Der sannheten dør av Michael Cross

John Brodie vert vikla inn i ein omfattande konspirasjon, der han står åleina mot ein usynleg fiende. Datoen er ellevte september, stedet er New York… Dette er ein intens og spennende thriller.

  • Norsk tittel: Der samnheten dør
  • Forfattar: Michael Cross
  • Sjanger: Thriller, Spenning
  • Antall sider: 456
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Michael Cross er eit pseudonym for ein norsk forfattar, som er busatt på Sunnmøre. Han debuterte som forfattar med thrilleren «Der sannheten dør» i 2019, og har planene klare for ein oppfylgjar.

John Brodie, ein forhenværende Navy Seal og Secret Service-agent, har blitt lei spesialoppdrag, krig og spenning, og er på veg over i ein roleg skrivebordsjobb i Washington DC. I tillegg har han kjøpt ring, i den hensikt å fri til kjærasten. Men ellevte september endrar alt. Brodie vert mot sin vilje dratt inn i ein omfattande konspirasjon, der han vert ståande åleine mot ein usynleg fiende med nærast ubegrensa ressurser. Ein samanhengande spiral av vold, død og terror truar med utslettelse både for han sjølv og hans næraste. Brodies gjemte ferdigheter vert på nytt vekka til live når han mot sin vilje vert tvunget til å svara på truslane. Dette er ein intelligent, fartsfylt og tidsaktuell thriller som drar lesaren bak forhenget og inn til ein ukjent, dyster og skremmande verden, der uhyggelige og kyniske maktmennesker etterkvart vert synlege på den blodige arenaen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Der sannheten dør». Det skal også nevnes at eg har lest bok frå 3.opplag, utgitt i 2020.

Dette er ein fartsfylt thriller med mange drap, og heftige scener i form av slåsskamper, våpenbruk og action.

Boka startar med eit møte i eit hemmeleg broderskap. Eit broderskap bestående av særs mektige personer i USA, som tidlegare presidenter, militærledere, ledende politikere osv… I dette møtet kjem da fram kvifor dei har planlagt eit scenario, og kvifor dei på død og liv må legge lokk på dette. Eg som lesar vert dermed umiddelbart dratt rett inn i problemstillinga for boka, noko som skapar spaning nærast frå fyrste side.

Handlinga foregår i USA. Tida er rundt ellevte september, og da skjønar nok dei fleste kva boka vil handle om. Eg synes at Cross har kommet med nokre særs gode konspirasjonsteorier. Han klarar å spele dei heilt ut, og ein sit att med ein tanke som «tenk om..». Når eg som lesar har den tanken, så har forfattar lykkes med plottet og historia si til fulle.

Boka er som nevnt fartsfylt, og innehar intense kampscener. Likevel så føler eg at framdrifta i forteljinga av og til stopper opp. Dette i form av kanskje litt vél masse detaljskildringer om omgivnadane, og at ein overanalyserer enkelte situasjoner. Dermed mister boka litt av sin rytme sånn innimellom dei store scenene.

Når boka er spennande, så klarar forfattar å dra meg rett inn i handlinga, der eg gløymte tid og sted, og handlinga er som tatt ut av ein intens actionfilm med Bruce Willis i hovedrollen. Romanen er altoppslukende, og sidene og tida berre fyke avstad.

Hovedkarakteren er John Brodie. Ein karismatisk og tøff type, som har sin spesialitet å lukte når eit problem kjem til å oppstå, og som er trent opp til å løysa det på ein måte som avvæpner motstandaren på ein enkel måte. Men når motstanderen no er av da meir usynlege slaget, kva då? Eg følte eg ikkje kom så veldig under huda på karakteren, da vart meir på da overfladiske nivået. Men dette er fyrst og fremst ein thriller, så eg kan skjøna at forfattar prioriterer andre ting.

Me fylgjer fleire forskjellige personer i romanen, nokre i form av enkeltepisoder. Enkelte er meir perifere enn andre, men saman utgjer dei heile biletet i historia.

«Det lille sorte og sirkelrunde merket på mannens høyre tinning var knapt synlig like over de sorte solbrillene. En liten, tynn stripe av blod rant ut fra den mørke prikken, nedover kinnet og videre nedover mot halsen, før den til slutt forsvant inn bak skjortesnippen».

Forfattar har stålkontroll på flytyper, biltyper og informasjon om våpen. Her er det brukt ekte navn og riktige egenskaper, noko som gjev romanen truverdighet.

Makt, konspirasjonsteorier, usynleg fiende, mot, topptrente agenter, intense scener, likvideringer og ein drivande god historie er nokre av ingrediensane i denne romanen. Eg følte eg leste ei bok av Clive Cussler eller Tom Clancy. At denne boka er skrevet av ein mindre kjent norsk forfattar under eit pseudonym er særs imponerende, og eg vert ikkje overraska om romanen vert plukka opp av større forlag, eller vert å finna hos bokhandlarar utanfor landets grenser.

Språket er meget bra og dialogene flyt godt. Plottet har tatt utgongspunkt frå ei verkeleg hending, og gjort om til fleire spanande og intense teorier om kva som kan ha skjedd. Ein kjenner seg att i mange av bileta og inntrykkene som rulla over TV-skjermen rundt om i verda. Likevel har Cross gjort da til sitt eget, og klart å skapa eit truverdig univers. Eit univers som er så skremmende og mørkt, at ein kan miste synet på medmenneskelighet fullstendig.

Likar du thrillere? Spenning? Action? Konspirasjonsteorier? Då anbefaler eg denne boka på det varmeste. «Der sannheten dør» inneheld alt ein god thriller skal ha, og har eit høgt nivå over seg. Dette er rett og slett ein strålende debutroman, og eg gleder meg allereie til oppfylgjaren.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s