Den hvite morgenkåpen av Vibeke Berg

Kva skjer med fosterforeldre som har oppdratt barn gjennom 13 år, for så plutselig få det eine barnet fjernet frå heimen av barnevernet? Dette er ei sann historie, der ein kjemper ein innbitt kamp for å få barnet tilbake.

  • Norsk tittel: Den hvite morgenkåpen
  • Forfattar: Vibeke Berg
  • Sjanger: Dokumentar, Sann historie
  • Antall sider: 169
  • Utgivelsesår: 2014
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Vibeke Berg er eit pseudonym. Ho kom med dokumentarboka «Den hvite morgenkåpen» i 2014.

Tenk deg en lørdag ettermiddag i juni, en uke før en etterlengtet ferie. Den yngste av i alt seks barn er i full opposisjon og uka har vært utfordrende. Hun syns vi helt håpløse, vi er så strenge, hun kan ikke bo her. Ingen har det sånn hjemme!
I løpet av de neste tre timene er hele vår verden snudd på hodet. Datteren vår har tatt en telefonsamtale og før vi vet ordet av det, står det to fremmede kvinner i stua vår. De tar henne med seg.
Dette er en sann historie – skrevet av meg som har vært fostermor for to barn i 13 år. Det er ikke lagt til noe eller trukket fra noe. Dette skjer med oss som påtar oss den viktige oppgaven med å ta vare på barn som trenger det.
Jeg har savnet litteratur om å være fosterforeldre. Så vidt meg bekjent er dette den første boka. Jeg har valgt å skrive om en liten del av det som skjedde. Resten lar seg ikke gjenfortelle.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Den hvite morgenkåpen».

Etter å ha vert fosterforeldre i 10 år, kjem barnevernet inn og tar fosterdotter deira, Anne, med seg og reiser igjen. Dette er ei sann historie om fosterforeldres kamp mot barnevernet.

I 1999 vart dei to barna til forfatters yngste syster plassert i ein beredskapsheim. Våren 2001 vert Vibeke og Harald fosterforeldre for desse to barna, Anne på seks år, og Chris på åtte år. Når Anne er 16 år, byrjar problema med barnevernet. Anne byrja å klage til tilsynsfører at foreldra var for strenge, og trakk tilbake hennes fritidssysler som straff. Dette vert starten på eit mareritt, og ein lang og tøff kamp er i vente.

Boka inneheld faktiske rapporter, brev, vedtak, diverse forskrifter og rettsmøter. Det er óg ein god del dagboksnotater frå forfattar sjølv frå denne tida.

Forfattar hopper litt fram og tilbake i tid, men sjølve saken byrjar sommaren 2010, og avsluttes vinteren 2014. Kvart kapittel er veldig godt merka med årstall, og kva den inneheld, noko som gjorde boka veldig oversikteleg.

For ein utenforstående, så synes eg dagboknotatene, som er skrevet i nuet, var mest spennende og interessant. Her fylgjer me ei fostermor og ein fosterfar som verkeleg bryr seg om Anne og vil ho alt godt. Dei ser på ho som si eiga dotter, og dagboknotatene levner ingen tvil om at ho er høgt elska. Ein les også om nedturen og dei fysiske og psykiske smertene når ho vert tatt ifrå dei. Måten det skjer på, er det som sjokkerer forfattar mest. I desse notatene kjem ein heilt nær situasjonen dei er oppi, og gjer eit sterkt inntrykk.

Annes handlinger er ikke styrt av egen innsikt eller viten om hva som er riktig, men av lyst og spontanitet. Til helvete med alle teorier og lærdommer, vi elsket henne, kjente henne og så henne. De tok henne fra oss.

Hovuddelen av historia er sett frå fosterforeldras synspunkt. I så måte kan det verte eit unyansert syn av saken. Ein får likevel eit godt innblikk i saken gjennom rapporter, korrespondanser og møter med tilsynsfører og barnevern. Utover i boka klarer ein å danne seg eit godt og heilhetlig bilete, noko som gjer at eg som leser lever meg meir inn i den drakampen det faktisk er mellom fosterforeldra og barnevernet.

Boka er godt komponert, der ein ikkje vert overvelda av informasjon, men at det kjem gradvis meir og meir. Språket er godt, og forfattar klarer å få fram mange av sine poenger på ein enkel og grei måte. Det vert ein del rapporter og korrespondanse-tekst, så eg skulle gjerne sett at ho skreiv meir fra hjertet, som ho har gjort med dagboknotatene.

Eg synes Vibeke Berg klarer å mane frem eit ærleg bilete på sine og mannens synspunkter og det følelsesmessige rundt. Ein les om den sønderknuste mannen som gråter og hulker seg i søvn, om ho sjølv som er fryktelig bitter, sint og såra over alt barnevernet har stelt i stand. Dei var i ferd med å skape ein trygg heim med struktur og faste rammer, då dei vert råka av eit personleg jordskjelv.

«Den hvite morgenkåpen» er ei bok som engasjerer. Den vil nok vere ekstra interessant for personer som har vert, eller er i ein liknande situasjon. Den er godt skrevet, og har eit innhold som gjer at ein «må» lese til siste side, for å finne ut kva som skjer til slutt. Ei god og viktig bok som belyser eit sårt tema. Boka kom ut i 2014, men er nok like dagsaktuell den dag i dag. Anbefales.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s