Ei diktsamling med eit stort innhald.
- Norsk tittel: Flimmer fra hjertegalleriet
- Forfattar: Thomas Edward Wagstaff
- Sjanger: Poesi
- Antall sider: 77
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Tekst Forlag
Thomas Edward Wagstaff er frå Bergen. I 2021 debuterte han med diktsamlinga «Flimmer fra hjertegalleriet».

«Jeg gleder meg til å dele min indre verden med deg. Både mystiske tanker og landskap, visdomsord og fortryllende scener fra hverdagen.
Det er også noen malerier i boken som jeg har malt selv. » – Thomas
Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Flimmer fra hjertegalleriet».
Dette er forfatters fyrste diktsamling. Boka inneheld 57 dikt, med nokre malerier spredd utover.
Boka inneheld forklarende overskrifter, det er god lengde på dei aller fleste dikta, og dei er skrevet som fri-dikt. Det fyrste som slo meg i mange av dikta, er forfatters bruk av naturen som metaforer.
Et nålestikk i taket over
Lyset bryter inn gjennom hullet
Så smalt, men fortsatt så mektig
Hvitt flimmer i et stort hav
Et speil i et uendelig vakuum
Det er store variasjoner i innholdet. Her finn ein dikt om f.eks kjærleik, sommer, printer (!), mørket og døden. Og nettopp mørket er det ein del dikt om, nesten på grensa til dystopisk til tider. Men ein finn óg lette og meir lystbetonte dikt, så variasjonen er stor.
Groteske bikkjer
Vokter Armageddon
Lenket til mannen
Mannen med bikkjene
Sikkerhet, ved det voktende øyet
Fred gjennom sverdet
Mekaniske ører
De hører deg
Wagstaff bruker steder i Bergensområdet som inspirasjon i enkelte av dikta, då gjerne i overskrifta. Eg fant ut at i ein del av dikta så var faktisk overskrifta som meir eller mindre var løysinga på bodskapet i diktet. Ein del av innhaldet var mystisk og gåtefullt, og eg skjønte ikkje heilt kvar forfattar ville. Men dette kjem sjølvsagt av tolkninger som ein person har. Det eg tolker som meiningslaust, kan ein annen person skjønne innholdet, og nikke gjenkjennende.
Det er ikkje så mange malerier som er med i boka, men dei seks som er med, er fascinerende å sjå på. Dei fleste er bilete av ansikter i ein eller annan format, nesten litt abstrakt. Alle er fargerike, og passar fint til bokens innhold.
Språket er godt, og forfattar har eit stort ordforråd som han bruker til fulle. Han kan få eit kjedelig kvardagsproblem eller oppleving til å høyres ut som eit forgylt øyeblikk i livet, med sine ord og betraktninger. Det er óg nokre visdomsord som ein kan ta med seg videre.
Sjølv om eg ikkje forstod alt av innhold i diktene, er det ingen tvil om at Wagstaff er ein ordkunstner, og ein dyktig bruker av metaforiske vendinger. Det er noko særegent over stilen hans, som vil vekke nysgjerrighet hos mange.
TERNINGKAST: 4