Nattklovnen av JR Henrixen

Fyrstebetjent Jan Petter Salte, og hans gruppe i restanseavsnittet får nok ei vanskeleg sak på bordet. Dette er god politikrim med ein god dose humor.

  • Norsk tittel: Nattklovnen
  • Forfattar: JR Henrixen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 458
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: A1 Fakta

Jan-Robert Henriksen (Født 1958) har jobba 28 år i politiet. På CV’en sin kan han føre opp politietterforskar, jurist og komikar. Og det er som komiker og buktalar han har blitt ein kjent figur, med over 3500 show på samvittigheita, produsert egne teatershow, vert gjest i mange TV-program og produsert egne TV-show. Han har tidlegare gitt ut to humorbøker; «Er dette menneskets beste venn?» og «LIVET…lissom..». «De udugelige» som mom ut i 2018, er hans fyrste krimbok. Sidan har han gitt ut «Stålrosen» i 2019 og «Nattklovnen» i 2020.

Når internett blir et våpen. Norske myndigheter mottar informasjon om at Norge er mål for en stor, internasjonal cyberoperasjon. Samtidig er en spioner plassert og gjemt et sted i landet, på jakt etter informasjon om vårt nye, hemmelige nettforsvar. Politiførstebetjent Jan Petter Salte er en nidkjær familiefar og tidligere marinejeger. Salte ser ting andre ikke ser, men er henvist til å lede en etterforskergruppe som henlegger småkriminalitet. Nå skal en storstilt spionjakt snu opp-ned på livet hans.
Nattklovnen er en krim for deg som liker å bryne hodet, bite negler – og humre!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nattklovnen».

Dette er bok nr 3 om fyrstebetjent Jan Petter Salte, og hans folk i restanseavsnittet. Dette avsnittet skal henlegge saker, samtidig som det skal sjå ut som dei etterforskar sakene fyrst. Boka kan fint lesast frittståande, men ved fullt utbytte av boka, rådes det til å lese «De udugelige» og «Stålrosen» fyrst. Dette er politikrim, der taktisk etterforsking og avhør er ein stor del av innhaldet.

For dei som er nye i denne serien, og startar med «Nattklovnen» kan alle bekjentskapa i starten av boka vere overveldande, sidan det er mange navn og titlar som kjem på løpende bånd i fyrste del av boka.

I tillegg til den vanlege gjengen i gruppa, kjem det også inn ein ny karakter som skal hospitere på restanseavsnittet. Louise Veronika er ein politistudent som er eit nervevrak og i utgangspunktet udugelig som politi, og med ein autoritær far som overhodet ikkje ynskjer at ho skal jobbe i politiet, skapes det gnisninger og ein bi-historie som er spennende å fylgja med på.
Siden det er mange forskjellige personligheter og egenskaper hos karakterene i romanen, har Henriksen mange strenger å spele på. Noko han også gjer meget godt.
Min personlege favoritt er moroklumpen Johnny Jensen. Ein oppegående politimann med særs kvikke og humoristiske kommentarer. I denne boka er han derimot ikkje like involvert, då han har tatt permisjon for å reise rundt med eit stand-up show. Heldigvis er han ofte innom gruppa og slenger rundt seg med morsomheter.

Jan Petter ristet på hodet, hvordan hadde media klart å skrape sammen så mye info på et par timer? Politiet hadde opplagt et lekkasjeproblem. Ifølge Johnny burde alle i etaten bruke Tena Lady.

Karaktermessig saknar eg meir informasjon frå dei enkelte gjennom privatlivet, då me hovudsakleg vert kjent med dei gjennom jobben. Men enkelte små drypp her og der får me servert, men skulle likevel ynskja å sett personen bak maska dei tar på seg når dei er på jobb.

Plottet og historia er meget bra. Det foregår parallelle saker, i tillegg til å fylgje ein mannsperson, som kanskje kan ha noko med saken å gjera. Etter ein roleg start, byrjar det å bygge seg opp til noko stort og heftig. Slutten på boka er særs actionfullt, og vel verdt all grubling og fundering undervegs.
Forfatter er óg dyktig til å inkludere bi-historier i form av konflikter som personer har, og ikkje minst innad i politiet, på ein naturleg og god måte. På denne måten klarar han å ha eit godt driv, sjølv om det er småstopp i spenningsdelen.

Seilbåten gynger, og telefonen tippet over dekket. Den sneiet fenderen og falt som et blinkende skjell i dypet, passerte og lyste opp ansiktet til eieren et langt sekund. Så sluknet telefonen også. Tok farvel.

Språkmessig er Henriksen i toppsjiktet. Det er lett og lekent, og med over 100 kapitler i denne boka, vert den særs lesevennlig. Ein anna ting som er verdt å nevne, er utsjånaden på boka. Med sin svarte farge på sidekantene, vert den eit aldri så lite blikkfang der den ligg.

Humor er ein viktig ingrediens i serien om Jan Petter Salte. Men det er likevel ein seriøs politikrim, som er både spennende og inneheld alvor og viktig tematikk. Humoren kjem fyrst og fremst gjennom enkelte dialoger og små bemerkninger, som gjer at ein trekk på smilebåndet innimellom.

Henriksen er flink å legge vekt på dette med å finne fellende bevis. Han skriv om den lange veien fra å finne ein mistenkt, til å kunne bevise over enhver tvil at vedkommende er skyldig. Det skaper ein god dose realisme til historia, og viser kva politiet står overfor ved ei etterforsking.

«Nattklovnen» er ein god politikrim med humoristisk snert i enkelte av dialogene. Med spennende karakterer og eit godt språk, kan eg varmt anbefale denne romanen frå forfattar JR Henrixen.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s