En sky av røyk i luften av Arthur Henriksen

Ei diktsamling om korona, kjærleik, bitterhet og evig jakt etter universelle sanningar.

  • Norsk tittel: En sky av røyk i luften
  • Forfattar: Arthur Henriksen
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 57
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Tekst Forlag

Arthur Henriksen gav ut diktsamlinga «En sky av røyk i luften» i 2021.

Ved hjelp av sterk selv-refleksjon, forsøker jeg å oppdage universelle sannheter. Kanskje du kan oppdage deler av deg selv, dypt inne i sjelen min? Det er iallfall målet mitt med «En sky av røyk i luften», å gjøre verden litt mer intim, ærlig og personlig.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En sky av røyk i luften».

Denne diktsamlinga består av 6 kapitler, der kvart kapittel har sitt eige tema. Nokre dikt er meir ei utgreiing av eit bodskap, og kan fylle ei heil side, medan andre kan gå på rim eller berre inneha nokre få linjer. Felles for dei alle er at dei inneheld kloke ord og tanker.

Av alle rusmidler jeg har prøvd
for å dempe smerten

Var du det aller beste
med de verste abstinensene

Mange av dikta er samfunnsrelaterte, nokre er kjærleiksdikt, nokre er personlege, medan andre handlar om det universelle. Henriksen skriv blant anna om korona-tida. Han skriv om korleis ting er blitt snudd på hovudet, om at fyrst i krisetider vert folks arbeid satt pris på, og at ein klapper for folk som tidligere har blitt avfeid. Det er masse sannhet i det han skriv, og han har til tider ein litt spydig og ironisk undertone i det fyrste kapittelet.

Nokre dikt forandrer både form og rytme undervegs, noke eg fant både fascinerende og interessant, og det er noko svevende og filosofisk over måten han skriv på. Eg likte óg måten han bruker heile sida i eit av sine korte dikt. Eit dikt på tre linjer, som han fordeler utover sida, og med dette skaper eit visuelt flott uttrykk.

Dei fleste dikta er skrevet i jeg-perspektiv. Om han skriv om seg sjølv, eller om det er oppdikta, våger ikkje eg å svare på. Men måten han skriv på, gjev teksten eit meir personleg preg.

I oppveksten min
Var jeg en skyggelagt spire
Omringet av syriner og orkideer og roser

Men hele livet mitt
Har jeg sett mennesker visne
Jeg er lykkelig for å ha blomstret sent

Ved fyrste gjennomlesing vart eg ikkje like klok på alle dikta. Men ved runde nummer to, hadde eg skjønt meir av språket og væremåten hans. Dermed forstod eg meir av innhaldet, og skjønte dybden i enkelte av dikta. Nokre dikt er rett fram, medan andre må du verkeleg sitja å grubla litt over for å finna eit mogleg bodskap.

Forfattar skriv i sin prolog at han ikkje skreiv noke før, medan han no ikkje klarar å stoppe, og at han er på evig leiting etter universell visdom. Ein ting er hvertfall sikkert, og det er at han må fortsette å skrive dikt, og fortsette å gi ut diktsamlinger. Med sitt spennende språk, og si eiga form å skrive dikt på, er han ein viktig bidragsyter i denne sjangeren.

Med store ord, filosofiske betraktninger og spennende vinklinger, har Henriksen skrevet om det universelle livet på jorda. Med boka «En sky av røyk i luften» viser han sitt mangfald i sin diktning. Anbefales.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s