Napalm Death rolig i bakgrunnen av Einar Ilner.

Sju personer søkjer hevn. Saman er dei forplikta til å hjelpa kvarandre med hevna. Dette er ein morosam og varm roman om samhald, sjølv om da kan gå litt skeis innimellom.

  • Norsk tittel: Napalm Death rolig i bakgrunnen
  • Forfattar: Einar Ilner
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 323
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Tears Back In Press – Ilner Forlag

Einar Ilner (Født 1972) er til dagleg lærer i Osloskulen. I 2021 gav han ut romanen «Napalm Death rolig i bakgrunnen». Ei bok som er tilegnet alle som ikkje kan leve utan musikk.

Hat er oppkvikkende. Men har man eigentleg godt av det? «Napalm Death rolig i bakgrunnen» er historia om sju godt vaksne menn som på rundgang hjelp kvarandre med hevn, i en slags prosjektdrevet nettverkskonstellasjon. Bak initiativet står Siver (Siv), bibliotekar og familiefar, ein dreven rusmisbruker med minimal tiltru til rettsvesenet i Noreg, etter det som hendte den eldste dattera hans.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Napalm Death rolig i bakgrunnen».

Dette er ein roman om sju personer, som på kvar sitt vis søker hevn for ting enkelte har gjort mot dei opp gjennom åra. Romanen er veldig annleis enn eg såg for meg ved fyrste augekast.

Da er sju hovedkapitler i boka, ein for kvar person i vennegjengen. Jeg-personen i boka er Siver, eller Siv blant vener, som er hovedkarakteren i boka. Me skjønar tidleg at da er noko som tynger han, og som har gjort til at han er på dette stadiet i livet. Da meste foregår rundt han, og han er ein særs levende og karismatisk karakter. Utover i boka lærer dei seg sjølv og andre å kjenne, etter kvart som dei samarbeider for å skape balanse i det dei meiner er urett som er gjort mot kvar enkelt av dei. Bokidéen er original, og til tider morosamme hendingar og dialoger.

«Jeg kommer til å huske en kveld hvor hun gikk notorisk sur rundt i leiligheten. Så stygg man blir med et slikt fjes, tenkte jeg, og det forplanter seg til alt man har på seg. Klærne henger surt på kroppen, fargene blekner og man får sur gange. Leiligheten blir en iskald slette og sengen en revesaks. Men dagen derpå stod hun først opp, og idet hun passerte min side av sengen på vei ut av soverommet vårt kjente jeg det: øm klyping i en tå, og jeg husker hvordan jeg smilte lykksalig i oppskaket halvsøvne, for slike øyeblikk betyr alt.»

Desse sju personane har laga ei pakt seg i mellom, ei pakt som riktignok vart inngått i fylla. Men der får kvar og ein hevne seg på ein person, og alle skal hjelpe til for å fullbyrde hevnen. Dei tar på mange måter lova i eigne hender. Men fellesskapet og samhørigheta dei i mellom er beundringsverdig. Planlegginga og utførelsen på aksjonene er nok meir blanda, men ein får medfølelse med særskilt to-tre av karakterene, då alle har sin plass i gruppa. Nokre veks på aksjonene, andre trekk seg meir tilbake.

Da tok tid før eg kom inn i språket og handlinga. Fyrste kapittel satt eg litt som eit spørsmålstegn, men etterkvart som historia skred fram, fant eg tonen med både språk og innhald. Eg forstod meir av kvifor og kven desse personene var, og synes det vart ei interessant og artig lesestund. Karakterene har eit stort følelsesregister, og nokre tar eit oppgjer med seg sjølv. Kvar for seg er dei nokre forunderlige personer, men samla er dei eit godt team.

Tittelen på boka er særs merkverdig, når ein ikkje kjenner til innholdet. Men eg fant den hysterisk morosam når ein skjøner kva som ligg bak, og kva musikk Napalm Death eigentleg speler. Veldig bra påfunn.

På mange måter er det enkelthistorier som heng saman. Me fylgjer dei slavisk, og får veta meir om bakgrunnen deira, og om dei kvardagslege problema dei slit med. Dei er vidt forskjellige personligheter, og da oppstår enkelte småkonflikter undervegs. Hovedhandlinga foregår i og rundt Oslo, men dei er óg ein tur innom Shanghai.

Humoren er litt mørk og sær. Dialogene i vennegjengen er særs innholdsrike. Her diskuterer dei alt frå kvifor det ligg ein japansk restaurant i Kina, til om ein bør legge sokker parvis eller enkeltvis inn i vaskemaskinen. Den reisa eg som leser får vera med på, er i grunn litt vanskeleg å forklare. Du bør nesten lese boka for å forstå kva eg meiner.

Da er mange avstikkere frå historia. Forfattar skriv masse om mangt. Noko er betydningsfullt for da som skjer seinare, andre ting er berre svada, og ein rister oppgitt på hovudet. Sånn i ettertid så kan eg ikkje nekte for at enkelte av desse avstikkerne faktisk var artige, sjølv om da til tider var meiningslause dialoger.

Sjølv om da er humor og spesielle særtrekk på karakterene, så ligg det eit alvor i botn av forteljinga. Da er ein grunn til at kvar av dei skal hevne seg på ein spesifikk person. Nokre har betre grunnlag enn andre. Forfattar er inne på eit viktig tema, nemleg straffeutmåling og norsk lovgivning i saker som dessverre råker mange personar kvart år.

Ilner kjem med mange artige betraktninger og enkelte bisarre scener. Som når han samanliknar ein ølmage med ein varde, eller når da er ein gjeng med amerikanske ekspresidenter i ein skog i Drøbak. God fantasi og til tider morosamt.

Dette er ein varm og morosam roman, som er litt utenom det vanlege. Da er så mange historier i historien, at ein til slutt slit med å leggja boka frå seg. Eg håpar da kjem fleire bøker om denne gjengen, for det vart etterkvart fornøyelig lesing.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s