeskrekk. Guliver krasjlandet som liten, og har sidan blitt ein del av familien på Revøy. Der har han blitt bestevenn med Bo. Bo er ei jente som av og til er klarsynt og som kjem med mange gode idéer og har ein meget god innsikt i det som skjer rundt ho. Saman er dei eit radarpar.
Det er mange ruter pr side, så innimellom kan det virke litt overveldende å snu ei side. Det er meget fargerike illustrasjoner, der fargene slår mot deg. Når forfatter skildrer fortid, så går ho over til svart/hvit teikninger. Dette er eit sterkt og solid verkemiddel, og som skaper ein god struktur og ei oversiktlig tidslinje.
Det er fletta inn historiske fakta som er både spennende og lærerike. Særskilt er det Kristian Birkeland forfatter bruker god tid på. Han er omtalt av mange som «nordlysets far», og er ein naturleg person å ha med når boka handler om nordlyset. Det skal også legges til at forfatter var illustratør av boka «Historien om Kristian Birkeland» av Pål Brekke. Så det er ingen tvil om at Laahne er fascinert av nordlyset og dets magi, og har henta ideer frå Birkeland sine oppdagelser og forskning.
Synes du ikke også det var litt rart hvordan han først skrev at han mente nordlysmytene var ren overtro. Men så avsluttet boken med å si at en myte hadde gitt ham en ide?
Humoren ligg litt skjult i teksten, men eg storkoste meg med den. Det brakte fram gode minner frå min barndom, då forfatter tydeligvis er inspirert av Brødrene Dal. Og ser ein nøye etter, finn ein allerede på ein av dei aller fyrste sidene ein forsmak på humoren som ligg der, for der står det nemlig «Ingen dyr ble skadet under produksjonen av denne boken selv om enkelte rollefigurer går i pels». Eg er meir skeptisk til at dagens generasjon av born vil ha samme utnytte av deler av humoren.
Kjære leser, hva skjedde med fetter Petter? Hva gjør, eller rettere sagt gjorde, han på Finnmarksvidda? Og sist, men ikke minst, hvem er den mystiske skyggen?
Eg vart usikker på målgruppa for denne teikneserien. Det er barnlige teikninger og det er delvis historien også. Men samtidig er det mange opplysninger som vil gå over hovudet på dei yngste. Så eg ser for meg at denne passar best for born i alderen rundt 10-13 år, grunna alle faktaopplysninger. Vanskelege ord er godt forklart og synleggjort ved stjerne og ein eigen boks for utfyllende informasjon.
Eg likte måten forfatter har introdusert samene og det samiske samfunnet for leseren. Det er lettfattelig og konsist. Litt dialekt er det, men ikkje verre enn at det er fullt forståelig. Forfattar har nytta ein godt leselig font i tekstboblene. Dette er ytterst viktig når det er mange ruter pr side, og av og til liten plass til tekst.
Den urgamle samiske legenden om Ildrævan e nok de som e mæst mystisk! Dæm sir at Ildrævan kunne snakke med nordlyset! Døm kunne til og med hente krafta fra nordlyset med halan sine!
Dialog med ein lokal mann.
Illustrasjonene er gjennomførte og detaljerte. Forfatter har ofte valgt å fokusere på ansikter og auge. Ansiktsuttrykka formidler sinnstilstand og det er enklere for eit born å lese eit ansiktsuttrykk enn innvikla tekst. Så all mulig ros til Laahne for å prioritere kroppsspråk. Samtidig er det også masse detaljer når ho zoomer litt ut, og her viser det enorme arbeidet som ligg bak ei teikneserie bok. Studerer ein illustrasjonene nøye så finn ein artige små kinderegg av humor. Som f.eks maleriet «Skrik» som heng på kontoret til lensmann Anton frå Kautokeino.
Bak i boka er det masse informasjon om både Kristian Birkeland og Halddetoppen, som innehar eit nordlysobservatorium. Dette er det høgaste fjellet i Alta, og som forfatter har ein relasjon til.
Historia og plottet er interessant og lærerik. Nordlyset har ein magisk og mystisk glans over seg opp gjennom tidene. Forskninga på dette fenomenet er viden kjent i dag, men mystikken rundt dette var eit hett tema i gamle dager. Nokre vart redde når dei såg det, og det er kanskje ikkje så rart når dei ikkje ante kvifor dette viste seg på nattehimmelen.
Eg synes at hovedkarakterene er fint sammensatt og dei samarbeider veldig godt i lag. Dei er gode vener og passar på og oppmuntrer kvarandre når det trengs. Dei har stor empati for mennesker rundt seg og dei har ei stor nysgjerrig side ved seg som fører dei langt inn i eit spennende mysterium.
Det må understrekes at dette er bok nr. 1, og ein får dermed ingen slutt i denne boka. Laahne har nytta seg av ein spennende og god cliffhanger ved bokas slutt, så her er det berre å glede seg til fortsettelsen. Utviklingspotensialet i både historie og karakterer er absolutt til stede, og forfatter har dermed fleire strenger å spele på i kommende bøker.
«Guliver & Bo» er ein spennende og lærerik teikneserie om nordlyset og dets hemmelighet. Med sine fargerike illustrasjoner, hovedkarakterer med unike egenskaper og lærerikt innhald, er dette noko som fort vil fange interesse blant born.
TERNINGKAST: 4+