Mysteriet ved Hangman’s Hill av Olla Rypdal

Eit over 100 år gamalt mysterium venter Anna og venene hennar, i denne detektivromanen for barn i mellomtrinnet.

  • Norsk tittel: Mysteriet ved Hangman’s Hill
  • Forfattar: Olla Rypdal
  • Sjanger: Roman, Barn og unge, Detektiv
  • Antall sider: 176
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Olla Forlag

Olla Rypdal er forfattar og teaterpedagog, og jobber som freelancer. I 2017 grunnla ho forlaget Olla, og gav ut den fyrste boka i serien om Anna, nemlig «Amulettmysteriet». Etter denne har det komt ytterligare tre bøker i denne serien, «Det gamle slottet», «Kodemysteriet» og «Mysteriet ved Hangman’s Hill». Ho har i tillegg gitt ut barneboka «Klokkemakar Alfreds mysterium».

På loftet i det gamle huset på Vargholmen finn Anna, Erik og Siri nokre gamle, gulna brev, skrivebøker og ein rusten nøkkel innpakka i ei engelsk avisside frå 1907.
Det dei har funne blir viktige spor i utforskinga av eit lenge gøymt og gløymt mysterium, då dei seinare reiser på vinterferie til England.
Det skal vise seg at gamle, uløyste mysterium også kan føre nye med seg. Kva kan dei uforklarlege, mystiske opplevingane deira på eit dystert, gammalt gods ha med både det gamle og det nye mysteriet å gjere?
Snart er dei midt oppi hendingar som både er i overkant spennande — og farlege. Spora fører dei til stupet ved Hangman’s Hill…

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar på PDF. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mysteriet ved Hangman’s Hill».

Dette er bok nr. 4 i serien om Anna og vennene hennes. Boka passar fyrst og fremst for born i alderen rundt 9-12, men også for alle andre som likar eit mysterium og ei god historie. Boka er skrevet på nynorsk, og kan fint leses frittstående.

Rypdal er flink til å binde fortid og nåtid saman i bøkene sine, og denne romanen er intet unntak. Boka startar med ein hendelse tilbake i 1907, der ein slektning av Anna er involvert. I 2018 finn Anna og hennes to vener, søskena Erik og Siri, nokre gamle skrivebøker og dagbøker, samt ein rusten gamal nøkkel etter Martha frå 1907. Dei finn den informasjonen i bøkene veldig interessant og spennende. Anna overtaler foreldra til å reise til England i vinterferien, og jakten på å løyse mysteriet er i full gang.

Rypdal drar leseren rett inn i handlinga, då det er umiddelbar spenning og mystikk i boka. Eg likar måten ho brukar gamle og arvede ting i boka. Forfedre som har skrevet ned sin livshistorie i skrivebøker skal få vekket sin historie, over 100 år etter av nokre 12-åringer. Ein spennende tanke, der fortid og nåtid møtes i hendene til nokre barn.

Området som skildres i boka er Combe Martin, som ligg i den sørvestre delen av England. Eit rått landskap med Hangman’s Hill som det mest skremmende landemerket. Det er litt engelsk tekst i boka, men det aller meste er godt forklart på norsk. Ein finn õg tekst som er oppført frå tidleg 1900-talet, som kanskje kan vere litt utfordrende for dei yngste. Men det bør ikkje by på dei største problema.

Rypdal nyttar enkle, men gode personskildringer. Ein finn ikkje lange utbroderende detaljer, men nyttar heller eit språk som barn kan forstå og assosiere ting med. Dette skaper eit godt bilete av personer, også for barna. Romanen er skrevet om barn, for barn, og her har forfattar gjort ein god jobb med å vinkle språket ned på barnenivå.

Ein oppkava mann i femtiåra fekk auge på dei. Han var ikkje høg, kortare enn Erik. Den eine knappen på den ruta dressjakka hans såg ut til å kunne sprette ut når som helst. Lange hårstrå strekte seg over hovudet frå eine øyra til den andre og dekte nesten den bare skallen under.

Dette er ein roman med mystikk, litt action (uten at det blir for skummelt), spenning og ein god dose detektivarbeid. Her trengs det eit godt samarbeid mellom barna, kloke hovuder og litt mot og stå-på-vilje for å løyse saken. Syns også det er artig å lese om dynamikken mellom Anna og hunden Kaspar. Kaspar fylgjer barna nesten over alt, og er eit friskt innslag i romanen.

Eg synes kanskje det er litt enkle løysingar enkelte plassar, der logikken har sine brister. Men i ei barnebok er takhøyden langt større, sidan barn ikkje tenker på samme måte som ein vaksen. Enkelte av passasjene i historia kan kanskje gå litt over hovudet på dei minste barna, men for dei litt eldre, får dei bruka sine små grå på mysteriet.

Eg liker progresjonen hovedkarakterene har i bøkene. Dei lærer, vert modigere og modigere, og skaffar seg erfaring frå tidlegare saker dei har løyst. Anna er litt forsiktig og lovlydig av seg, men blir stadig dratt ut av sin trygge komfortsone av sine to vener.

Alle i forsamlinga snudde seg mot dei tre ved døra, foredragshaldaren stoppa midt i ei setning og kuratoren reiste seg fort. Heilt raud i ansiktet kom han på trippande føter som ei ballerina, med stø kurs gjennom rommet mot dei. I det same spratt knappen ut av den tronge dressjakka hans, fauk i ein stor boge i lufta og hamna rett i hovudet på ei dame, som skvatt så ho hoppa i stolen. Erik begynte å le og raute som ei ku, og dei to andre kunne ikkje halde seg.

Mysteriet vert meir og meir spennande og interessant, og barna kjem opp i fleire farlege situasjonar. Likevel er det tid til latter og moro. Eg synes det er befriende å lese ei slik bok, utan at det er dei store overdrivelsene eller dei voldsomme actionscenene. Rypdal har tonet det ned, men likevel klart å beholde eit godt og spennende driv i forteljinga, utan at borna kjem til å miste nattesøvnen av boka.

Olla Rypdal viser nok ein gong sin eminente forteljarstemme for born med «Mysteriet ved Hangman’s Hill». Sjekk ut bøkene hennes om Anna og venene hennar. Dei fortjener ein stor leserskare, og denne boka kan eg lett anbefale vidare.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s